Politikk
Høgt spel i Sverige
– Seier Centerpartiet ja til oss, kan Löfven kome tilbake, seier Ida Gabrielsson i Vänsterpartiet, som nyleg var med på å felle den svenske regjeringa.
Måndag erklærte fleirtalet i Riksdagen, Vänsterpartiet, Sverigedemokraterna, Kristdemokraterna og Moderaterna, mistillit mot regjeringa til sosialdemokraten Stefan Löfven.
Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB
Sverige er eit anna land, og når det gjeld bustadpolitikk, er det svært annleis. Når fleirtalet i Riksdagen for fyrste gong i historia erklærte mistillit mot ei regjering, skjedde det fordi koalisjonsregjeringa av Socialdemokraterna og Miljöpartiet la fram ei utgreiing som opna for marknadsliberalisering av leigeprisane på nye bustader.
Vänsterpartiet, som har støtta den såkalla januaravtalen som gjorde det mogleg for Stefan Löfven å verte statsminister i 2018, røysta for mistillitsforslaget frå Sverigedemokraterna, saman med borgarlege Moderaterna og Kristdemokraterna. Dag og Tid har snakka med Ida Gabrielsson, nestleiar i Vänsterpartiet.
– Kvifor er de så imot marknadspris på utleigebustader?
– Sverige har historisk hatt ein sterk bustadpolitikk og bygd mange utleigebustader med høg standard, som det òg har vore rimeleg å leige. Det regjeringa ville no, var å avskaffe den kollektive forhandlingsretten om utleigepris for nybygg. Det ville ført til mykje høgare leigeprisar. Det vi har sett frå Finland, som har innført marknadspris, er at det også har ført til ein stor auke i bustadbidraga frå staten for å dekkje opp for alle dei som ikkje har råd til å betale husleiga sjølv.
– Forslaget gjaldt berre nybygg skal visstnok vere viktig for at det skal byggjast meir?
– I andre land som har opna for marknadspris, har det raskt spreidd seg til resten av utleigefeltet. I Finland tok det berre fire år. I ein slik situasjonen ville til dømes kvar femte innbyggjar i Stockholm vore omfatta av forslaget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.