Heilt sidan eg byrja å arbeida, har eg hatt full stilling. Like fullt har eg alltid hatt ekstraarbeid og skrive bøker. Bøkene veit eg sant å seia ikkje kvifor eg har skrive. Det er ikkje pengar å snakka om der. Timeløna har vel vore ti kroner. Men alt det andre har eg gjort for pengane.
Eg anar ikkje kor mykje ekstraarbeid eg har i timeverk, men det har vore nok til å gje meg ei grei professorløn. Eg er likevel alltid blakk og har null i reservar. Dessutan har eg selt meg ut av eit stort nytt hus i Asker og kjøpt og pussa opp eit hus som ikkje er verdt mange kronene i ei bygd. Personleg økonomi kan eg ikkje.
Men eg har alltid hatt nok pengar til dei tre ungane mine, som eg har teke med på utlandsturar, kino og restaurant nesten så ofte som dei har bede om det. Meiner dei at dei treng nye skor eller klede, får dei det. Eg betaler for ikkje mindre enn seks strøymetenester. Det er ikkje den fotballkampen yngsteguten ikkje kan sjå på.
Men har eg og ungane mine høgre levestandard enn foreldra mine og eg hadde då eg voks opp? Ja og nei. Ungane mine tykkjer det er rart at eg voks opp utan fjernsyn, bad og bil. Alt det der kom fyrst då eg var ti år, seks år etter at faderen bygde ein stor og moderne fjøs. I 1978 fann han ut at lånet hadde forsvunne i inflasjon og frådrag, og at han endeleg hadde råd til det han før hadde sett på som sløsing.
Men huset eg voks opp i, var stort, og eg fekk rikeleg med god mat. Eg har i grunnen kome til at dei siste vel 40 åra ikkje har gjeve meg så særmerkt mykje meir. Det einaste vesentlege som har skjedd, er mobiltelefon og internett og dimed utruleg mykje meir underhaldning via skjerm. Men er det høgre levestandard? At folk heile tida kan få tak i meg, var ikkje noko eg sakna då eg voks opp. All den tida borna mine og eg nyttar på skjermunderhaldning, nytta foreldra mine og eg på bøker. Og det beste med covid-19 var at eg slapp å fara til utlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.