Ein mogleg skandale i skandalen

Truleg er det ikkje berre EØS-retten norske styresmakter har krenkt i Nav-saka. Dei kan òg ha handla i strid med norsk lovverk, meiner granskingsutvalet.

Finn Arnesen (t.v.) leier utvalet som granskar Nav-skandalen. Førre månad la han fram fyrste delrapport for arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Finn Arnesen (t.v.) leier utvalet som granskar Nav-skandalen. Førre månad la han fram fyrste delrapport for arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Det eksterne utvalet regjeringa har sett til å granske den såkalla Nav-skandalen, skal leggje fram konklusjonane sine innan 1. juni.

Alt i ei delutgreiing som vart lagd fram for ein dryg månad sidan, slo utvalet likevel fast at EUs trygdeforordning ikkje gjev høve til redusere eller nekte å betale ut sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar berre fordi ein person oppheld seg i eit anna EØS-land.

Norske styresmakter kan i samsvar med norske trygdereglar krevje førehandsgodkjenning av utanlandsreiser og at eit utanlandsopphald ikkje går ut over oppfølging og kontroll av dei som får desse ytingane, men ikkje hindre dei i å reise til eit anna EØS-land i seg sjølv.

Juridisk sett har norske borgarar dermed hatt større høve til å ta med sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar utanlands enn det folketrygdlova og styresmaktene har lagt til grunn sidan EUs trygdeforordning tok til å gjelde i Noreg i juni 2012. Kanskje lenger tilbake i tid enn det òg.

Utvalet meiner at også praksisen før 2012 må vurderast, sidan det kravet folketrygdlova set om opphald i Noreg for å få desse ytingane, er ein restriksjon på etableringsretten og den grunnleggjande retten til fri rørsle for arbeidstakarar som følgjer av EØS-avtalen Noreg har vore del av sidan 1994.

Det mest oppsiktsvekkjande i delrapporten frå utvalet er likevel at det truleg ikkje berre er EØS-retten norske styresmakter har handla i strid med. Ifølgje utvalet er det òg usikkert om dei – uavhengig av EØS-retten – har hatt heimel i norsk lov til å nekte å utbetale eller til å trekkje tilbake arbeidsavklaringspengar etter vilkåra Arbeids- og velferdsetaten (Nav) har praktisert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement