JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Klimakvotar skal berga budsjettet

EU skal få nytt budsjett. Fyrst og fremst ser det ut til at EU-kommisjonen vil straffa Ungarn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Presidenten for EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, la onsdag fram forslag til nytt EU-budsjett. Men sjølv tek han ikkje ansvaret for å få det gjennom. Han går av neste år.

Foto: Francois Lenoir / Reuters / NTB scanpix

4319
20180504

SAMTALEN

Paal Frisvold

EU-kjennar

AKTUELL

Denne veka vart framlegget til nytt EU-budsjett presentert.

jon@dagogtid.no

Denne veka la EU-kommisjonen fram langtidsbudsjettet som skal gjelda frå 2021 og sju år framover. Om vi held Storbritannia utanfor, legg kommisjonen under Jean-Claude Juncker opp til ein vekst i utgiftene på 8 prosent til 1135 milliardar euro. Det vert likevel ikkje meir enn 1,1 prosent av forventa verdiskaping (BNP) i EU.

Paal Frisvold har vore leiar for Europarørsla, og han har arbeidd inn mot EU i 20 år i Brussel.

– Er 8 prosent vekst realistisk når EU-landa framleis må betala ned på skulda etter finanskrisa?

– Vel, budsjettet er langt under det felles tysk-franske framlegget og mykje mindre enn det EU-parlamentet vil ha. Men greia er at dette budsjettet er heilt ulikt tidlegare budsjett, og det av fleire grunnar. Den fremste endringa er at ein tek inn inntektskjelder som før har vore utanfor budsjettet. Det gjer dei på særleg to område: Dei vil ha tak i pengar frå klimakvotane. Inntektene frå desse har fram til no gått rett i statskassa i einskildlanda. Det andre er at kommisjonen no òg vil ha toll som vert betalt ved passering av EUs yttergrense. Tollen har fram til no hamna hjå medlemane. Ein treng ikkje vera spåmann får å sjå at dette kjem til å provosera medlemslanda kraftig. På den andre sida er det EU som handhevar desse områda, og dimed er det ein viss logikk i at kommisjonen òg vil ha inntektene.

– I tillegg vil dei leggja om reglane for regionalstønad?

– Ja, og her byrjar det å verta særs problematisk, eg vil vel seia at framlegget her minner litt om det kommunistlanda held på med. Men det handlar altså om leiaren i Ungarn, Viktor Orbán. Han har nytta 23 millionar euro til annonsar i ungarsk presse, og i desse har han svartmåla EU, særleg på immigrasjonsområdet, men òg på ei rekkje andre område. EUs kommunikasjonsbudsjett er på 22 millionar, altså mindre. No vil kommisjonen at utbetaling av støtte skal baserast på prinsipp som gjer at ein vert økonomisk straffa om ein held på slik som Orbán gjer. Dette luktar utpressing. Ein kan forstå at kommisjonen vil gjera dette; det er noko underleg over den svartmålinga når vi veit at EU-støtta til Ungarn utgjer mellom 6 og 8 prosent av ungarsk BNP. Her kjem nok kommisjonen til å møta massiv motstand frå Aust-Europa.

– Og det luktar vel litt Juncker òg av dette. Er han rett mann til å få budsjettet gjennom?

– Nei, men det skal han ikkje, om vi skal tru han sjølv. Han seier gudskjelov at han vil gå av i 2019. Det er den personen som tek over for han, som får hovudansvaret. Dette er ein langdryg prosess, og EU-parlamentet har endeleg vedtaksrett, så her er det berre å smørja seg med tolmod.

– Kven skal få meir pengar?

– Det er tre prioriterte felt: vern av yttergrensene, ungdom og forsking. Grensestyrken skal opp frå 1200 mann til 10.000. Det kostar pengar. Forskingsprogrammet Horizon Europe, som dei no skal kalla det, går frå 70 milliardar euro til 100 milliardar, i tillegg kjem altså støtte til ungdom.

– Men dette er vel fornuftig? EU heng etter på alle desse tre områda?

– Det har du heilt rett i. EU har vorte tildelt ei rekkje nye oppgåver, då må dei òg ha pengar til desse. Alle klagar til dømes over landbrukspolitikken, men kommisjonen prøver faktisk å gjera noko. Gjennom rasjonalisering vil dei no redusera landbruksbudsjettet med 5–10 prosent. Dei to store pottane er regionalstøtta og landbruksstøtta. Båe delar vil dei no rasjonalisera.

– Kvar hamnar Noreg i dette?

– Førre gong vi tinga om medlemskontingenten, kom Tyskland med eit framlegg om at for kvar krone vi betalte inn, skulle medlemslanda få redusert kontingenten sin tilsvarande. Her er det rett nok ikkje nokon fasit. Sveits er ein mykje større økonomi enn Noreg, men vi betaler meir enn dei. Og så er Storbritannia den store jokeren. EU-budsjettet taper i utgangspunktet mellom 8 og 10 milliardar euro på at britane går ut, men det ingen snakkar om, er at britane som no etter det meste å døma vil vera med i tollunionen, må betala for dette. Britane vert nok nytta til å saldera nokså mykje her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg vil vel seia at framlegget her minner litt om det kommunistlanda held på med.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis