Kva skjedde med Brasil?
Korleis kunne ein svært lovande økonomi bli utsett for eit slikt tilbakeslag?
No, når valutakursen har roa seg, er inflasjonen i Brasil faktisk låg etter historiske mål, men skaden er gjort. Biletet er frå eit meklarhus i Sao Paulo.
Foto: Paulo Whitaker / Reuters
Eg trur eg kan ta ein liten pause frå den amerikanske politiske krisa og heller seie noko om hendingar andre stader i verda. Så, som det står i overskrifta: Kva skjedde i Brasil?
Eg snakkar faktisk ikkje om det ferske valet, der brasilianske veljarar valde ein som ser ut til å vere ein reinhekla fascist. Eg er like forferda som kven som helst elles. Men eg har ikkje peiling på brasiliansk politikk. På den andre sida var bakteppet for dette valet den høgst uvanlege krisa i Brasil i 2015–16: Eit land som var i full framgang, som såg ut til å ha rista av seg den gamle mangelen på stabilitet, vart brått råka av ein frykteleg tilbakegang, og opplever no ei svært langsam tilfriskning. Og makroøkonomi er noko det er venta at eg veit noko om.
Så kva skjedde? Det har vore overraskande lite internasjonal diskusjon om den brasilianske opplevinga, trass i at ho var svært alvorleg og at Brasil er ein temmeleg stor økonomi. (Bruttonasjonalproduktet i høve til kjøpekraft er om lag ti gonger større enn Hellas.) Kan hende er vi alle for distraherte av den politiske krisa i Vesten, med Trump, brexit og så vidare. Eg har likevel freista setje saman ei historie om den brasilianske krisa, heilt på det reine med at eg kan ha gått glipp av nokre viktige sider.
Slik ser det ut for meg: Det verkar som at Brasil er råka av ei fullkomen blanding av uflaks og dårleg politikk, med tre hovudelement. For det første skjedde ei alvorleg forverring av den globale situasjonen, med fallande prisar på dei eksportvarene som framleis er avgjerande for den brasilianske økonomien. For det andre fall det innanlandske forbruket òg, kan hende på grunn av kraftig gjeldsvekst. For det tredje vart det ført ein politikk som i staden for å motverke tilbakegangen, forverra han, med offentleg innsparing og heving av renta sjølv om økonomien var på veg nedover.
Det første som kan seiast om Brasil-krisa, er kan hende kva ho ikkje var. Dei seinaste få tiåra har dei som følgjer med på internasjonal makroøkonomi, blitt meir eller mindre vande med «bråstoppkriser», der investorane brått vender ryggen til eit land dei har vore for glade i. Det var historia om Mexico-krisa i 1994–95, Asia-krisa i 1997–99, og – på mange måtar – krisa i Sør-Europa etter 2009. Det er det same vi truleg ser i Tyrkia og Argentina no.
Vi veit korleis denne historia utviklar seg: Dei landa det gjeld, ser at valutaen deira søkk i verdi (eller, når det gjeld eurolanda, at renta går i vêret). Til vanleg vil billegare valuta stimulere økonomien ved at det landet produserer, vert billegare på verdsmarknaden. Men «bråstoppland» har stor gjeld i utanlandsk valuta, så lågare heimleg valutakurs går ut over balansen i nasjonalrekneskapen, og vert årsak til eit alvorleg fall i innanlandsk forbruk. Politikarane har få gode utvegar. Å heve renta for å styrke valutaen, råkar etterspurnaden frå eit anna hald.
Ein kunne tru at Brasil er eit tilsvarande tilfelle, sidan det ni prosent store fallet i real-BNP per capita er på nivå med tidlegare bråstoppkriser. Men det syner seg at det er ikkje slik. Det syner seg at Brasil ikkje har stor gjeld i utanlandsk valuta, og valutainnverknad på rekneskapen ser ikkje ut til å vere ein viktig del av forteljinga. Kva var det da som skjedde?
Først av alt tok det globale økonomiske miljøet ei kraftig vending til det verre. Brasil har skaffa seg noko større mangfald i eksportprodukt, men er stadig sterkt avhengig av råvareeksport, og råvareprisane har rasa nedover.
Som figur 1 syner, har tilhøvet mellom eksport- og importprisar utvikla seg svært ufordelaktig for Brasil.
Dette ville vore ille nok i alle tilfelle. Men det kom saman med eit tydeleg fall i innanlandsk forbruk (figur 2). I ein rapport fortel Atif Mian og medforfattarane hans at dette var knytt til ein auke i hushaldningsgjeld i løpet av dei seinaste åra før krisa. Det inneber at Brasil var utsett for noko som likna meir på gjeldsdeflasjonen i høgt utvikla land i 2008, enn på ei tradisjonell krise i framveksande marknader.
Det som verkeleg tok knekken på økonomien til Brasil, var likevel måten landet svara på desse sjokka på: med ein budsjett- og pengepolitikk som gjorde ting mykje verre.
Når det gjeld budsjetta: Brasil har store betalingsproblem på lang sikt. Men dette krev langsiktige løysingar. Det som i staden hende, var at Roussef-regjeringa valde å innføre store budsjettkutt midt i ein kraftig nedgangsperiode. Kva dei tenkte? Utruleg nok verkar det som dei kjøpte doktrinen om ekspansive budsjettkutt.
På toppen av dette verka pengepolitikken òg sterkt tilstrammande, med kraftig renteauke (figur 3). Kva skulle det vere godt for?
Det beste eg kan kome på, er at det som skjedde, var at den brasilianske valutaen – real – mista verdi, hovudsakleg på grunn av sjokket frå dei nye handelsvilkåra. Det sende inflasjonen i vêret for ei stund (figur 4). Sentralbanken fekk panikk, og konsentrerte seg einsidig om inflasjonen, noko som gjekk ut over realøkonomien. No når valutakursen har roa seg, er inflasjonen faktisk låg etter historiske mål, men skaden var gjort.
Det er ei påfallande og deprimerande forteljing. Og denne kombinasjonen av uflaks og dårleg politikk spela visseleg ei rolle i den politiske katastrofen som følgde.
Einerett: New York Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman vekslar på å skrive denne spalta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det verkar som at Brasil er råka av ei fullkomen blanding av uflaks og dårleg politikk.
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.