¿ Motstand i medvind
Denne veka har vindkraftmotstandarar organisert seg nasjonalt og fått ein siger som kan gje ringverknader.
Norsk Vind Energi har konsesjon til å byggje vindkraftverk på Faurefjellet, men no har Bjerkreim kommune sagt nei til vindturbinane.
Foto: Linett Eriksen Birkeland
Faurefjellet i Bjerkreim kommune i Rogaland ligg mellom 400 og 580 meter over havet, mellom flate Jæren i sør og Setesdal og Ryfylkeheiane i nord.
Fjellområdet er del av eit samanhengande kystheilandskap, ein landskapstype som har vorte så redusert at han i 2015 fekk status som «utvald naturtype» av Kongen i statsråd.
Statusen har ikkje hindra planlegging av eit vindkraftverk med turbinar som kan verte opptil 200 meter høge i nett same område. Konsesjonen vart gjeven i 2014, med godkjenning frå både kommunestyre og fylkesting, og er sidan stadfesta av Olje- og energidepartementet. Og så seint som i april i år sa fleirtalet i formannskapet i kommunen ja til å gje vindkraftutbyggjaren dispensasjon frå gjeldande arealplan, som seier at området skal brukast til landbruk, natur og friluftsliv.
Men dispensasjonsvedtaket vart klaga på, og i ettertid har motstanden mot utbygginga vakse seg så kraftig at fleirtalet i kommunestyret har snudd.
Tysdag kveld sa politikarane, med 12 mot 5 røyster, nei til å gje vindkraftverket dispensasjon. Dei slo òg fast at kommunen er imot vindkraftutbygging på Faurefjellet.
Vedtaket kan gje vindkraftmotstandarar landet rundt vind på mølla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.