Krigen kjem heim til Russland

Etter eit halvt år med krig røyner Putin-regimet ei gamal sanning: Krigen kjem alltid attende til den som har starta han.

Aleksandr Dugin talar i minnestunda i Moskva 23. august for dottera Darja Dugina, som blei drepen av ei bilbombe i den russiske hovudstaden.
Aleksandr Dugin talar i minnestunda i Moskva 23. august for dottera Darja Dugina, som blei drepen av ei bilbombe i den russiske hovudstaden.
Publisert

Seint på kvelden sist laurdag, 20. august 2022, hendte det noko som skaka heile Russland: 29 år gamle Darja Dugina, dotter av Aleksandr Dugin, blei blåsen i lufta av ei kraftig bilbombe.

Skal ein tru russisk politi, var bomba plassert i bilen på førehand. På vegen inn mot Moskva skal nokon ha utløyst bomba ved å gje eit signal gjennom ein mobiltelefon. Etter eksplosjonen fann russisk politi eit forbrent lik i førarsetet. På filmopptak kan ein sjå ein fortvila Aleksandr Dugin som held hendene sine føre andletet.

Attentatet fann stad på Mozjajskoe, ein bulevard som alle med makt og rikdom i Moskva fylgjer når dei skal frå sentrum av byen og ut til dei overdådige bustadene sine. Bilbomba tok heilt sikkert sikte på Aleksandr Dugin, ein av dei viktigaste ideologane bak Putins krig i Ukraina. Det er Dugin som står bak teorien om den såkalla euroasiatiske verda der Russland skulle utgjera kjernen i ei stor gruppering av land som set seg imot hegemoniet til dei dekadente, liberale demokratia i vest. For å skapa ei euroasiatisk blokk må Russland leggja under seg Ukraina og Belarus, dei to andre austslaviske republikkane. I denne kampen tel menneskeliv ikkje. Det einaste som tel, er nasjonar og folkefellesskap. Difor har det ikkje noko å seia kor mange menneskeliv som går tapt i krigen mot Ukraina. Det einaste som har noko å seia, er gjenopprettinga av den såkalla einskapen mellom dei austslaviske folka.

Stjerna

Dottera Darja var allereie blitt ei stjerne på den mest krigerske fløya i Moskva. Som ei ung og moderne kvinne formidla ho bodskapen til faren mykje betre enn det han sjølv var i stand til. Kor viktig ho var for det sitjande regimet, såg ein under høgtida som ble arrangert tysdag i denne veka, tre dagar etter at ho døydde. Til stades var mellom anna Igor Sjtsjogolev, ein av dei mest sentrale mennene i Putin-regimet. På vegne av presidenten overrekte han post mortem medaljen for tapper dåd, som ble teken imot av Aleksandr Dugin på vegne av dottera. Også fleire av partileiarane i Statsdumaen var til stades på minnehøgtida, og alt blei publisert gjennom dei fleste russiske media. Visespeakeren i dumaen, Sergej Neverov, sa at «den lyse vegen som Darja synte oss, sameiner oss endå meir i kampen mot fascismen». I sin minnetale sa Aleksandr Dugin at dottera hadde døydd «for Russland ved fronten, fordi fronten er nettopp her, rett ved kvar einskild av oss», ifylgje referatet i Komsomolskaja Pravda.

I Ukraina og ute blant regimekritiske russarar var haldinga naturleg nok ei heilt anna. Rett etter at Dugina blei drepen, var det ironiske røyster som sa at statsfilosofen Dugin no hadde fått kjenna på ein av sine eigne tesar, nemleg den om at eitt einskilt menneske ikkje betydde noko som helst. Det einaste som betydde noko, var staten og folkefellesskapen. Den kanskje viktigaste bodskapen inn i den russiske allmenta var at når nokon kunne drepa kjendisen Darja Dugina såpass enkelt, då kan kven som helst som stør den russiske krigen i Ukraina, falla som offer for ei bombe eller eit skot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement