¿ Saka som ikkje vil døy
Tre forfattarar prøver å setja punktum for politivaldsaka i Bergen. Lite tyder på at dei vil lukkast.
Frå pressekonferansen i Media City Bergen tysdag denne veka. Frå venstre sjefredaktør Frode Molven og forfattarane Tom Kristensen, Per Christian Magnus og Bjarne Kvam.
Foto Anne Iversen / Vigmostad Bjørke.
Lytt til artikkelen:
Fyrst ein litt personleg inngang: Unge lesarar veit neppe kor stor den såkalla politivaldsaka i Bergen var. Underskrivne drog i militære sumaren 1987. I troppen min var det to litt ekspansive og kanskje ikkje heilt truverdige bergensarar. Dei fekk straks spørsmål om dei hadde vorte banka opp av politiet. Det stadfesta dei. Dei påstod at dette var norma om ein kom i kontakt med politiet i Bergen. Vi andre var litt imponerte over dette. For vi hadde aldri opplevd noko så tøft når vi møtte lokale lensmenn og politi. Men, visste vi og dei fleste med oss, Bergen var ein annan stad.
I alle høve, boka Politivoldsaken, Norges største forskningsskandale kom ut tysdag. Ho er skriven av Bjarne Kvam, tidlegare Bergens Tidende-journalist og no advokat med doktorgrad, Per Christian Magnus, leiar av Senter for undersøkjande journalistikk ved Universitetet i Bergen, og Tom Kristensen, spenningsforfattar og økonom. Målet med boka er å setja punktum for politivaldsaka som har rulla og gått heilt sidan 1981. Alt no kan vi slå fast at forfattarane har mislukkast. Ei rekkje av dei som er nemnde i boka, protesterer kraftig mot hovudtesen, at rapporten «Voldskriminaliteten og dens ofre», skriven av studenten Gunnar Nordhus og sosiologen Edvard Vogt, var forskingsjuks.
Samarbeid eller ikkje?
I rapporten skreiv Vogt og Nordhus at dei hadde samarbeidd med 61 private ålmennlækjarar og 125 tannlækjarar i bergensområdet som hadde registrert valdsskadar. Forfattarane seier dei har snakka med 20 av dei som framleis er i live og skal ha samarbeidd med Vogt og Nordhus. Ingen av dei seier dei kan hugsa å ha vore med på eit slikt samarbeidd. Dei 20 seier vidare at dei ville ha høyrt om eit slikt samarbeid, sidan miljøet i Bergen var tett og lite på den tida. Dette er nye opplysningar. Bergens Tidende (BT) har i ettertid ringt 17 av desse. Nokre seier dei har snakka med forfattarane, men eit fleirtal seier anten at dei ikkje kan hugsa å ha møtt forfattarane, eller dei avviser det totalt. Alle seier rett nok at dei ikkje var med på ei kartlegging i regi av Vogt og Nordhus. Etter BTs oppslag har forfattarane lagt fram intervjunotat som syner at dei som ikkje hugsar å ha snakka med forfattarane, vart intervjua i 2014 og 2015. «Etter å ha tenkt meg om, er jeg ganske sikker på at jeg snakket med Bjarne Kvam om dette i forbindelse med boken, men jeg husker ikke når det var», seier Truls Breyholtz, som var leiar for Tannlegeforeningen i ei årrekke no til BT.
I alle høve stadfestar dei som BT har intervjua, det Kvam og Magnus påstår: at det ikkje var noko samarbeid, og at påstandane i valdsrapporten på dette feltet dimed er svindel. I denne saka går vi ut frå at det som står i boka, i hovudsak er rett. Men vi har ikkje ettergått påstandane og sitata. Det meste av boka er i alle høve bygd på opne og tilgjengelege kjelder. Det er ein god del ny informasjon i boka, men her konsentrerer vi oss om hovudlinene. Teorien til forfattarane er at så godt som ingen tok seg bryet med å lesa rapporten som tok for seg politivald i Bergen i 18 månader i 1974 og 1975, mellom anna av di rapporten var på 12.160 sider. Eitt av indisia på manglande lesing vart lagt fram på pressekonferansen. Kvam viste der fram tabellar om tannlækjarbehandling heilt tilbake til 1960-åra, og at ei rekkje av tabellane i rapporten synte det same, berre med ulik periodisering. Ein statistikar kunne òg fortelja at han hadde vore involvert i arbeidet med tabellane. Han hadde fortalt Nordhus at alle desse tabellane han hadde tinga, var tull og tøv, og at Nordhus var i ferd med «å dumma seg ut». Nordhus hadde avviste han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.