Krev svar frå Solberg
Arbeidarpartiet har bestemt seg for å stille spørsmål til fleire om utnemninga av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør.
Dag Terje Andersen vil stille spørsmål både til statsministeren, næringsministeren og forsvarsministeren.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Embetspolitikk
vidar@dagogtid.no
Dag Terje Andersen (Ap), som nå leier kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, seier til Dag og Tid at det er all grunn til å fylgje opp denne saka. Han fortel at han i komitémøtet tysdag opplyste om at han vil stille spørsmål til statsminister Erna Solberg (H) om kvifor ho har slege inn på ein heilt ny utnemningspraksis ved å utnemne sitjande statsrådar til nye embetsstillingar. Han vil også ha svar frå næringsminister Iselin Nybø (V) om hemmeleghaldet av søknaden frå Bakke-Jensen, og frå Bakke-Jensen (H) om det same.
Spørsmåla blir sende når Stortinget har fått oversendt regjeringsprotokollane for andre halvår 2020. Regjeringa har frist til 15. februar med å oversende protokollane, som det er kontroll- og konstitusjonskomiteen si oppgåve å granske. Andersen har tidlegare vore stortingspresident og er oppteken av korrekt embetsførsel.
Kritikken mot utnemninga av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til fiskeridirektør har auka i styrke etter at avgjerda frå Sivilombodsmannen i klagen som Dag og Tid fremja mot hemmeleghaldet av søknaden hans, vart kjent.
– I SV har vi nå bestemt oss for å fremje eit konkret framlegg i Stortinget, eit såkalla dokument 8-forslag, som går ut på at Stortinget framleis, som i 1909, meiner at regjeringa ikkje kan utnemne nokon av sine eigne medlemer til nye embetsstillingar, opplyser Torgeir Knag Fylkesnes til Dag og Tid.
Han er nestleiar i næringskomiteen på Stortinget og nestleiar i SV.
Avisa Nordlys i Tromsø fremja på leiarplass måndag krav om at stillinga som fiskeridirektør må lysast ut på ny. Avisa skriv at måten utnemninga har skjedd på, «gjør at det er skapt inntrykk av en politisk ansettelse, som kan svekke den brede tilliten Fiskeridirektoratet er avhengig av langs hele kysten».
– Eg vil stille spørsmål, avvente svar og så konkludere, seier Andersen
Andersen kan fortelje at han sjølv, på bakgrunn av artiklane i Dag og Tid, har sett seg ned og lese igjennom referata frå stortingsbehandlinga av saka om sjølvutnemningane som Løvland-regjeringa gjennomførte då regjeringa gjekk av i 1908.
– Det er interessant kor sterkt og klart stortingsrepresentantane formulerte seg om den praksisen som Solberg-regjeringa nå har innført på ny, seier Andersen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Slaktetid
Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.
Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.
Foto: Den Nationale Scene
Den vanskelege, men nødvendige venskapen
I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.
Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Når Kielland stig ned frå sokkelen
Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.
Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.
Foto: Birte Magnussen
Ein mangslungen veg
Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.