Krig
Kjenner du GPS-koordinatane til soverommet ditt? Det gjer dei!
Da eg for mange år sidan las at internettet var laga for militære føremål, trudde eg ikkje på det. Men eg studerte jo humaniora og hadde ikkje særleg forstand på dei eksakte vitskapane.
Ein russisk rakett drap Oleksij Vadaturskyj, den største kornhandlaren i Ukraina, og kona hans, Rajsa, i soverommet deira.
Det er berre det som kan forklare kvifor eg var så naiv den gongen. Først seinare kom eg i hug at atombomba kom mykje tidlegare enn dei første kjernekraftverka.
No når «det militære internettet» er vel så mykje brukt i Ukraina som «det fredelege internettet», tvilar eg ikkje lenger på at militær vitskapleg utvikling er prioritert.
Dessutan skjønar eg at frå eit militært synspunkt er alt i verda, inkludert kvar einaste innbyggjar på planeten, eit mogleg mål, og at alt som finst, har faste eller vekslande GPS-koordinatar som gjer det råd for destruktive krefter å treffe det valde målet med stor presisjon. Dei same GPS-koordinatane som hjelper meg å finne ei forhistorisk hòle på Kreta, kan leggjast inn i ein rakett skoten opp frå ein russisk undervassbåt i Svartehavet for å øydeleggje, eller, på moderne russisk, «denazifisere» denne hola.
Det verkar som ein av dei førti rakettane som vart sende for å blåse den ukrainske byen Mykolajiv i lufta den 31. juli, var programmert til å treffe soverommet i eit bustadhus. Det var den raketten som drap eigaren av Nibulon, det største ukrainske selskapet for kornhandel. Offera var Oleksij Vadaturskyj og kona hans, Rajsa.
Sjefsredaktøren for den russiske TV-kanalen Russia Today, Margarita Simonjan, reagerte straks på dette drapet med ei erklæring om at Oleksij Vadaturskyj stod på den russiske sanksjonslista over dei som er mistenkte for å finansiere «hemnoppdrag». Det er ikkje heilt klart kva slags «hemnoppdrag» ho snakka om, men i alle fall, som Simonjan skreiv i twittermeldinga si: «Han kan no fjernast frå lista.»
Eg er så godt som viss på at Vadaturskyj – som den 15. rikaste mannen i Ukraina, ifølgje Forbes Magazine – hjelpte landet sitt og den ukrainske hæren. Han må ha kjent seg trygg på ukrainsk siger, elles ville han ha forlate Mykolajiv – der det er daglege rakettåtak – og reist til ein sikrare stad. Den franske journalisten Olivier Truc (Le Monde), som møtte Vadaturskyj få dagar før han døydde, skreiv at millionæren visste han var eit mål. Som nøkkelperson i ukrainsk korneksport var Vadaturskyj med på førebuinga av skipsruter for korneksporten under avtalen som vart forhandla fram av Tyrkia og FN. Det første «test»-skipet med 26.000 tonn kveite under Sierra Leone-flagg forlét hamna i Odesa søndag utan hans velsigning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.