JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil ta uro
på alvor

– Innvandringa ber med seg så store samfunnsendringar at vi ikkje kan neglisjere dei, men må leite etter ein ny politikk, seier Sven Egil Omdal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg har mykje å lære av Sverige, som har mykje lengre og breiare erfaring med integrering, seier Sven Egil Omdal.

Foto: Jan Inge Haga

10357
20181005

Bakgrunn

Flyktningkrisa 2015

I 2015 søkte nærare 1,4 millionar personar asyl i Europa.

Sverige tok imot over 160.000 asylsøkjarar, som er det nest høgste talet i Europa jamført med folketal. Noreg tok imot over 31.000 og Danmark 21.000 personar.

Dei høge tala resulterte i at europeiske land innførte grensekontroll.

I boka Skandinavisk uro diskuterer fagfolk og samfunnsdebattantar frå dei tre skandinaviske landa kva dei nye folkevandringane betyr for velferdsstaten, demokratiet og offentlegheita.

Politikk

eva@dagogtid.no

«Sjelden har behovet for å utveksle erfaringer og diskutere gode løsninger vært sterkere enn etter høsten 2015. Det har oppstått en uro som er merkbar helt fra politikkens øverste nivå og ut til hvert enkelt lite lokalsamfunn, arbeidsplass eller skole.» Det skriv journalist og forfattar Sven Egil Omdal i innleiinga til debattboka Skandinavisk uro. Norske, danske og svenske tilstander, som han er redaktør for.

Det han snakkar om, er dei 1,4 millionar asylsøkjarane frå land utanfor Europa som kom til Europa hausten 2015, og som fekk europeiske land til å sperre grensene etter årevis med fri rørsle. Òg mellom nabolanda i Skandinavia vart det innført grensekontroll. I alt kom det 31.500 asylsøkjarar til Noreg dette året og 163.000 til Sverige.

I debattboka diskuterer i alt 21 forskarar, politikarar og samfunnsdebattantar frå Danmark, Noreg og Sverige kva følgjer dei nye folkevandringane har for den skandinaviske velferdsmodellen, og kva innvandring meir generelt betyr for velferdsstaten, demokratiet og offentlegheita.

Omdal seier at tanken har vore å få ein dialog mellom folk med ulike syn på innvandrings- og integreringspolitikken, mellom dei som er uroa og meiner politikken som er ført, er for liberal, og dei som ønskjer ein meir liberal politikk.

– 2015 var eit vendepunkt i skandinavisk og europeisk innvandrings- og asylpolitikk og sette innvandringsdebatten på spissen. Retorikken hardna til, dei politiske verkemidla vart tøffare, og vi fekk grensekontrollar mellom Danmark, Sverige og Noreg. Vi treng ein skikkeleg diskusjon om korleis vi skal handtere dei brå endringane i migrasjonen.

– Uproblematisk

I dei tre åra sidan 2015 har det vore langt færre som som søkjer asyl i Europa. Talet på menneske på flukt i verda er derimot på det høgaste sidan andre verdskrig, og 28,5 millionar er i dag på flukt utanfor eige heimland, ifølgje FN. Det kan kome nye migrasjonsbølgjer.

Omdal ser det ikkje som nokon trussel for den norske velferdsstaten om fleire skulle søkje asyl her.

– Når vi ser oss tilbake, ser vi at alle dei skandinaviske landa, og særleg Noreg, handterte den store auken i 2015 relativt uproblematisk. Det er ingenting som tilseier at ikkje velferdsstaten vår kan vere stabil i overskodeleg framtid. Så kan vi sjølvsagt diskutere kor mykje større innvandring vi toler, og kva slags innvandring som vil vere best for Noreg, for stabiliteten i Europa og for stabiliteten i Afrika og Midtausten, men den diskusjonen må gå føre seg heile tida.

Vil ha ny politikk

I Skandinavisk uro tek den danske professoren Thomas Gammeltoft-Hansen til orde for eit paradigmeskifte i flyktningpolitikken og eit meir solidarisk fordelingssystem, til dømes ved globale kvoteordningar rekna ut på grunnlag av bruttonasjonalprodukt, folketal eller areal. Den svenske journalisten og forfattaren Lars Åberg, og Mogens Lykketoft, som er folketingsmedlem for Socialdemokratiet i Danmark, meiner migrasjonskrisa har synt at vi primært må hjelpe flyktningar i konfliktsoner og nærområde til eigne heimland.

Sosiologiprofessor Grete Brochmann, som har leia to norske offentlege utgreiingar om innvandring og integrering, skriv at det ikkje er truleg at velferdsregimet i Skandinavia kjem til å bli verande som det er i dag dersom innvandringstakta held fram med å auke i same tempo som dei siste 20 åra.

Den danske forfattaren og journalisten Carsten Jensen meiner vi i staden for å sjå på innvandring som rota til problema i velferdsstaten, må setje spørjeteikn ved om velferdsstaten er rett måte å løyse integrasjonsproblem på.

– Innvandrarar er drivne av eit ønske om å ta ansvar for eige liv, men her er velferdsstaten tragisk nok og trass i dei beste intensjonar ikkje eit incentiv, men ei blokkering, seier han i boka.

Nokre klare og sameinte konklusjonar for vegen vidare kjem dei 21 debattantane ikkje med. Omdal ser likevel fellestrekk i debattinnlegga.

– Det er ei forståing på tvers av landa av at innvandringa – ikkje berre frå land utanfor Europa, men òg den europeiske arbeidsinnvandringa – ber med seg så store samfunnsendringar at vi ikkje kan neglisjere dei, men må leite etter ny politikk, seier han.

– Ingen alarm

Samstundes ser han ikkje noko ved debatten i boka som tyder på at dei skandinaviske landa ikkje klarte å handtere dei mange migrantane som kom i 2015.

– Det vert peika på at det følgjer utfordringar med innvandringa over tid, men det er ingen teikn til alarm eller grunn til å kople inn sivilforsvaret med sirener, seier han.

– Det er òg ei erkjenning i boka av at dersom vi skal ha liberale statar, kan vi ikkje oppføre oss som Ungarn. Velferdsstatane våre har ikkje kome til i isolasjon, men i eit byteforhold med resten av verda. Stengjer vi oss ute frå byteforholdet, risikerer vi òg å øydeleggje det systemet vi er nøgde med. Samstundes er det ei semje om at vi heller ikkje kan halde fram med eit slikt trykk som det var i 2015, då Sverige fekk over 160.000 nye innvandrarar i løpet av nokre månader. Då knaka heile systemet, og det er jo det vi no ser manifestert ved valet og den politiske uroa i Sverige, seier Omdal.

– Kan lære av Sverige

Dei skandinaviske landa har ulik innvandringshistorikk, både i omfang, fartstid, politikkutvikling og debattklima. Sverige har teke imot fleire innvandrarar enn Noreg og Danmark og har meir erfaring med kulturelt mangfald. I integreringspolitikken har den svenske haldninga vore å oppdra eiga befolkning til å godta det fleirkulturelle samfunnet, medan haldninga i Danmark er at det er innvandrarane som skal oppdragast og påleggjast liberale verdiar. Noreg har for det meste plassert seg midt mellom dei to, skriv Brochmann i boka.

Omdal meiner dei tre landa har mykje å lære av kvarandre.

– Sverige lærer no at det å dytte ein del tema ut av den offentlege arenaen, ikkje har vore så klokt. I Noreg har dialog med Frp vore med på å stimulere til at partiet tek ansvar for breiare delar av politikken enn berre innvandring. Det har ført til ein rolegare innvandringsdebatt. Vi har unngått den harde tonen i dansk debatt, og vi har unngått den ustabile politiske situasjonen Sverige har kome i no. Samstundes har Noreg mykje å lære, særleg av Sverige, som har mykje lengre og breiare erfaring med integrering av større grupper. Til dømes er det fyrst den siste tida at Noreg har fått framståande journalistar, advokatar, politikarar og forfattarar med minoritetsbakgrunn. Det hadde Sverige alt for ein generasjon sidan, seier han.

