Sideblikk

Den bufaste sentrumspopulismen

Det eksklusive bondepartiet som blei eit samlande distriktsparti mot sentrumseliten.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Publisert

Senterpartiet fyller 100 år omtrent på denne tida. Eller rettare sagt: Senterpartiet er 60 år; det er Bondepartiet som er 100. Dei ville skifta ham og byta namn til Senterpartiet i 1960.

Partiet har hatt tre statsministrar, med Per Borten (1965–71) i den folkelege underbuksa som ikon. Jens Hundseid, som var statsminister i 1932–33, blir av brune grunnar rimelegvis ikkje hylla av partiet, for han blei dømd til ti års tvangsarbeid for landssvik etter krigen.

SENTERPARTIET er attkjenneleg som eit pragmatisk, tilpassingsdyktig, fleksibelt og maktsøkande hestehandlarparti, med foten på bremsa. «Ingen kan bebreide tigeren at den har striper», har Kåre Willoch sagt om partiet. Det har vore med i regjeringssamarbeid over heile fjøla. Når det har flagga med klare ideologiske vimplar, har det ikkje gått så godt. Det går betre når dei syner i praksis kven dei står opp for, og kva for lundar og teigar dei vernar.

Frå sine første år har partiet sige nedover sosialt, i takt med bondearistokratiets fall og bondestandens desimering. Det har flytta seg frå høgre mot venstre, i takt med endring i landbruksøkonomien og veksten i offentleg sektor. Tyngda har skifta frå klasse til kommune, frå stand til bygd, frå det sosiale og nasjonale til det regionale. Men det har ikkje flytta frå land til by, som det gamle søsterpartiet Centern i det avfolka Bygde-Sverige. Senterpartiet er bufast, og det skal det vera all sin dag.

DÅ DEN LISTIGE bondejenta frå Ørskog kom ut av Ernas fengsel, såg ho Senterpartiet som eit stort trugsmål om veljarane. Ho tok ein slags Jan P. Syse: Han klaga over at Arbeidarpartiet hadde stole kleda deira då Høgre var ute og bada. Listhaug fann opp eit fast talepunkt: «Sp har vært en dårlig kopi av Frp, men endelig er originalen tilbake.» Samstundes klaga ho over at Vedum hadde hamna i feil seng.

Sidan har listhaugane vore som flaksande høns i jakt på politiske korn. Den åkeren dei ville ha æra for å ha pløgd, tørka inn og kom i forfall då dei køyrde svarte regjeringsbilar. Senterpartiet sådde som før, harva, gjødsla og hausta inn. Det kunne dei gjera fordi dei har stort truverd i kamp for kommunar og mot vindmøller, sentralisering, EU, EØS og ymist anna. Dei tar veljarar på odels- og åsetesretten. Det kan dei fordi dei ikkje lenger er eit eksklusivt bondeparti, men eit samlande bygde- og distriktsparti mot sentrums­eliten, eit sentrumspopulistisk parti for utkant og periferi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement