Sideblikk
By og land med elsykkel i hand
Når fanden får tak i veslefingeren, må ein passa på handa både i trafikken og i politikken.
Folk i farten, men det er uklart kvar elsparkesyklane hamnar.
Foto: Geir Olsen / NTB
Hovudstaden er forsøpla med over 20.000 elsparkesyklar, og den lukrative bransjen spreier seg som ugras til andre byar. Doningane susa inn i eit relativt lovtomt rom og la materielle og forretningsmessige føringar som det skal stort politisk reguleringsmot til for å snu.
I nærsynt Oslo-sentrisme øser Spaltisten seg opp over denne plaga som ikkje rammar heile landet. Der andre har rasfare, ferjer og livsfarlege fylkesvegar, blir me utsette for fare kvar me går på veg og sti. Der folk i grisgrendte strøk kunne ønskt seg statsstøtte til slike doningar, må mjuke bytrafikantar forsera hinderløyper av elsparkesyklar som står i kryss og ligg velta på tvers. Det er eit lite problem for manneslekta, men ille å ferdast i til fots eller på vanleg sykkel.
Men det skal elsparkesyklistane ha: Når pandemien er over toppen, held dei oppe aktiviteten på legevakta.
DET ER EIN KLASSISK veg- strid som spelar seg ut, her som kamp om bruksrett til fortau og offentlege byrom. Elsparkesykkelplaga får fram det verste i elles vørdelege samfunnsstøtter, og Byråsjefen er mellom dei, på privaten. Dei kjenner seg endå eldre av desse nymotens greiene, og seg imellom fantaserer dei om direkte aksjon: superlim på handtaka, strips på bremsa, byggskum i hjullagera, bora hol i batteripakka, lima doningane fast til kvarandre som skulptur, brenna dei på bål.
UVØRDEN UNGDOM er ikkje dei einaste skuldige. Me stod i ein lang og vennlegsinna kø i nærmiljøet for å koma inn på uteservering den kvelden kranane opna. Då kom ein røsleg og rusa middelaldrande kar med offentleg profil i full fart og trengde elsparkesykkelen inn i ei tilrådd to meters glenne mellem oss i køen.
På høfleg spørsmål om han hadde tenkt å parkera der, fnyste han og sa at doningen stod i rennesteinen, mens køen kunne halda seg på fortauet og servitørane legga inn ein ekstra sving rundt. Så forsvann fysaken i sjølvrettferdig triumf, mens køen stod paff tilbake etter dette signalet frå den nye tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.