Parallellsamfunn

– Kva lærdom skal vi trekkje frå parallellsamfunna som har vakse fram i nokre svenske forstader? Kan den problematikken sjåast isolert frå innvandring?

– Vi kan lære av både dei positive og dei negative erfaringane. Som Kristin Clemet syner til i boka, er bustadpolitikken eit problem i Sverige. Noreg har hatt ein annan bustadpolitikk. Her eig folk sin eigen bustad, og det er variert bustadstruktur og høve til sosial mobilitet innanfor eitt og same geografiske område. Eg er samd med Clemet i at den norske bustadpolitikken er eit betre vern mot gettodanning og utanforskap enn den svenske, seier han.

I ein kommentar i Stavanger Aftenblad like etter at Sverigedemokraterna hadde fått 17,5 prosent oppslutning, skreiv Omdal at vi i staden for å snakke om framandfrykt som forklaring bør snakke om uro for eigen økonomi. Han meiner at den svenske arbeidsmarknadsreforma i 2006, inkludert endringa av sjukelønsordninga, og finanskrisa i 2008, nærer bålet som no svir det svenske samfunnet. «Flyktningkrisen i 2015 gjorde selvsagt alt verre, fordi de som allerede var blitt økonomisk utrygge, fikk enda større konkurranse om de lavt betalte jobbene og de billigste boligene», skreiv han.

– Brochmann skriv at det er eit fellestrekk for dei skandinaviske landa «at innvandrere har tilgang til et stort register av sosiale rettigheter parallelt med å ha svakere tilknytning til arbeidsmarkedet enn majoritetsbefolkningen». Er ikkje det problematisk?

– Det er sjølvsagt eit problem med alle grupper som har svakare tilknyting til arbeidsmarknaden, så lenge arbeidslina er den rådande politikken. På kort sikt er det viktig å gjere arbeidsdeltakinga til eit sentralt punkt i integreringsarbeidet. På lang sikt vil deltakinga i arbeidsmarknaden truleg endre seg markant for majoritetsbefolkninga òg, seier han.

– Kvar går tolegrensa for kor mange asylsøkjarar vi kan ta imot?

– Det ser ut til at alle er samde om at dei 31.000 som kom til Noreg i 2015, var for mange, medan til og med Frp seier at dei rundt 3000 som kom i 2016, var lite. Då har vi eit forhandlingsrom mellom dei tala. Eg er ikkje i tvil om at det er uproblematisk for Noreg å ta inn mellom 10.000 og 15.000 asylsøkjarar per år. Somme vil vere usamde i det og seie at det ikkje er berekraftig for velferdsordningane på lang sikt. Men samtidig byggjer vi ned finansieringa av dei same velferdsordningane med skattelette. Debatten om velferdsstaten kan ikkje isolerast til å dreie seg om innvandring åleine, for det utgjer berre ein del av samfunnsendringa vi går gjennom.

– Bør vi ikkje fyrst og fremst hjelpe i nærområda?

– Å hjelpe i nærområda er openbert det rette. Når det lyder holt, er det fordi det som regel vert lagt fram som eit alternativ til å hjelpe menneske her. Når det kjem til stykket, syner det seg at viljen til å hjelpe i nærområda òg er ganske avgrensa. Ser du på norsk politisk historie gjennom dei siste 50 åra, er det gjennomgåande dei som har vore mest liberale når det gjeld å hjelpe menneske her, som òg har vore mest villige til å hjelpe i nærområda, seier Omdal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ingenting som tilseier at ikkje velferdsstaten vår kan vere stabil i overskodeleg framtid.

Sven Egil Omdal, journalist og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis