JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den store
avgiftsvinteren

Det blir ein dyr vinter for norske straumkundar. Regjeringa har stått for ein rekordauke i elavgiftene, i tillegg kjem truleg sommartørka og norsk krafteksport til å sende straumprisen til himmels.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
TØRKETID. Normalt har Noreg kraftoverskot, men den tørre sommaren gjer at vasstanden er svært låg i kraftmagasina. Illustrasjon frå Nore I-kraftverket mellom Tunhovdfjorden og Uvdalselva i Buskerud.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

10707
20180810

Bakgrunn

Den årlege produksjonen av vasskraft i Noreg ligg på mellom 140 og 150 TWh. Nettoverskotet plar liggja på mellom 5 og 15 prosent av produksjonen, men i år kan det vera at vi får eit nettounderskot på grunn av ein kald vinter og ein varm sumar.

På grunn av prisane både her heime og på kontinentet har produsentane eksportert mykje straum sidan august i fjor. Kraftselskapa kjem i 2017 til å få særs store overskot.

Siv Jensen har på si side auka elavgifta med om lag 40 prosent.

Kraftpris

jon@dagogtid.no

Noko av det dummaste ein gjer, er å spå om økonomiske storleikar, og særleg dum er ein om ein spår kva dei framtidige energiprisane vert. Men alt no ser vi på kraftprisen at noko har skjedd. I skrivande stund er kraftprisen 50 øre per kWh på den nordiske kraftbørsen. Det er høgt. Men for oss vanlege forbrukarar stoggar det ikkje der. Regjeringa har nesten kvart år sidan ho tok over, auka elavgifta for forbrukarar, ho er no 16,58 øre per kWh. Så kjem momsen på toppen av dette. I juli har prisen per kWh vore på 83 øre for oss forbrukarar.

Diverre er ikkje det heller nok, for vi må i tillegg betale nettleige, Enova-avgift og moms på desse avgiftene òg. Hafslund tek no 82,50 kroner per månad i fastpris og 47,70 i nettleige, Enova-avgift og moms per kWh. Enova-avgift, seier du, kva er det? Det er det vi før kalla grøne sertifikat, som har gått til å byggja ut ulønsam kraft i Noreg og Sverige. Grøne sertifikat skulle fasast ut etter 2021, men etter press frå Venstre har regjeringa gjort avgifta permanent og gjeve ho til Enova, som nyttar pengane på subsidiera samfunnsøkonomiske ulønsame energisparetiltak. Den kraftkrevjande industrien er elles friteken Enova-avgift og det aller meste av nettleiga. Men for oss vanlege ligg straumprisen no på rundt 130 øre per kWh. Der har vi ikkje vore før, juliprisen i år har vore dobbelt så høg som i fjor og seks gonger så høg som i juli 2015. Og til vinteren, når vi verkeleg nyttar straum, vert prisen etter det meste å døme endå mykje høgre.

To farar

Det er to grunnar til at straumprisane er så høge: vêret og politikarane, og diverre er det lite å gjera med nokon av dei. Over heile Sør-Noreg, ja, over heile Nord-Europa, har klimaet i år vore underleg stabilt. Fyrst fekk vi ein lang og særs kald vinter, så fekk vi ein kort vår som allereie i mai gjekk over i ein lang, varm og solrik sumar. Dimed har det kome lite vatn ned i magasina.

I vinter synte snødjupnemålingane på Vestlandet at det var like djup snø som vanleg, men det var laus snø. For når det er kaldt, sig ikkje snøen saman. Snøen inneheldt enkelt og greitt mykje mindre vatn enn vanleg. Snøsmeltinga kom i tillegg seint i gang sidan vinteren varte lenge, men då ho kom i gang, skjedde det under rekordhøge maitemperaturar. Dimed vart ikkje snøen omdanna til rennande vatn, men til damp, særleg på Vestlandet. Dette kjem godt fram i kvartalsrekneskapane til småkraftselskapa, dei som i hovudsak driv med fallkraft og ikkje magasinkraft. Dei har hatt lite straum å selja, men overskota har likevel halde seg oppe sidan prisen har vore høg av di det altså har vore mindre kraft i marknaden enn i normale år.

Tomme magasin

At småkraftverka har hatt mindre å selja enn normalt, har påverka prisane, men det er på ingen måte hovudårsaka. Om ein tek ein runde og ser på magasina på Vestlandet, ser ein at dei er åt å gå tomme. Fullt så gale er det ikkje austpå. Vestlandet er så nedbørsrikt at magasina er bygde for å ha kapasitet til eitt år med produksjon, det regnar alltid på Vestlandet, tenkte utbyggjarane i si tid. Dei hadde rett, heilt til 2018. På Austlandet er det litt betre stelt, der er magasina dimensjonerte for tre år med produksjon. Men der òg er nivåa no rekordlåge.

Ei gruppe har ikkje skulda for dei høge kraftprisane, det er vi forbrukarar. Vi har i juli nytta mindre straum enn vanleg. At råprisen på kraft, prisen utan avgifter og nettleige, er så høg, kjem i hovudsak av kraftutførselen. I fjor haust meinte kraftselskapa at dei hadde for mykje vatn i magasina, og byrja ein storstilt eksport. Frå august til mars tømde kraftselskapa rekordmykje vatn ut av magasina, og det sjølv om dei såg at vinteren her heime var rekordkald. Statkraft seier at dei gjorde det fordi dei var redde for å sitja att med overfylte dammar og dimed ikkje kunne hindra store flaumar i Sør-Noreg til våren. Ei meir nærliggjande forklaring er kanskje at straumprisane var høge på grunn av den kalde vinteren i Nord-Europa.

Nettoimport

Men så mykje straum gjekk med at då mars og til dels april vart så kalde, måtte Noreg nettoimportera kraft. Då varmen kom, byrja kraftselskapa likevel på ny med storstilt nettoeksport. No i juli har nettoeksporten vore på over ein TWh. Dette er naturleg. Både sterk kulde og sterk varme gjev høgt forbruk på kontinentet og dimed høge prisar. Kraftselskapa si rolle er sjølvsagt å syta for av vi får straum, men rolla deira er òg, etter at Eivind Reiten frå Senterpartiet deregulerte kraftprisen, å få høgst mogleg pris og størst mogleg overskot. Og sidan dei fleste kraftselskapa er åtte av anten staten eller kommunane, får vi tru at den rekordhøge profitten på eitt eller anna vis kjem oss alle til gode. Ein kan byggja ut mange sjukeheimplassar for utbyta som kjem til neste år. At staten nyttar mykje av profitten på å subsidiera den kraftkrevjande industrien, er ei anna soge.

Så var det politikarane, dei har gjort ein del ting som dei ikkje hadde trunge gjera. Siv Jensen, til dømes, har gjeve med den eine handa og teke med hi. Når stadig fleire kjøper moms- og avgiftsfrie elbilar, er ikkje det Siv Jensens feil. Ho har stadig vekk prøvd å avgiftsleggja dei dyraste elbilane, slike som Tesla. Venstre har hindra ho kvar gong og har no tvinga fram ei freding til 2021. Men Jensen har òg vore med på å gjera alle bilar relativt billigare. Toppmodellen til Volvo XC60 har 407 hestekrefter og er ein såkalla hybrid, den er billigare enn alle dei andre Volvo-ane, sidan han langt på veg er avgiftsfri. Under Siv Jensen har bilar generelt vorte billigare.

Slikt må finansierast, og sjølv om Jensen har teke ut rekordmykje oljepengar, har ho måtta auka elavgifta for vanlege folk for å dekkja inn ein del av bilfesten, men altså ikkje for industrien. I fjor tok ho inn 40 prosent meir i elavgifter enn dei raudgrøne gjorde. Og i år auka ho altså avgifta endå meir. Men den største avgiftsdrivaren er nettleiga. Og den tener knapt nokon på, utanom dei som byggjer ut nettet, som i stor grad er utanlandske selskap.

Overskotsland

Noreg har stort sett alltid eit relativt stort kraftoverskot, det ligg gjerne og pendlar mellom 5 og 15 prosent av den totale kraftproduksjonen. Noreg har altså normalt sett mykje straum, så mykje straum at det ikkje har lønt seg å byggja såkalla småkraft utan subsidiar. Som vi veit frå sjølvbiografien til Jens Stoltenberg, var han sterkt mot å subsidiera utbygging av småkraftverk. Han tapte. Til og med Frp og Siv Jensen ville ha dei ulønsame grøne sertifikata, som elles mykje har gått til utbygging av svensk vindkraft.

Og nei, dei små fallkraftverka og vindkrafta har fram til no ikkje gjeve store tilskot til norsk kraftproduksjon, men etter kvart som utbygginga av vindkrafta verkeleg kjem i gang, til dømes på Fosen, er det ein god del ny straum som skal inn i nettet. I mange små dalar der det knapt nok bur folk, har det dessutan no kome småkraftverk, desse dalføra har ikkje nett som er i nærleiken av å kunna taka inn den nye og ulønsame krafta. Konsekvensen ser vi ute i naturen, nettet må byggjast ut. Det er ikkje kome noka samla utgreiing av kostnadene ved grøne sertifikat, men om vi tek med nye utlandskablar og nettet her heime, snakkar vi minst om 200 milliardar i nettkostnader frå ordninga med grøne sertifikat var innført og til nettet er ferdig utbygd. Det var 85.000 per skattebetalar. Og igjen skal vi hugse at stort sett alt fell på oss forbrukarar og så godt som ingenting på den kraftkrevjande industrien. Ja, til og med bitcoinprodusentar slepp unna med ei elavgift på under eit halvt øre og så godt som ingenting i nettleige.

Lægre produksjon

Men når vi fyrst har opna opp for subsidiert utbygging av kraft, er det sjølvsagt slik at vi må byggja ut nettet og få fleire kablar til utlandet, slik at krafta kan seljast. Då skulle ein òg tru at detvart opna opp for så høg produksjon som råd. Slik er det ikkje. Miljørørsla har fått gjennom svært strenge krav til produksjon og særleg inntak av vatn i røyrgatene i dei nye kraftverka. Ei elv treng ei minstevassføring for at livet i elva skal overleva. Når du får konsesjon til å byggja ut ei elv, får du samstundes pålegg om minstevassføring. Men det stoggar ikkje der. Når du legg røyr, får du heller ikkje leggja så store røyr at du kan bryta reglane. Du får altså berre leggja røyr som er tilpassa minstevassføringa.

Kva er konsekvensen av det? Jau, at alle dagane i året der det renn meir, til dels mykje meir, enn minstevassføring, til dømes når det regnar mykje eller snø smeltar, må du som utbyggjar berre stå og sjå på at vatnet renn forbi; vatn som ikkje har noko å seia for livet i elva. Meirkostnaden ved å leggja store røyr versus små røyr i ei røyrgate er nesten ikkje-eksisterande, det er det å byggja ei røyrgate som er dyrt. Ei rekkje nye kraftverk som kunne ha vore lønsame utan subsidiar om dei fekk produsera meir når det regna eller var snøsmelting, er no ulønsame utan at dei får subsidiar. Men heller ikkje dette har det offentlege undersøkt omfanget av. Det finst ingen NOU, inga offentleg utgreiing, som fortel dei samla kostnadene eller det potensielle krafttapet ved det nye «grøne» regimet.

Full gass

Norsk kraftpolitikk er full av paradoks. No skal delar av sokkelen elektrifiserast. For å få til dette må vi byggja ut sentralnettet endå meir og auka kapasiteten på Vestlandet. Dette av di Stortinget ynskjer å få ned CO2-utsleppa i Noreg. Utbygginga av nettet på land som elektrifiseringa må føra til, er det vanlege forbrukarar som må betala. Gassen som så ikkje vert brend på sokkelen, vert i staden brend i Storbritannia eller Tyskland. Då kan vi enda med å reimportera krafta som brenninga av gassen har ført til.

Vert vinteren som kjem kald, vil avisene vera fulle av oppslag om at Siv Jensen og Terje Søviknes må gjera noko. Og ja, dei ber sin del av skulda, men alle partia på Stortinget har stort sett vore med på galeien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I fjor tok Siv Jensen inn 40 prosent meir i elavgifter enn dei raudgrøne gjorde. Og i år auka ho altså avgifta endå meir.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis