JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Farane i fiskefeittet

Ei ny europeisk risikovurdering av gift i mat skakar gamle kosthaldssanningar og kan råke sjømatlandet Noreg hardt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Feit fisk som kveite og laks har blitt rekna som svært sunn mat. Ei ny risikovurdering av dioksin og PCB i mat frå EU-organet for mattryggleik endrar biletet.

Foto: Magnar Kirknes / VG / NTB scanpix

11188
20181130
11188
20181130

Helse

peranders@dagogtid.no

Ny kunnskap er ikkje alltid til glede. Feit fisk har over natta mista statusen som sunn mat, og sjølv tran kan vere i faresona. Sist veke kom ein oppsiktsvekkande konklusjon frå EU-organet for mattryggleik, European Food Safety Authority (EFSA), etter tre års studiar av helseeffektane av dioksin og dioksinliknande PCB. Desse giftstoffa finst i svært mange vanlege matvarer, men konsentrasjonen er størst i feit fisk. Den nye grensa for «tolerabelt inntak i veka» av desse stoffa er berre ein sjuandedel av den gamle. Dioksin og PCB kan føre til mange ulike helseskadar, men det er særleg skadeverknaden på sædkvalitet hos menn som ligg til grunn for det nye rådet frå EFSA. Så kva no, sjømatlandet Noreg?

Store konsekvensar

Først ei presisering: Dette handlar ikkje berre om fisk. Dioksin og PCB stammar frå industri og forbrenningsprosessar, og desse stoffa er spreidde verda over med vêr, vind og havstraumar. Stoffa finst i mange feitthaldige matvarer, mellom anna meieriprodukt, kjøt og egg. Men feit fisk er den viktigaste kjelda til desse giftstoffa i eit vanleg europeisk kosthald. Den nye risikovurderinga kan dermed få store konsekvensar for ein stor fiskeeksportør som Noreg. Konklusjonen frå EFSA er difor dramatisk for oppdrettsnæringa og mykje av fiskerinæringa. Den nye vurderinga kjem truleg òg til å få følgjer for dei offisielle norske kosthaldsråda.

Radikal senking

Det er ekstremt små giftmengder vi snakkar om her. Eit vanleg mål for dioksin- og PCB-innhald i mat er pikogram per gram, og eitt pikogram er eit billiondels gram. Men desse stoffa er så giftige at sjølv ørsmå mengder kan vere helseskadelege. Det finst mange ulike typar dioksin og dioksinliknande PCB, men i denne samanhengen blir dei slegne saman og vekta etter kor giftige dei er. Denne summen blir så rekna i såkalla toksiske ekvivalentar (TE).

Fram til sist veke var EFSA-grensa for «tolerabelt inntak» for menneske på 14 pikogram TE i veka per kilo kroppsvekt. Dette var basert på ei vurdering frå 2001. Den nye gjennomgangen til EFSA er grundigare og byggjer på nyare studiar, og den nye grensa er på berre to pikogram TE i veka per kilo kroppsvekt. Dette inneber at dei fleste nordmenn, til liks med andre europearar, får i seg langt meir enn det «tolerable inntaket». Medianinntaket av dioksin og dioksinliknande PCB i Noreg er på kring 5,5 pikogram TE per kilo kroppsvekt, ifølgje Folkehelseinstituttet. Og nærare halvparten av dette stammar frå fisk – i all hovudsak av det feite slaget.

Råda frå staten

Kva seier så det offisielle kosthaldsrådet frå Helsedirektoratet? At vi bør ete to–tre fiskemiddagar i veka, og ein av dei bør vere feit fisk. «Bruk også gjerne fisk som pålegg», heiter det. Men det rådet ser temmeleg tvilsamt ut i lys av det nye rådet frå EFSA. Her må vi fram med kalkulatoren, og det er naturleg å starte med oppdrettslaksen.

Takk vere all plantekosten i laksefôret er ikkje dette den feite fisken som har høgast innhald av dioksin og PCB. Men laksen er den feite fisken som nordmenn et klart mest av. Det norske laksekonsumet var i fjor meir enn ti gonger så stort som konsumet av kveite, makrell og sild til saman, syner tal frå Norges Sjømatråd. Difor er laksen ekstra viktig i ein folkehelsesamanheng.

Fyller kvoten

Ifølgje Havforskingsinstituttet inneheld oppdrettslaks i snitt 0,62 pikogram TE per gram med filet. Og kor mykje laks kan til dømes ein mann på 70 kilo ete før han når opp til den nye grensa til EFSA? Det «tolerable inntaket» hans er på 140 pikogram i veka. Om han et ein stor middagsporsjon på 225 gram laks, er dermed heile vekekvoten fylt. Men å unngå desse stoffa resten av veka er svært vanskeleg, sidan dei òg finst i så mange andre matvarer. Kjøtdeig inneheld til dømes 0,28 pikogram toksiske ekvivalentar per gram, ifølgje Folkehelseinstituttet, nær halvparten av innhaldet i laks.

For andre feite fiskeslag, som inneheld meir dioksin og PCB enn oppdrettslaks, blir «fiskekvoten» per veke enda mindre ut frå det nye rådet frå EFSA. 110 gram kveite er åleine nok til å nå vekegrensa for ein mann på 70 kilo, det same er 160 gram sild eller 200 gram makrell.

Tran i grenseland

Kva med ei vare som tran, som i Noreg har vore sjølve symbolet på det sunne? Helsedirektoratet tilrår at alle tek tran heilt frå fire vekers alder, og det har vore tilrådd som kosttilskot i Noreg heilt sidan 1930-åra. Men tranen er heller ikkje heilt grei ut frå den nye EFSA-studien. Tran frå torskelever er rett nok reinsa for det meste av dioksin og PCB (reinsinga tek faktisk òg vekk D-vitamina i tranen, så dei er tilsette i etterkant). Men reinsinga tek ikkje vekk alt av giftstoff.

Ifølgje Folkehelseinstituttet inneheld ei barneskei tran i snitt 2,5 pikogram dioksin og dioksinliknande PCB. Om ein unge på 15 kilo tek ei skei tran dagleg, utgjer det meir enn halvparten av det tolerable inntaket av desse stoffa i veka, ut frå dei nye grenseverdiane til EFSA. Og ingen kan leve av tran åleine.

Fiskesprell

Eit tiltak som det statlege «Fiskesprell»-programmet kjem i eit merkeleg lys når ein held det opp mot den nye EFSA-studien. Sidan 2007 har Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Norges sjømatråd og fiskesalslaga samarbeidd om å få ungar til å ete meir sjømat. Dette blir kalla «et ledd i det nasjonale folkehelsearbeidet». Fleire tusen barnehagetilsette har gått på Fiskesprell-kurs for å bli inspirerte til å servere meir fisk – «fordi det vil være gunstig sett fra et helsemessig synspunkt», som det heiter. Men den konklusjonen er diskutabel ut frå dei nye toleransegrensene frå EFSA.

I lakseoppskriftene i hefta som Fiskesprell har laga for barnehagane, er det 70 gram filet i ein barneporsjon. Det tilsvarer 43 pikogram TE med PCB og dioksin. Eitt slikt måltid gjev dermed nesten halvannan gong det tilrådde vekeinntaket for eit barn på 15 kilo.

Tvisyn

– Eg skjøner at dei nye tolegrensene frå EFSA kan oppfattast som dramatiske. Men dette kom ikkje over natta, det er resultat av tre års arbeid, seier Helle Katrine Knutsen, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet. Ho var medlem av arbeidsgruppa og leidde ekspertpanelet som kom fram til konklusjonen i EFSA. Knutsen ønskjer ikkje å spå kva konsekvensar den nye vurderinga kan få for kosthaldsråda.

– Det er ikkje mi rolle å kome med tiltak. Men denne risikovurderinga vil vere eit grunnlag både for vidare arbeid med regelverket i EU og for kosthaldsråda til Helsedirektoratet.

– Når det faglege grunnlaget for kosthaldsråda endrar seg så mykje, må vel råda òg endrast?

– Det kan ikkje eg forskottere. Kosthaldsråda blir laga ut frå ei totalvurdering. Om ein kuttar ut fisk i kosthaldet, kan ein gå glipp av helsevinstane ved å ete fisk. Det er ikkje noko enkelt svar på korleis ein skal få ned eksponeringa for desse stoffa.

– Vi kan ete kvit fisk?

– Ja, mager fisk som torsk og sei har mindre dioksin og PCB i seg enn feit fisk. Men somme artar kvit fisk har til gjengjeld meir kvikksølv. Det er ikkje enkelt, dette, seier Knutsen.

Feil verdiar

– Dei nye grenseverdiane frå EFSA må føre til nye kosthaldstilrådingar. Helsedirektoratet bør no rå folk til å ete mindre fisk, for fisk er hovudkjelda til desse giftstoffa i kosten, seier Merete Eggesbø, også ho seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Eggesbø er ei av dei som har kritisert dei norske kosthaldsråda. Ho har mellom anna vist til studiar som tyder på at for mykje fisk i kosten før og under graviditet aukar faren for overvekt og forseinka språkutvikling hos barna. Sjølv om det er andre grunnar til at EFSA no har senka grenseverdiane for dioksin og PCB, er Eggesbø glad for konklusjonen.

– Mange studiar har vist negative effektar av desse stoffa ved inntak langt under dei gamle grenseverdiane. Da er det openbert grenseverdiane det har vore noko gale med, seier Eggesbø.

– Ein kan ikkje stole blindt på grenseverdiane. Dei tek utgangspunkt i toksisk effekt, men miljøgiftene verkar på mange ulike måtar. No får vi ei ny risikovurdering i Noreg. Men i mellomtida går Fiskesprell-kampanjen sin gang i barnehagane, og det uroar meg. Eg synest ein bør trekkje dagens kosthaldsråd medan vi ventar på risikovurderinga.

– For oss som er glade i fisk, er konklusjonen frå EFSA vond lesnad?

– Ja, det er berre trist at vi steller slik med kloden. Fisk var fantastisk god og sunn mat før vi ureina verda.

For skråsikre

Ein annan kritikar av norske kosthaldsråd om fisk er Anders Goksøyr, toksikolog og professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen. Han er ikkje overraska over den store endringa i grenseverdiane for dioksin og PCB.

– Tyske styresmakter har i mange år ønskt ei mykje lågare grense. Studiane som låg til grunn for dei tidlegare grensene, bygde berre på nokre få dyreforsøk med einskildstoff. No er kunnskapen større, seier Goksøyr.

Dei gjeldande råda om fisk frå Helsedirektoratet er bygde på vurderinga som Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) gjorde i 2014. Der kom VKM fram til at ein kan ete over ein kilo oppdrettslaks i veka utan å få i seg skadelege mengder av PCB og dioksin.

– Den rapporten vart lagd fram som eit endeleg svar, og var altfor skråsikker. Grenseverdiar for giftstoff i kosten er ikkje hogde i stein. Etter den nye vurderinga frå EFSA bør VKM snarast sjå på råda sine for feit fisk igjen.

– Er det den store forteljinga om den sunne fisken som står for fall no?

– Vi skal ikkje hive all fisk i same bøtte. Dette handlar mest om feit fisk, og det er framleis mogleg å ete gode sjømatmåltid utan å få i seg for mykje dioksin. Men tran bør ein kanskje ikkje ta heile veka, seier Goksøyr.

Ny vurdering

Det står att å sjå korleis dei nye grenseverdiane frå EFSA vil prege norske kosthaldsråd. Men Mattilsynet reagerte i alle fall raskt. Alt same dag som konklusjonen frå EFSA vart kjend, tinga Mattilsynet ei ny risikovurdering av dioksin og dioksinliknande PCB i norsk mat frå VKM. Jan Alexander, leiar for hovudkomiteen i VKM, har kommentert saka slik på nettsida til komiteen:

«Mens EFSA i sin nye rapport har gjort en risikovurdering av en gruppe miljøgifter, altså dioksiner og dioksinlignende PCB som finnes i mange matvarer, har VKM gjort en nytte- og risikovurdering av alle stoffer i blant annet fisk. Det vil si at vi har veid risikoen for å få i seg skadelige stoffer/miljøforurensninger i fisk opp mot den ernæringsmessige nytten av fisk. Det er ikke gitt at ny grenseverdi for ett stoff endrer helhetsvurderingen i alle konklusjonene.»

Inntil vidare står uansett dei gamle kosthaldsråda. Tilfeldigvis la Helsedirektoratet fram den årlege rapporten sin om «Utviklingen i norsk kosthold» denne veka. Der uttrykkjer direktoratet sterk uro over fallet i norsk fiskekonsum dei siste åra, synte referatet NTB laga frå framlegginga:

«– Utviklingen vi ser, er ugunstig med tanke på helsen, sier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet. De anbefaler fisk til middag to til tre ganger i uken.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Helsedirektoratet bør rå folk til å ete mindre fisk, for fisk er hovudkjelda til desse giftstoffa.

Merete Eggesbø,
seniorforskar ved FHI

Emneknaggar

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis