JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Etterlyser norsk reaksjon

Havrettsjurist Alla Pozdnakova meiner at Israels bording av den norske båten «Kårstein» er eit brot med folkeretten, og at norske styresmakter burde protestere.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Båten «Kårstein» på veg til Gaza. Den norske skøyta vart seinare borda av styrkar frå den israelske marinen.

Foto: Ship to Gaza Norway

4580
20180803

SAMTALEN

Alla Pozdnakova

Professor ved Nordisk institutt for sjørett

AKTUELL

Norsk båt borda i internasjonalt farvatn

eva@dagogtid.no

Den norskregistrerte båten «Kårstein» vart sundag kveld borda av soldatar frå den israelske marinen då han var på veg mot Gaza med medisinsk naudhjelp. Båten segla under namnet Al Awda og var del av solidaritetsorganisasjonen Ship to Gaza Norway, som jobbar mot den israelske blokaden av Gazastripa. Båten vart ifølgje NTB borda 53 nautiske mil frå kysten, i internasjonalt farvatn.

Alla Pozdnakova er professor ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo, og har spesialisert seg på havrett.

– Kven har rett til å borde eit skip i internasjonalt farvatn?

– Her er det heilt klart at seglingsfridom gjeld. 53 nautiske mil unna kystlina er det ikkje lov å stogge skip under framandt flagg, med mindre det skulle vere mistanke om sjørøveri, narkotikasmugling eller andre unntak frå alminneleg folkerett. Sjølv om Israel ikkje er part i havrettskonvensjonen, er dette folkerettsleg sedvane som er bindande for alle statar.

– Så det finst ikkje juridiske argument for Israels handling?

– Spørsmålet vert om folkeretten gjev Israel rett til å stogge båten med grunngjeving i preventivt sjølvforsvar. Artikkel 51 i FN-pakta seier at ein stat kan bruke makt for å forsvare seg, dersom det ligg føre væpna åtak. Desse vilkåra er ikkje oppfylte i dette tilfellet. Etter mi meining må det liggje føre eit åtak eller vere ein tydeleg og omgåande fare for det, for at ein stat kan ty til preventivt sjølvforsvar. Båten var på veg inn mot Gaza med humanitær assistanse. Dei hadde ikkje våpen om bord, berre medisinsk utstyr.

– Kunne Israel ha stogga båten nærare land?

– Det vanskelege her er at Israel okkuperer og kontrollerer det som skjer til havs og at Gaza ikkje har høve til å utøve jurisdiksjon over eigne farvatn. Men generelt sett kan ein kyststat ty til sjølvforsvarstiltak mot skip som kan utøve ein fare innanfor eigne territorialfarvatn og i ei tilstøytande sone til territorialfarvatnet, ut til 24 nautiske mil. Etter alt å døme hadde ikkje Israel rett til å gjere det dei har gjort.

– Klassekampen har skrive at det vart nytta køller og elektrosjokkpistolar mot dei som var om bord på båten. Både den norske kapteinen og fleire av deltakarane om bord vart fengsla. Kva seier jussen om det?

– Åtferda mot dei som var på båten, står òg fram som unødvendig streng. I 2010 stogga og borda israelarane ei rekkje skip som segla inn mot Gaza under aksjonen Freedom Flotilla. På ein av båtane mista ni menneske livet under bordinga, så det var meir dramatiske konsekvensar, men i begge tilfella er poenget at det er urimeleg bruk av makt, i tillegg til at sjølve stogginga er urimeleg.

– Burde ikkje dette vere ei sjølvsagt sak for norske styresmakter å reagere på?

– Jau, det er vanleg at flaggstatar reagere når ein annan stat grip inn til havs. I 2015 vart ein svensk båt stogga av Israel under like omstende som no, og då sende Sverige ein formell protest til Israel. Etter det som er kjent i media, har norske styresmakter berre sendt førespurnad om kva som har skjedd med båten. Det synest eg er svært pussig. Ikkje minst fordi FNs generalforsamling nyleg vedtok ein resolusjon som kritiserer Israels oppførsel mot sivilbefolkninga i Gaza og tiltaka som avgrensar innføring av proviantar til området. Resolusjonen nemner ikkje uttrykkjeleg sjøblokaden, men omhandlar grensekryssing, så det inkluderer ei fordømming av korleis Israel fører blokaden òg på sjøen.

– Ein FN-rapport i 2011 konkluderte med at Israel brukte urimeleg makt mot konvoien i 2010, men vurderte ikkje den israelske sjøblokaden av Gaza i seg sjølv som ulovleg. Kva legitimitet har blokaden i dag?

– I 2011 var det ikkje så lenge sidan blokaden hadde starta. I dag ser vi at kontrollen med grensekryssingar både på land og til havs har vorte mykje strengare. Vi veit òg at det er reell mangel på mat, vatn og grunnleggjande utstyr i Gaza. Sjølv om Israel i prinsippet har rett til å innføre tiltak, inkludert ein sjøblokade, for å forsvare seg frå angrep frå Hamas og andre militante grupper, utøver Israel no sjølvforsvaret langt utover kva folkeretten tillèt.

– Kva bør norske styresmakter gjere?

– Dei bør protestere overfor Israel på arrestasjonen av det norske skipet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er vanleg at flaggstatar
reagere når ein annan stat grip
inn til havs.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis