Samfunn

Samarbeid og samrøre

Norsk media har aktivt støtta opp om den offisielle målsetjinga og politikken til det norske humanitær-politiske komplekset.

T.v.: Kirkens Nødhjelps Afrika-prosjekt fekk tidleg støtte frå utanriksminister Knut Frydenlund og ei av hans fyrste reiser gjekk til Sør-Sudan tidleg på 1970.talet. T.h.: Den då mest kjende journalisten i NRK, Per Øyvind Heradstveit vekte den norske bistandsinteressa i Sør-Sudan. (Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix)
Publisert Sist oppdatert

Perioden då Noreg som stat både debuterte som verdsutviklar, tok på seg ansvar for å vere med å utvikla 100 land og søkte å verte ei global stormakt i fredsmekling – og vart ein ny heim for flyktningar, asylantar og immigrantar frå dei same utviklingslanda – vart svært formande på nasjonsdanninga.

For korleis denne grunnleggjande endringa vart forstått og snakka om, spelte media ei særs viktig rolle. Alle som har levt i Noreg i desse tiåra, er vortne djupt påverka av medieforteljingane om Noreg i verda, ikkje minst av di skildringar om utviklingsproblem fekk fylgjer for korleis historia generelt vart forstått.

Verda via media

Sidan norsk utviklingshjelp går føre seg på «langt-unna»-stader, fekk media av strukturelle årsaker ei spesiell rolle som formidlar av røyndomen. Det var jo journalistane som førte utviklingslanda til Noreg. Svært få nordmenn hadde vore «i felten», med unnatak av dei som jobba med utviklingshjelp, og journalistane sjølve.

Medan folk flest har personleg røynsle frå kommunepolitikk, sjukehusstrid og vegbygging, og kjenner til land som USA og Spania, var dei fleste heilt utan eiga røynsle frå ofte vanskeleg tilgjengelege område i Afrika og Asia der Noreg dreiv bistand. Dei kunne berre vita det dei vart fortalde, og sjå det dei vart inviterte til å leggje merke til. Det norske folket var bokstaveleg tala overlate til journalistikken.

I slike situasjonar har media sjølvsagt spesielt stor makt, og difor er sjølvstendet til media særs viktig for korleis eit land lærer om omverda og mognar som nasjon. Realiteten var at media var usedvanleg lite uavhengig akkurat på dette feltet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement