Landbruk

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Publisert

Kvelden før hadde ho fått antibiotika og smertestillande for E. colibakteriar i eine spenen. Den harde jurbetennelsen gjorde at ho døydde av blodforgifting. At det hende så brått, kom uventa på alle.

Dag og Tid kjøpte henne som kalv av Ida Østvoll og Sigmund Sørum i Vang i Valdres for 4500 kroner. Ho var fødd 4. mars 2017 og kalla opp etter ei praktikantjente frå Frankrike som arbeidde på garden då ho vart fødd.

Frå Ulvestad-oksen

Ameline ætta frå Ulvestad-oksen, ein kjend avlsokse og son til ei då 33 år gamal ku. Oksen var ein del av den einaste lina av vestlandsk fjordfe som ætta frå ein ubroten og planmessig samvirkeavl.

Etter ferdig bruk i Noreg på 1990-talet skulle han slaktast, men eit fjordfemiljø i Sverige ville nytta han til avl der. Diverre døydde han av magesår kort tid etterpå.

Ameline vart godt dulla med som liten kalv i Valdres og vart ei særs mild og likandes ku. På stølen skapte ho ro i flokken og var den sjølvsagde sjefen. Men ho var ikkje med på stølen i fjor fordi ho vart vanskeleg å mjølka sidan spenane etter kvart stod for langt frå kvarandre. Planen var at ho skulle verta ammeku til hausten. Ho var glad i mat og vart for feit, men mjølka likevel greitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement