På tilliten laus

Unge Venstre i Oslo vil fase ut bruk av dyr i matproduksjonen. – Då har vi ikkje gjort jobben godt nok, seier Kjersti Hoff, nyvalt leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Kjersti Hoff er ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. – Landbruket er i ei brytingstid, seier ho.
Kjersti Hoff er ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. – Landbruket er i ei brytingstid, seier ho.

Året 2018 har ikkje vore noko heldig år for norsk landbruk. Bøndene har produsert for mykje av både egg, fleire typar kjøt og mjølk, inntektene deira har gått ned, tørkesommaren har gjeve dei for små avlingar til å kunne fø dyra og deira eige salssamvirke har medverka til import av tonnevis med kjøt i konkurranse med det dei sjølv produserer. I tillegg har forbrukarane vorte meir usikre på om norsk mat er tryggare enn utanlandsk mat, og kua har vorte syndebukk i klimadebatten.

Ja, Unge Venstre i Oslo har endåtil nyleg gjort vedtak om å slutte å fase ut bruk av dyr i matproduksjon. Gløym flytrafikken, gløym oljefyren, det er reduksjon i kjøtkonsumet som skal «bli en hovedprioritet i arbeidet med å oppfylle klimamålene», ifølgje ungdomspartiet.

Summa summarum er det fleire grunnar til å miste motet for nokon kvar. Løten-bonde Kjersti Hoff er ikkje blant dei. Ho har sagt ja til å leie rundt 7000 norske bønder og småbrukarar framover. For ein månad sidan vart ho vald til ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Nett det at det no er så mange som bryr seg om norsk matproduksjon og kva vi et, gjer det viktig å engasjere seg. Og vi er i ei brytingstid der vi må finne ut korleis vi skal klare å produsere mat i Noreg med eit endra klima, på meir norske ressursar. Det er ikkje sjølvsagt at vi kan det, eller at vi alltid kan ha grønsaker, mjølk og kjøt tilgjengeleg. Ikkje når vi ser tilbake på situasjonen vi hadde i sommar, særleg på Austlandet.

Ikkje overraskande meiner ho at løysinga er fleire og mindre gardsbruk. Over heile landet.

– Vi må auke matproduksjonen til ei veksande befolkning, ikkje berre her, men i verda elles. Og det vert ikkje enklare å produsere mat med dei klimautfordringane vi har. På store gardsbruk er det eit problem å rekke over og gjere jordarbeidet til rett tid, når vêret vert meir og meir uføreseieleg. Vi har jo ikkje auka avlingane våre av gras og korn på mange år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement