Kløyvd parti framfor undergangenBorgarkrigar med smak av svik og religion er dei mest fundamentale og nådelause.
Borgarkrigar med smak av svik og religion er dei mest fundamentale og nådelause.
Knut Arild Hareide, Kjell Ingolf Ropstad og Tore Storehaug (alle KrF) på veg inn til stortingsmiddagen på Slottet torsdag i førre veke.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Det er unntakstilstand i norsk politikk denne hausten. Statsbudsjettet er sett på vent. Regjeringsmakta er eit lottospel der Rogaland har tilleggstal. I Arbeidarpartiet, der alle skulle ned, kjem fleire med att. Ikkje eingong Sylvi Listhaug og Per Sandberg klarer å stela alle overskriftene. Alle ventar på utfallet av den kristelege oktoberrevolusjonen, som er i november etter at Russland bytta ut den julianske kalenderen.
Det ingen skulle tru at kunne skje, har skjedd: Kristeleg Folkeparti er i alle kanalar. Statistiske nerdar har hatt det like morosamt som under amerikanske valkampar. Riksmedia har rapportert direkte frå ekstraordinære fylkesårsmøte i partiet på randa av sperregrensa. NRK 2 har rydda unna OBOS-ligaen og Lars Monsen og sendt minutt for minutt frå bedehus Noreg rundt. Alpinsendingane må venta til KrF er ferdig med storslalåm og utfor.
ERNA TØR der Jonas teier og sit stille i båten med eit ope sinn og vender det andre kinnet til. Når statsministeren ikkje køyrer snøkamuflert stridsvogn i Reodor Felgen-land, driv ho med lett kamuflerte abortoperasjonar som syner samvit og eit sinnelag alle veit er utan konsekvensar. Det er politisk prostitusjon. I tillegg lokkar ho med at dersom KrF får bytt til seg nokre hjartesaker i regjeringa hennar, lovar ho fleirtal i Stortinget. Frå hornet på veggen pip Kåre Willoch at dersom KrF byter side, er parlamentarismen truga og demokratiet i fare.
TILSYNELATANDE er det den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land. Knut Arild Hareide prøver å gå på vatnet. I røynda trakkar han og partiet rundt i ei gjørme av lenge tilslørt usemje om kva som er den smale og den rette vegen. Ja, ja og nei, nei har synt eg å vera av det vonde. Religionskrigar er dei grøvste, for der står det ikkje berre om sakleg usemje, men den fundamentale sanninga om kva som er rett og gale, vondt og godt.
Høyr kor fordekt dei taler med tilslørt vennlege tunger: Dei blå rosar Erna og trugar med SV; dei raude lit på Knut Arild og skremmer med Sylvi. Alle er ikkje-sosialistiske og ligg i sentrum, men medan dei som vil inn i Solberg-regjeringa, tar ordet «borgarleg» i sin munn, gjer Hareide Arbeidarpartiet til eit sentrumsparti.
Leiarane bevarer stivna smil i dagleg omgang, men det åttande bodet er sett på vent. Vitnesbyrda er sterkast på grunnfjellet i bibelbeltet i sørvest. Der dolkar dei kvarandre i ryggen på ukristeleg vis og smiler heile vegen til bedehuset. I Rogaland er det ikkje plass til svikefulle røyster. Lenger nord vona dei på kjærleikens ferjereiser etter striden, men det var ideleg fåfengt, for dei heldt på til siste ferje hadde gått.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.