JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Gleda over lærargjerninga

Lukkeleg er den som kan skape kveik for læring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Matematikklæraren Hanan Mohamed Abdelrahman på Lofsrud ungdomsskule skaper kveik for læring. For det fekk ho Holmboeprisen i 2017. Prisen har namn etter Bernt Michael Holmboe, mattelæraren til Niels Henrik Abel.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5300
20230825
5300
20230825

I tidlegare tider tala ein ikkje om læraryrket som underlagt alle moglege reglar og restriksjonar, ein tala om «lærargjerninga». Somme la ein dåm av kallstanke inn i ei slik nemning. Det handla om korleis kvar lærar aksla ansvaret for å tolke nye liv inn i ein tradisjon og ei framtid. Lærargjerninga endra vilkåra for framtida.

Gneisten

Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad, seier eit ord. Kva for ein lærar har ikkje vorte rørt, overgjeven, kveikt og gått lenge varm om hjarterøtene etter å ha sett glimtet i augo på eit barn, ein ungdom, ein ung vaksen eller for den del ein godt vaksen, dette umiskjennelege teiknet på at det opnar seg ei ny forståing, ei ny oppleving av noko før ukjent, uskjønleg, vanskeleg?

Ein undervisar vert avhengig av gneistrande augo. Læraren fylgjer ikkje berre elevane/studentane til kjeldene og etterlèt dei der, som antikkens pedagogslavar. Filosofen Hans Skjervheim var den som i si tid tok opp kampen mot det han kalla instrumentalismen i undervisninga: Ein kan ikkje bruke elevar til å oppfylle eigne eller statens prosjekt. Innsikt, det er noko anna enn einskildkunnskapar; då ser ein samanhengar.

Ein lærar er fødselshjelpar og referansepunkt. Forløysinga må eleven/studenten sjølv stå for, korkje lærar eller familie eller vener kan ta ansvaret for utkoma. Men vi kan alle vere med på utviklinga. Ofte får ein lærar tilbakemeldingar frå elevane sine fyrst mange år etterpå; ofte vert ein monaleg rørt over at den personen kan fortelje at akkurat det som hende der og då, det hadde noko å seie for livet til den det galdt.

Motstanden

Ikkje alltid er kvar dag ein fest, og då har vi det likevel slik at vi heile tida lærer av den situasjonen. Ikkje alle arbeidstakarar får lov til det! The best laid plans of mice and men kan gå aldeles overstyr; noko skjer, ein må justere seg, ein må ta alt som det kjem. Også dette lærer ein over tid. Ein skjønar ut frå røynsle kva som trengst, korleis ein skal trøyste, korleis ein skal setje nye merkepålar for det som skal skje. Det er svært fåe yrke der ein må vere så fleksibel.

Vi skaffar oss alskens erfaring som ikkje elles er tilgjengeleg i ein administrasjon, i ein fabrikk, i dei fleste verksemder. Ingen stader elles, trur eg, oppstår så mange ulike erfaringar som i undervisningssituasjonen. Førebuingar, overordna planar, møtet med elevane, endringar i livsopplevingane til elevane, bråe skifte – alt byr på fabelaktig omskiftelege situasjonar.

Ja, du må like å leve i skifta, du må trivast med jamt nye utfordringar, men er det ikkje meir forfriskande enn stressande? Og heile dagen møter du unge menneske som arbeider for å forstå verda ikring seg og seg sjølve, så støyter du på situasjonar som verkar låste – kva gjer du då? Du tenkjer annleis, nett som dei unge, eller nett som velrøynde kollegaer. Det var og er ein god grunn til at mange lærarar har vore sentrale i lokal kulturbygging! Lærarar finn løysingar.

Endringane

Ein lærar lever i endringar. Born og unge og unge vaksne er i jamn flyt mot det nye. Ingen stader i samfunnet finst det ei yrkesgruppe som så snart fangar opp nye tendensar mellom ungdomen som hjå lærarar av alle slag. Ja vel, så er foreldra engstelege for at ikkje alt er som då dei var unge, ja vel, så er kommune- eller fylkes- eller universitetsadministrasjonen litt uforståande for kva som skjer. Men kva er vel du i dette? Du er sjølve møtepunktet, vurderingsgrunnlaget for den vidare utviklinga.

Innsikta, den oppstår gjennom kontinuerleg diskusjon, opne dialogar mellom medlemene av klassen/gruppa og mellom lærar/lærarkollegium og elevar/studentar. Det kan kanskje vere litt tregt, og somtid ber vi til høgare makter om at det bør gå kvikkare, men etter kvart jamnar vegen seg, og vi ser kvar han skal gå.

Det er ei rik røynsle å skjøne korleis ei gruppe fagfolk finn saman i ei forståing av korleis desse som dei skal hjelpe fram i livet, opplever å skjøne både kva dei held på med her og no, og korleis dette kan kome vidare. Dersom andre yrkesgrupper opplever dette, trur eg likevel at lærargjerninga som læringsgjerning for alle impliserte, må vere mønsteret, paradigmet på korleis utvikling skjer.

Plager?

Dei pålegg og utfordringar ein får seg tildelte ovanfrå, er samhugsskapande. Vi ler litt, vi ergrar oss litt, og så innstiller vi oss, og den sams utfordringa skaper samforstand og kollegialitet.

Mellom våre plager er at vi veit jo alt om alle moglege menneske! Sjefane våre, elevane våre, foreldra deira, kommunale og fylkeskommunale og statlege instansar og tenestepersonar; vi har eigentleg greie på for mykje. Men som vi aldri snakkar om, vi er nøgde med at vi har automatisk teieplikt.

Vi veit langt meir enn soknepresten eller imamen om dei vi har med å gjere. Men vi tenkjer knapt over at vi er tiltrudde personar. Aldri førekjem det oss å utnytte all vår personlege kunnskap om folk, høgt eller lågt plasserte – til noko anna enn å hjelpe fram dei vi er sette til å ha opplæringsansvar for.

Vi er anstendige folk. Vi elskar jobben vår og vil stå i gjerninga. Vi gler oss i utgangspunktet over alle vi møter. Kan det finnast større rom for glede?

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis