JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Bærtur

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1981
20240315
1981
20240315

Nyss fekk eg oppleva urfolk i sitt naturlege habitat på vidda nord for Guovdageainnu i Sápmi. Med stoisk ro, heiter det vel, såg dei søringar blokkera den smale løypa. Dei tunge skuterane me hadde leigd, stod på tvers, med digre sledar, medan me sleit bak neddogga visir og i altfor varme køyredressar med å snu dei.

Den største firtakta Yamaha-en åleine veg snautt 400 kilo med hovud og innmat. Difor hadde me kopla sledane av og snudd dei med handemakt. Betre føre var enn etter snar. Og no?

– Kan dokker ikke bare snu skuteran utenfor sporet?

– Nei, det har me prøvd. Dei grev seg berre ned. Puddersnø og ingen skare, det går ikkje, forklarte eg.

– Å, sa urmannen tenksamt, før han sette seg på skuteren vår, gav høveleg med gass og snudde i ein elegant sirkel. Så tok han sin eigen maskin, akselererte og passerte oss på høgkant i puddersnøen, steglande med styreskia vinkande i vêret. Som eit stoisk alternativ til å le høgt, reknar eg med.

Ein annan kar sat dagen før og røykte i salen medan han granska oss og i det lengste prøvde å gje strevet vårt meining – me stod då fast med ekvipasjen mellom brøytekantar på flate vegen. Då han hadde sett nok, sette han òg seg utan vidare på skuteren vår, gassa, klatra kontrollert over kanten og vende som han ville med den tunge sleden på.

Skuterkøyring er som livet sjølv. Det gjeld å ha trua. Problemet er at den trua helst bør byggja på røynsle. På skuter er det krafta og farten som bergar og ber deg, til og med over ope vatn, nett som Jesus. Om du veit kva du gjer.

Nøling og varsemd, derimot, kan leggja skam til velt og skade. Av skade blir ein klok. På skutersalen, og berre der, lærer du at kroppsvekt er ein kapital til bruk i sving mot sentrifugalkraft (eller var det mot sentripetalkraft?).

På skråplanet med skuter kan ein òg pussa naturkreftene på kvarandre, sentrifugalkraft mot gravitasjon med det som – for lekfolk og søringar – ser ut som den reinaste tullkøyring. Dei gjer seg sine tankar, slike òg.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis