Sideblikk

Den truga norske idrettsmodellen

Gullgutane blir hylla av kongen, folket og lokalsamfunnet, og takken er gjensidig.

Warholm og Alnes saman med Kongen i hagen på Bygdøy.
Warholm og Alnes saman med Kongen i hagen på Bygdøy.
Publisert

La oss sjå bort frå OL som eit vågestykke i pandemisk unntakstilstand, utsett frå i fjor, arrangert i ei japansk boble. La oss sjå bort frå at festen var utan tilskodarar og med minimal forbrødring mellom utøvarar frå ulike land og kulturar, som jo er éi side av den olympiske sjølvpresentasjonen, og som CIO meiner dei fortener Nobels fredspris for. La oss sjå bort frå at me sportsidiotar banna over at betalingskanalen Discovery kuppa TV-sendingane, som ein forsmak på ei framtid der allmennkringkastarar har tapt sin rett.

Då står me i vinterlandet att med formidable prestasjonar i verdsidrettar utan ski på beina. Karsten Warholms 45,94 på langhekken er i Beamon-klasse (8,90 i lengde); det meiner sjølvaste Usain Bolt (9,58 på 100 meter), som tilfeldigvis også har kontrakt med skomerket Puma.

Jakob Ingebrigtsen var lurast og best i trettande forsøk på ein distanse der det har vore opplese og vedteke at austafrikanarane er uslåelege. Legg så til triatlon og – av alt – strandvolleyball.

Frå desse gullvinnarane er det meir i vente, og dei kan dra andre med seg. Også kvinner, som heng etter for tida.

VINNARANE BLIR HYLLA av folket, og det er gjensidig. Dei som vinn heider, deler vakkert og programmatisk med familie, klubb, trenar, lokalsamfunn og sponsorar. Den andre sida av medaljen er at lokalsamfunnet og det lokale idrettslaget står opp for sine heltar og tar litt av æra for prestasjonen.

Når det regnar på Team Ingebrigtsen, stiller ordførar Stanley Wirak i Sandnes seg slik at det dryp litt på han. På heimebane i Ulsteinvik fylte dei Hareidhallen og sette Dimna på kartet. I strandvolley er det by og land, ball i ball. Storsenteret er vesle Strandvik i Fusa der Mol-klanen held til, og dit Sørum-foreldra drog, frå Oslo, for å sjå den store finalen. Den fjerde vestlendingen, Kristian Blummenfelt frå Bergen, er meir av ein loner, med økonomisk kopling til sportsvasking i Bahrain.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement