Politikk

Samisk kamp er eit generasjonsprosjekt

Sametingspresident Aili Keskitalo kjempar framleis for retten til eigedom og språkopplæring, kjernesaker på det første samiske stormøtet i 1917.

Sametingspresident Aili Keskitalo framfor Stortinget i 2017, i samband med demonstrasjonen for reindriftssamen Jovsset Ante Sara og kampen hans for å oppretthalde talet på reinsdyr i eigen flokk.
Sametingspresident Aili Keskitalo framfor Stortinget i 2017, i samband med demonstrasjonen for reindriftssamen Jovsset Ante Sara og kampen hans for å oppretthalde talet på reinsdyr i eigen flokk.

– Ho har handla i det stille, utan dei store faktene, seier Ole Henrik Magga, den første sametingspresidenten i Noreg, om den sitjande presidenten og partifellen Aili Keskitalo.

Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys, har kalla henne ein bauta og vektlagt at ho har lagt til rette for at kvinner kan nå fram i politikken.

Altfor store delar av sametingsbudsjettet har vorte brukte til rettskamp mot staten, meiner Arthur Tørfoss, Fremskrittspartiets gruppeleiar i Sametinget.

– Eg ser at mykje framleis er ugjort, seier presidenten sjølv.

I 2005 vart Keskitalo vald inn på Sametinget for Norske Samers Riksforbund (NSR), og ho starta den første perioden som president. Når Keskitalo går av etter sametingsvalet neste haust, legg ho bak seg til saman ti år som den øvste politiske representanten for dei norske samane, som i fjor talde 18.000 registrerte i Sametingets valmanntal.

Frå norsk til samisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement