Nedtur for norskfaget
Eg les Læreplan 2020 på jakt etter grammatikk, språkhistorie, eldre språk og litteratur. Leitinga er til fånyttes. Kva ligg bak prioriteringa?
Grammatikkundervisninga vert lagd til barnesteget i Læreplan 2020, skriv Ingvil Brügger Budal.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Læreplan 2020 er på høyring. Planen og den tilhøyrande fagfornyinga bestemmer kva skuleelevane skal læra i mange år framover. Det er inga lita sak. No gjer lærarar og lærarutdannarar det Utdanningsdirektoratet oppmodar oss om: Les gjennom planen for å sjå om me meiner at prioriteringane er rette.
Relevans
Direktør for Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, gjev tre viktige grunnar til denne fagfornyinga (Dagsavisen 9. mars 2018): 1) Det elevane lærer, skal vera relevant. 2) Dei skal få meir tid til djupnelæring. 3) Det skal bli betre samanheng i og mellom faga. Det er særleg første og tredje grunn me skal sjå på her, nemleg relevans og samanheng.
Korleis kan ein vurdera om noko er relevant? Relevant er det «som kjem saka ved, er av interesse; viktig, sentral (i ein viss samanheng)» ifølgje Nynorskordboka. Er ikkje eldre kulturhistorie, norrønt, språkhistorie og eldre litteratur viktig i norskfaget? Kva tid blir noko «eldre» og dermed irrelevant? Er til dømes Ibsen eldre litteratur? Om det eldste forsvinn, forsvinn Heimskringla og Egil Skallagrimsson, Edda-dikta og Håvamål. Då vert elevane kjende med norrøne gudar frå Marvel-filmar, men ikkje frå Snorre.
Arbeidsgruppa bak planen gjev klart uttrykk for at dei ikkje ser dette eldre som relevant, og nyttar ord som «redusert», «nedprioritert» og «tonet ned» om denne delen av faget. Det er omskrivingar. Rett ord er «fjerna». Me argumenterer for at kulturmøte i språk og litteratur gjer oss klokare og gjev oss ei ny forståing for oss sjølve og dei rundt oss. Kulturmøte er også å møta eiga fortid gjennom språk og litteratur.
I dag får elevane ein liten smakebit av kulturhistorie, norrønt, eldre språk og litteratur. Det vil dei ikkje gjera i framtida. Det felles arvegodset vårt, storverka i verdslitteraturen, er i Læreplan 2020 kategorisert som irrelevant kunnskap. Dei delane av språk- og litteraturhistoria vår som er mest kjende internasjonalt, vert dermed ukjende nasjonalt. Ein læreplan vert gjerne ståande i 15 år. Kven skal ta vare på og føra vidare denne arven om ikkje skulen gjer det?
Det er ikkje berre ein del av danninga som vert fjerna i det nye norskfaget. Også ein sentralt reiskap i faget, grammatikken, er redusert – eller har han blitt vurdert som irrelevant?
Nja, kan eg vel seia. Arbeidsgruppa presiserer at planen skal ha eit meir komparativt perspektiv på språk. Dei skriv at «gjennom en metodisk tilnærming der de utforsker hvordan språklige møter kan skape språkendring, skal elevene se språklige endringer i et historisk, men også framtidig perspektiv». Korleis elevane er meinte å gjera dette utan kunnskap om norrønt og eldre språkhistorie, veit eg ikkje. Kva for ei «metodisk tilnærming» elevane skal vera i stand til å ha, er også uklart.
Grammatikk
Eit jamførande perspektiv på språk krev grammatikk-kunnskapar. Men også dette er redusert i det nye norskfaget. Dette skal visst elevane få i løpet av barneskulen. I oversynet over kva elevane skal læra kva tid, kan det til og med sjå ut som om det er dei yngste som skal kunna mest om grammatikk. Barneskuleelevane skal kunna formverket. På ungdomsskulen og i vidaregåande er arbeidet med grammatikk derimot redusert til rettskriving, teiknsetjing – og ein dæsj tekstbinding. Det kan då ikkje stemma!
Den lova samanhengen i fag og mellom fag er fråverande her. Krava til grammatikk-kunnskap er høgare i framandspråka enn i norskfaget. Det får meg til å lura på om arbeidsgruppa har rota med tabellane sine og gløymt å ta ein kikk på planane for framandspråka. Det er i alle fall tydeleg at det manglar språkfolk i gruppa.
Parallelt med at krava til grammatikk-kunnskapen til elevane minkar, skal dei læra seg begge målformer og to framandspråk, snakka om dialektar og produsera varierte tekstar. Andrespråkselevane treng også å kunna samanlikna førstespråket sitt med norsk. Alt dette krev det arbeidsgruppa kallar eit komparativ perspektiv på språk.
Men gode jamføringar og drøftingar krev omgrep og kunnskap om det som skal jamførast. Kort sagt: Ingen grammatikk-kunnskap – ikkje noko komparativt perspektiv på språk. Arbeidsgruppa krev at elevane skal kunna dette, men tek samstundes frå dei mogelegheita til å tileigna seg den kunnskapen som er naudsynt for å gjera det.
Demokrati
Eitt av dei tre tverrfaglege temaa i Læreplan 2020 er demokrati og medborgarskap. Høyringar er i seg sjølv demokrati og medborgarskap. Då er hersketeknikkane til Utdanningsdirektoratet underlege. Dei fortel oss at «det ikke er mye rom for å foreslå flere ting inn». Den vanlege høyringsfristen er på tre månader. Mindre viktige saker kan ha kortare frist. Høyringsfristen for Læreplan 2020 er kortast lovlege frist, altså seks veker. Er utdanninga til norske elevar ei så lite viktig sak?
I eit forsvarleg norskfag finst grammatikken, kulturhistoria og kjennskap til eldre språk og litteratur. Det faget har ikkje arbeidsgruppa gjeve elevane våre.
Ingvil Brügger Budal er førsteamanuensis i norsk ved NLA
Høgskolen i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er utdanninga til norske elevar ei så lite viktig sak?
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.