JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Patriotisme på grasrota

TRIESTE: På alle kantar er dei liberale demokratia våre kringsette av aukande patriotisme – som no vinn val inne i sjølve Vest-Europa òg,
i Sverige og Italia. Har me noko sams med patriotane? Ja, at me trur verdiane våre er universelle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei italienske fødselstala er dei lægste i Europa. Ei kampsak for Giorgia Meloni i ytre høgre-partiet Fratelli d’Italia er å auka talet. Her frå bydelen Cavana i Trieste.

Alle foto: Håvard Rem

12259
20220930
12259
20220930

Italiensk val. Del 2

havard@dagogtid.no

Kva skal ein kalla kreftene som sigra i det italienske og svenske valet? Fedrelandskjærleik? Nasjonalisme? Patriotiske kjensler og verdiar ber i seg eit paradoks. Dei flammar fyrst verkeleg opp, i politikk og samfunn, når patriotane er overtydde om at verdiane deira gjeld for alle.

Slik sett er fotballen ærleg. Der vert patriotisme flagga som nettopp det: patriotisme. På andre livsfelt vert patriotismen gjerne pynta som noko moralsk opphøgd, helst noko universelt.

Fotball 1

Onsdag for to veker sidan: Daniel, eigaren av ein gastro- og fotballpub her i Trieste-bydelen Cavana, har reist i mange land, men budd i heimbyen heile livet. Han er bypatriot, ja, bydelspatriot, meir enn Italia-patriot. Musikken han spelar, er Madrugada, så eg gjev meg til kjenne som norvegese. Eg spør om han denne meisterligakvelden skal syna Manchester City–Dortmund på storskjermen. Han ser trist på meg:

– Diverre. Eg må nok syna AC Milan. Personleg ville eg heller ha sett City enn Milan.

– Kvifor, spør eg, Trieste og Milano høyrer båe til Nord-Italia.

Haaland ­–?mot gamleklubben, svarar han med eit breitt smil. Den norske spelaren kom til Manchester frå Dortmund, men er som Madrugada kjend i Italia òg.

Svekt og splitta

Smilet smalnar til eit pokerandlet når praten flyttar seg frå kampen i kveld til valet om nokre dagar. Mange italienarar snakkar motviljug om politikk ­– av ulike grunnar. Politikken er ei privatsak, som trua. Politikken er ei korrupt og vond verd. Den italienske politikken er berre til innvortes bruk, ikkje meint for turistar og deira bilete av det rause, varme landet busett av livskunstnarar som Daniel og eigenleg dei fleste eg møter.

Bareigaren stadfestar inntrykket eg dannar meg før valet – at patriotane røystar og ikkje-patriotane ikkje røystar.

Og om lag slik vart det. Valdeltakinga enda kring kritisk låge 65 prosent, med klår siger til høgresida.

I seinare tid har det vorte tydeleg i land etter land i Europa: Venstresida er svekt og splitta. Av di ho er svekt, treng ho breiare alliansar for å få fleirtal, og til sist er fleirtalet tapt jamvel for ei samla venstreside, som likevel ikkje er samla, men splitta.

Høgresida veks nok til å ta over fleirtalet. Offensiven deira kjem ikkje i midten, men ute på kanten, i Sverige som i Italia.

Daniel vil ikkje seia så mykje om saka:

– Giorgia Meloni har tette band til Ungarns statsminister, Viktor Orbán. Ho er ikkje demokratisk.

Høgreavvika

Om du fryktar framgangen til vestlege ytre høgre-parti, har du grunn til det. Medan metoo-, BLM- og flyktningrørslene har vorte svakare, held dei overrumplande brexit- og Trump-triumfane frå 2016 fram som ytre høgre-sigrar i vesteuropeiske val.

Frå utkiksposten vår i eit postprotestantisk Nordvest-Europa har me lett for å sjå på politiske rørsler elles i Europa og verda som avvik, no meir og meir som høgreavvik, vulgære avvik frå dei liberale verdiane som står på rett side av historia, verdiar som er universelle, og som me difor har rett til å gjera globale.

Men utanfor Vest-Europa er det ikkje dei liberale verdiane som har vore i ferd med å verta globale, det er dei illiberale. Nettet har snørt seg saman kring det verdiliberale Vest-Europa. Ikkje berre frå aust, frå Visegrad-landa og Russland. Ikkje berre frå vest, frå eit mindre liberalt USA og eit meir patriotisk Storbritannia. Ikkje berre frå sør, frå eit Nord-Afrika og Midtausten som likevel ikkje utvikla dei liberale demokratia det var von om.

Med vala i Sverige og Italia kjem avvika nærare. Ein ser dei ikkje til vanleg. Då ser ein unge aktivistar og aldrande meiningselitar forsvara liberale verdiar. Men ved val ser ein det. Veljarane er i fleirtal. Grasrota har på eit par veker røysta ytre høgre-parti til makta i Sverige og Italia. Høgreavvikarane byrjar å koma til makt inne i sjølve festningen til dei liberale verdiane: Vest-Europa.

Fotball 2

Fredag for ei veke sidan: Berre eit drygt døger før dei italienske vallokala opna, er valmøta avslutta. Men 50.000 italienarar er samla på San Siro stadion i Milano. Den italienske juvelen, herrelandslaget i fotball, møter England i ein avgjerande kamp i Nasjonsligaen, førebels mest kjend som UEFA Nations League, ei turnering som vert viktigare og viktigare. Mykje står på spel, ære òg.

Om to månader byrjar fotball-VM. Dit skal England. At Italia ikkje makta å kvalifisera seg, er ein nasjonal skandale. Landet har vunne VM fire gonger, men kom seg ikkje til førre VM heller, i 2018. At illiberale regime som Russland og Qatar får vera vertskap for eit av verdas mest sette arrangement, har ikkje hendt sidan sportsvaskinga i 1930-åra.

Italia slit i Nasjonsligaen òg. I den førre kampen, mot Tyskland, låg dei under 0–5. Ikkje sidan tidleg i Mussolini-tida har dei lidd eit slikt uhøyrt nederlag, mot Ungarn i 1924.

Eit liknande tap mot England fredagen før valet vil degradera dei til B-nasjon på nivå 2, og gruppespel mot land som Slovenia og Montenegro. Då vert VM endå vanskelegare å nå.

Klokka er halv ni om kvelden. Spelarane står oppstilte under nasjonalsongane. Fyrst gjestene, med lett endra tekst. For fyrste gong på 70 år syng dei engelske spelarane «God save the King».

Så heimelaget. Den 35 år gamle kapteinen Leonardo Bunocci frå Lazio spelar i kveld sin 117. landskamp, men tårene renn når han tek fatt på nasjonalsongen «Fratelli d’Italia»:

Brør av Italia,

Italia har vakna [...]

Frå Alpane til Sicilia [...]

La oss gå i samla tropp.

Me er budde på å døy.

Italia har kalla. Ja!

Mozzarella

Fratelli d’Italia-uttrykket er så kjært at ei restaurantkjede vel å spela på det. I ei gågate ser eg skiltet: Fratelli la Bufala, Brør av bøffelen, av hobøffelen som gjev mjølk til mozzarella-osten.

Orda vert nytta av landslaget og pizzakjeda, men partipolitisk òg. Partiet som i desember kan feira tiårsjubileum, og som no i september vann valet like suverent som landslaget vann kampen mot England, tok freidig nok namnet sitt frå fyrste line i nasjonalsongen. Giorgia Melonis patriotisme manglar fikenblad.

Kven vil vel ikkje gje «Ja, vi elsker» si røyst? «Fratelli d’Italia» har Noregs nemesisar sunge kvar gong dei har sendt Noreg heim frå meisterskap, frå Frankrike-VM i 1998, USA-VM i 1994, Frankrike-VM i 1938 ­–?og Berlin-OL i 1936, etter at me fyrst hadde slått Tyskland, med Hitler på tribunen, det året han og Mussolini fann saman i støtte til Franco.

Sysken av Italia

At noko så uvanleg i italiensk politikk som ei kvinne, Giorgia Meloni, leier partiet med det karslege namnet, gjev opphav til ordspelande overskrifter som «Syster av Italia». «Fratelli d’Italia» vart skriven i 1847, i ei tid då ein gjerne kjønna eit folk, som i nasjonalsongen me sjølve song i 1847, H.A. Bjerregaards «Sønner av Norge», før me fekk «Ja, vi elsker» (1859), som heller ikkje var nøytral, for Bjørnson kalla han ein «Fædrelandssang». Fedreland og patriot er to ord i nær slekt på mange morsmål.

Slik skreiv ein i gamle dagar, i Bibelen òg. Fyrst i nyare tid, og då helst i liberale og postprotestantiske land, vert bibelomsetjingane avkjønna med søner og brør omsett som born og sysken.

I katolske Italia går ikkje det, mellom anna av di italiensk ikkje har eit eige, kjønnsnøytralt ord for sysken ­­­­– sett bort frå at fratelli har ei slik tyding òg. Når Meloni eller det italienske kvinnelandslaget syng nasjonalsongen, kan dei med ein viss rett tenkja at dei syng: «Sysken av Italia, Italia har vakna.»

Religionshypotesen

Har framgangen til ytre høgre med religion å gjera? Religionen står sterkt i mange illiberale land. Og motsett: Liberale verdiar står sterkast i dei landa i verda som har vorte mest sekulariserte. Som er kva for land? Dei tidlegare protestantiske landa i Nordvest-Europa. Lutherdomen synte seg som ein snarveg til sekularisering.

Men ein slik religionshypotese vert motsagd av valet i Sverige. Høgreradikale vann valet i eit av verdas minst religiøse land.

Så kva er då drivkrafta? Handlar det om ein slag patriotisme?

Som liberale, postprotestantiske nordvesteuropearar er me, i eigne auge, snart det einaste ikkje-patriotiske område att på jorda. Og ser ein ikkje berre geografisk på det, men demografisk òg, verkar nettet endå meir samansnørt. Dei liberale verdiane held stand i aldrande folkesetnader med låge fødselstal. Å venda den demografiske utviklinga er ei av hovudsakene for både Orbán og Meloni.

Kamp for høgare fødselstal smakar av patriotisme, sett med liberale auge. Medan dei illiberale slåst for nasjonale og ideologiske, religiøse og etniske særinteresser, ynskjer dei liberale demokratia ei betre verd for alle på jorda.

Slik likar me å tenkja. Men får ein ei kjensle av at eigne verdiar er universelle, skal ein vakta seg. Lite gjer folk meir patriotiske enn trua på at eigne verdiar gjeld for alle. Kva har vel ikkje religiøse og ideologiske eldsjeler sams? Jau, at dei ser på verdiane sine, anten dei er messianske eller muslimske, monetære eller marxistiske, som universelle.

Noko har faktisk dei liberale og illiberale, patriotane og ikkje-patriotane sams: At dei ser på verdiane sine som universelle.

Fotball 3

Måndag for fem dagar sidan: Dagen etter Italia-valet og Giorgia Meloni-sigeren lyder «Fratelli d’Italia»-songen nok ein gong, no i Budapest, der 57.000 ungarar skal sjå landslaget sitt ta seg til det gjæve finalespelet i Nasjonsligaen. Er Orbán på tribunen? Eller Meloni? Ungarn vert gruppevinnar om dei ikkje taper heime.

Men det gjer dei. Laget som slo England sist fredag, er i ein sigersstraum. Italia slår Ungarn, vinn gruppa og går frå eit mogeleg nedrykk til finalespel. Patriotiske italienarar kan no feira både gruppe- og valsiger. Jau, så kort kan han vera, vegen frå Den tarpeiske klippa til Kapitol.

Den motsette vegen er kort, den òg. Dagen etter står me på eit utselt Ullevål, på supportertribunen Oljeberget, i raude landslagstrøyer, omgjevne av flagg og kongebilete, og syng «Ja, vi elsker» i lag med spelarane. Men det renn meir ketsjup enn tårer.

Og slik Italia vann dei to siste kampane og dimed gruppa, tapar me dei to siste og dimed gruppesigeren. Det er heilt stilt mellom dei raudkledde i den overfylte T-banevogna ned til Majorstua. Vel heime er det patriotismen me vrengjer av oss og hiv i skitentøykorga i lag med den raude drakta.

Hugs denne hausten

I kveldsnyhenda får ein nederlaget i reprise, med ein sjølv som ein prikk i eit raudt og lite brusande folkehav, fylgt av austersjøbilete av eit brusande hav der gassleidningane er øydelagde. Ikkje alle har vrengt av seg patriotdrakta.

Austersjøbileta vert fylgt av nyhende frå Moskva og Teheran. Eit paradoks kjem til syne, som om den vande verda er vendt på hovudet: Medan liberale verdiar taper i val i det liberale Vest-Europa, ser ein kamp for liberale verdiar i illiberale regime som Iran og Russland.

Av di det er i illiberale regime kampen går føre seg, veit me ikkje kor omfattande han er, og kor mange aktivistar som ofrar liv, helse og fridom for å fremja liberale verdiar.

Men dette vil me hugsa frå denne hausten: I den liberale verda er det tilsynelatande illiberale ytterkrefter som markerer seg. I den illiberale verda er det tilsynelatande liberale ytterkrefter som markerer seg.

Gjev det von? Og i så fall for kven?

Å verta skråsikkert overtydd om at eigne verdiar er universelle, er som nemnt kjenneteiknet til dei verste patriotane. Så kva hender med vår eigen kamp for liberale verdiar den dagen me audmjukt må innsjå at verdiane våre ikkje er så universelle som me har trudd?

Vert dei då svekte eller styrkte? Kva hender med dei liberale demokratia om kampen for dei ikkje lenger vert rekna som ei opphøgd krossferd for ævelege verdiar, men som uttrykk for vestleg patriotisme?

Eg veit ikkje. Eg veit berre at dei neste vala vert meir spanande å fylgja enn det norske fotballandslaget. Etter tapet på Ullevål tysdag spelar dei ikkje teljande landskampar att på lenge. Men parlaments- og presidentval skal rulla og gå over Europa framover, i land som Austerrike, Finland og Danmark, Tyrkia og Hellas. Fylg med.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis