JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

(Av)giftfri

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1799
20231013
1799
20231013

Snus var no vel det siste eg tenkte på då eg kvikna til på Ullevål sjukehus.

Noko som er litt av eit paradoks, for nett snus var faktisk det siste eg hadde tenkt på før eg sovna (kona ringde 113 då venstrehanda mi bomma gong på gong på boksen med laus General, men det er ei anna soge).

– Har du prøvd slik nikotinfri snus, spurde ei velmeinande kvinne som var på visitt.

– Slikt har dei sikkert til og med her i Narvesen-kiosken på sjukehuset, meinte ho.

Nikotinfri snus, kva er vitsen med slik helsekost? Det fekk eg vel finna ut, no då eg atter var på beina.

Jaggu fanst slikt noko, servert i organiske bleier av plantefiber tilsett ørlite vatn, salt, E422, E504, E500 og aroma.

Ikkje var det dyrt heller, og det funka for meg nett som ekte vare.

Og det beste av alt: Utan tobakk og nikotin kan det jo heller ikkje vera hektande. Du slepp dei groteske åtvaringane frå Statens ymse tobakkskaderåd.

I teorien kan eg altså eta nikotinlaus snus og på same tid vera ein fri mann. Det er no eg som bruker snusen, og ikkje snusen som (mis)bruker meg!

I praksis er dette, sjølvsagt, for godt til å vera sant.

For me er få nikotinfrie snusarar her i landet (produktet heiter ikkje Onico utan grunn). Her er med andre ord mest ingen å bomma slikt av, om ein sjølv skulle ryka lens. På bygda sel dei det heller ikkje alle stader. «Ka sa du, sa du, nikotinfri snus?»

Difor er det viktig for meg å hamstra nett nikotinfri snus, ikkje reisa nokon stad utan eit raust lager med nikotinfri snus i bagasjen, og ikkje koma tomhendt nokon stad der ein ikkje på førehand har lagt ut depot av nikotinfri snus.

For elles kunne ein jo risikert å, i nauda, bomma av den aukande skaren med normale tobakksnusarar.

Og på nytt, med det, blitt snusavhengig! Og harrytur-hekta.

Då skal dei fattige ha takk.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis