Fiktivt

Folkekyrkja ved eit trusskifte

Trur prestane på det dei forrettar ved døypefonten og ved båra? Dag og Tid har spurt seks prestar om synet på dei grunnleggjande lærespørsmåla i Den norske kyrkja.

Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.
Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.
Publisert

Kva tid ber du om samtale med ein prest? Før bryllaup og gravferd? Og kva kjem ut av praten? Vel, dei siste vekene har eg bede om samtale med mange prestar. Ikkje av di eg nett no står ved eit vendepunkt i livet, og heller ikkje for å høyra kva dei tenkjer om klimaendringar og samlivsformer. Nei, eg har spurt om dei grunnleggjande lærespørsmåla i Den norske kyrkja.

Kvifor? Mykje tyder på at me lever midt i eit trusskifte, eit skifte som av ein eller annan grunn ser ut til å koma om lag kvart halve tusenår: Då Noreg for fem hundre år sidan gjekk frå katolisisme til lutherdom, var det fem hundre år sidan overgangen frå åsatru til kristendom. No tyder tal på at skiftet skjer snøgt. Så seint som ved førre tusenårsskifte vart framleis åtte av ti norske born døypte – i ein tusenårig tradisjon. I dag vert fem av ti born døypte, i det fleirreligiøse Oslo berre tre av ti.

Folketrua endrar seg. Er det ei tilsvarande endring i folkekyrkjetrua? Kva trur prestane?

Ritane

Ein ting er trua. Viktigare for framtida for folkekyrkja er nok oppslutnaden om ritane. Rite? Ordet peikar på det universelle i seremoniar kring dei store vendepunkta i livet: fødsel, pubertet, samliv og daude. I alle kulturar finst livsritar, og i Noreg tek dei fleste ein eller annan gong del i kyrkjelege handlingar – når me sjølve, ein ven, ein kollega eller slektning vert fødd, ungdom, gift eller døyr.

Endringane syner seg i statistikkar, men skjer i personlege val. I sumar stod ein klokkar og eg åleine att utanfor ei kyrkje der eg snart skulle føra dotter mi til altaret. Sjeldan har eg sett ein kyrkjeleg tilsett så glad som då han forstod at ho var borgarleg konfirmert, men skulle gifta seg i kyrkja. Han fekk ei von om at trendane ikkje berre går den eine vegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement