Krig
Kva kostar ein togbillett til Krym?
Medan optimistar kjøper togbillettar til Krym, har ukrainske troppar stengt Kherson for trafikk inn og ut, innført portforbod frå klokka 17.00 og sett i gang med minerydding.
Antonivskij-brua over elva Dnipro er ikkje heilt klar til å ta imot ukrainsk togtrafikk frå Kyiv via Kherson til Simferopol, hovudstaden på Krym-halvøya, trass i at tusen bilettar til nett den jernbaneferda alt skal vere selde.
Foto: Reuters / NTB
Dei eldre innbyggjarane i Kyiv som bur i høghus, opplever vanskelege tider. Det dei fryktar mest, er å bli sitjande fast i ein heis når straumen brått blir kopla ut.
Difor sit mange eldre kvinner og menn i husværet sitt dagen lang, sjølv om dei heller ville ha sete på ein benk i nærleiken av huset eller i parken. Dei yngre spelar fryktlaust den nye russiske ruletten. Men samstundes møter folk i Kyiv roleg og rasjonelt faren for å sitje fast i ein heis på grunn av Russland.
I mange høghus vil ein på heisgolvet finne ei pappeske med alt ein har bruk for i tilfelle eit brått straumbrot: vatn, kjeks, våtserviettar, medisin mot stress og hjartesmerter, ei matte og ei lommelykt. I nokre heisar er det også ein stol, slik at ein som blir sitjande fast, slepp å stå i timevis eller sitje på eit skite golv.
I førre veke kom veninna vår, Tanja, endeleg til Kyiv for å jordfeste oska etter Valentin, mannen hennar, som nyleg døydde i Tyskland. Dei har ei familiegrav i Berkovtsij-kyrkjegarden i Kyiv. Fjorten menneske kom til gravferda, medrekna fleire som arbeidde saman med han ved det viktigaste urologiske sjukehuset i Kyiv.
Den eldste sonen vår var der på vegner av familien. På likvaka mintest han at Valentin hadde fortalt han om kor vanskeleg det var å kjøpe bil i sovjettida, og kor billig bensinen var den gongen.
No overtek Tanja pensjonen til Valentin, men ho skal vere vinteren over i Tyskland, i Mainz, der Valentin oppheldt seg dei fem siste månadene av livet medan han drøymde om å vende heim. Ho freista selje garasjen og bilen, men innsåg at dette ikkje er den beste tida for å selje eigedom som har blitt overflødig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.