JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Turismens plage

Lokalbefolkning fortvilar over turistar som tek seg til rette, forsøplar og forureinar. Men turismen veks og skal vekse endå meir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Turistar nyt utsikten over Geirangerfjorden og røyken frå skorsteinen på eit cruiseskip. Ureininga som cruiseturismen skaper i vestlandsfjordane, har lenge blitt kritisert.

Foto: Hallgeir Vågenes / VG / NTB scanpix

10487
20180810

Bakgrunn

Reiselivsnæringa
i Noreg

Inkluderer bransjane overnatting, servering, transport, opplevingar og formidling.

Sysselset rundt 160.000 årsverk og utgjer 8 prosent av samla sysselsetjing i Noreg.

Skapar verdiar for rundt 100 milliardar kroner i året.

Hadde rekordår i 2017, med 33,3 millionar gjestedøgn.

Reiseliv

eva@dagogtid.no

Det er fleire enn Per Sandberg som har vore på tur i sommar. I fjor var det rekordår for norsk reiseliv med 33 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, ifølgje Innovasjon Noreg, og dei fyrste sommartala frå SSB tyder på at 2018 kan toppe fjoråret. På nettportalen Visitnorway, drifta av Innovasjon Noreg, vert veksten omtalt som «hyggelig» og som noko «store deler av landet nyter godt av».

Men på same tid som norske turistflokkar bråkar og bryt folkeskikken på Kos, flokar det seg òg her til lands når turiststraumen vert stor. Lokalbefolkninga fortvilar over turistar som tek seg til rette, campar der dei vil, og gjer frå seg og kastar søppel langs stiar, vegar, elvar og vatn. Frå store turistattraksjonar er det meldt om trafikkø, parkeringskø og køgåing. Sommaren har òg synt at debatten om ein turistskatt ikkje er daud, sjølv om både regjering og Storting avviste eit slikt forslag i fjor.

Like fullt finst det dei som vil ha meir turistar. Verdas turismeorganisasjon (UNWTO) har spådd at reiselivsnæringa internasjonalt i snitt kjem til å vekse med 3,3 prosent i året fram til 2030, og regjeringa ønskjer at Noreg får sin del av veksten. NHO og Innovasjon Noreg òg. «Vi har plass til flere», skreiv administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv nyleg i ein kronikk på NRK. «Nei, Norge er ikke fullt», seier Innovasjon Noregs reiselivsdirektør Bente Bratland Holm til Dagsavisen.

Er vi på veg mot full konfrontasjon?

– Lagnadstid

Arild Molstad, reiselivsekspert og tidlegare rådgjevar for UNESCO og National Geographic, meiner det er på høg tid at vi stoppar opp og diskuterer korleis Noreg kan handtere den auka turismen. Vi bør vurdere skattlegging, gebyr eller avgifter for å styre turismen inn på eit grønare, berekraftig spor, meiner Molstad.

Han har lenge åtvara mot besøkspresset mot populære reisemål som Bryggen i Bergen, vestlandsfjordane og Preikestolen og meiner turismen alt har vorte for stor – særleg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, altså Nærøyfjord-området og Geirangerfjord-området, der cruiseturismen er dominerande.

Sjøfartsdirektoratet slo i ein rapport i fjor fast at lufta i Geiranger og Flåm til tider er så forureina av skipsfarten at ho er helseskadeleg. Etter prognosane får Geiranger i år besøk av 360.000 cruiseturistar, men no har hamna sett tak på kor mange skip som får kome inn samstundes. Regjeringa har òg føreslege å innføre miljøkrav for cruiseskip som skal segle inn i verdsarvområdet på Vestlandet frå 2019.

Slike tiltak er langt frå nok, ifølgje Molstad. Han meiner veksten i cruiseturismen må stoggast til vi finn alternative måtar å drive fjordturisme på. Men det er ikkje nok.

Usunt

– Det er jo ikkje berre cruiseturismen som er usunn for eit sårbart land som Noreg. Det er dagsturisme generelt, bubilturismen, folk som kjem, vert nokre timar og så dreg att. Det medfører stort trykk og belastning nokre dagar og veker i året, og så er det dørgande stilt i november, seier Molstad.

Han ser fleire grunnar til å bremse opp og tenkje seg om.

– Opplevingsturismen er ein global trend, og no vil alle ha opplevingar. Men opplevingsturismen medfører eit potensielt større inngrep i naturen enn turistar som vitjar ei stavkyrkje og så tek bussen vidare. Vi bør tenkje konsekvensar mykje lenger fram i tid enn vi gjer no, seier Molstad.

– Dei sosiale media er ein annan grunn til at eg meiner vi er inne i ei lagnadstid for turismen. No kan du reise ein stad og ved hjelp av ein instagramkonto og to tastetrykk få 500 personar til å sjå at her var det flott. Før, då marknadsføringa gjekk føre seg via turoperatørar og reisebyrå, var det lettare å regulere turismen. No har han vorte meir uføreseieleg og vanskeleg å hanskast med, seier han.

Rapport på rapport

I mars i fjor la regjeringa fram den fyrste norske reiselivsmeldinga på 17 år. Der vert det stadfesta at «et økt antall reisende skaper belastninger på natur og miljø», og at «det kan påvirke lokalsamfunn», men òg lagt til grunn at dette er utfordringar som «først og fremst løses av reiselivsnæringen selv».

Meldinga vart presentert som «regjeringens politikk for en bærekraftig og lønnsom reiselivsnæring», men sa lite om berekraft. Då ti aktørar i reiselivsnæringa fire månader seinare la fram vegkartet «Mot et bærekraftig reiseliv», skreiv dei: «Reiselivsmeldingen (...) markerer et behov for å beskrive nærmere hva som kjennetegner et bærekraftig reiseliv, og hvilke utfordringer det innebærer.»

«Norsk reiseliv må ha som mål å tilby produkter som inneholder opplevelser og med mulighet for høy verdiskaping, samtidig som utslippene må være lavest mulig», heiter det i strategien, som òg seier at å maksimere talet på turistar «ikke (er) en farbar strategi for å fremme en grønnere reiselivsnæring».

Tolegrenser

Molstad var med på å utarbeide strategien og meiner nasjonale politikarar må bidra meir.

– Eg trur ikkje kommunane og bransjen evnar å ta konsekvensane av presset dagsturismen representerer. Til det er dei for splitta, og det er altfor mange som ønskjer maksimering av talet på turistar. Vi må finne ut kva tolegrenser vi har, og halde oss til dei. Då må vi òg sjå om vi kan bruke pris og andre verkemiddel til å regulere turismen.

Han meiner kommunane kan bruke parkeringsforbod, parkeringsgebyr og brukarbetaling for toalett og veg for regulere turismen, men det bør vere opp til politikarane sentralt å setje tak på kor mange cruiseturistar vi vil ha til Noreg. Hamnelova bør òg få ei utforming som gjer det mogleg for hamnene å setje grenser.

Tidlegare i år vart det publisert ein studie i tidsskriftet Nature Climate Change som synte at turismen står for åtte prosent av drivhusgassutsleppa i verda, og at klimaavtrykka frå turistindustrien aukar raskt, mellom anna på grunn av aukande flytransport.

– Går det i det heile teke an å snakke om eit berekraftig reiseliv?

– Forureining er eit stort problem, men turismen kjem ikkje til å forsvinne, så utfordringa er korleis vi endrar han. Kan vi få folk som kjem til å verte verande lenger i staden for å flyge vidare, og å reise kollektivt og miljøvenleg medan dei er her, hjelper det mykje, seier Molstad.

– Stort rom for vekst

Ifølgje NHO Reiseliv er det fyrst og fremst positivt å få fleire turistar til Noreg. Det gjev arbeidsplassar og vekst og potensial for endå meir vekst. Reiselivet utgjer rundt 160.000 årsverk i dag, og står for åtte prosent av samla sysselsetjing i Noreg. Det gjev 20 milliardar kroner i innbetalt skatt, inkludert 4,4 milliardar direkte til bustadskommunane.

Ole Michael Bjørndal, næringspolitisk fagsjef i NHO, ønskjer ikkje reduksjon i turismen.

– Å redusere turismen er ikkje ei god løysing, og heller ikkje naudsynt. Det vil ha dramatiske konsekvensar for næringa og innteninga, og ikkje vere særleg berekraftig for Noreg som nasjon. Næringa er klar over utfordringane og jobbar for å tiltrekkje seg reisande som gjev stor verdiskaping og låg miljøbelastning, seier han.

Bjørndal vedgår at masseturismen medfører utfordringar, og at kapasiteten er sprengd nokre stader i landet nokre sommarveker i året, men meiner det er ikkje er til hinder for at turismen totalt sett kan auke.

– Ser vi på hotellkapasiteten, har vi ei dekning på rundt 50 prosent samla, så nokre stader i landet har vi god plass til fleire. Klarar vi å spreie turistbesøka utover vinter, vår og haust, og meir rundt omkring i landet, er det stort rom for vekst.

Grøn vekst

Ifølgje NHO Reiseliv går det òg å sameine vekst i reiselivet med eit grønare og meir berekraftig reiseliv.

– Reiselivsnæringa er oppteken av å drive berekraftig og jobbar for å redusere matsvinn, forbruk og utslepp. Alle dei store reiselivsorganisasjonane i Noreg har òg gått saman om å be regjeringa ta nokre grep, mellom anna fjerne mottaksplikta for cruiseskip i den nye hamnelova som er under utarbeiding, seier Bjørndal.

Han meiner likevel det må vere opp til lokale styresmakter å setje tak og avgrense turismen der det trengst, eller gå inn for ein auke der det er mogleg.

– Utfordringa ved auka turisme er å skape harmoni mellom lokalbefolkning og besøkande. Dei som bur på stader der turismen aukar, må sjå det som eit gode, og det krev at kommunane har eit aktivt forhold til tolegrensene sine, seier han.

Fryktar gjentaking

Ei rekkje land og byar elles i Europa har innført turistskatt for å avgrense turiststraumen og for å bidra til betre infrastruktur eller vern av natur og kultur. I land som Italia, Hellas, Spania, Tyskland, Frankrike, Nederland, Portugal og Kroatia er det lagt skatt på hotellovernattingar.

New Zealand har nyleg varsla innføring av turistskatt og aukar avgifta for utanlandske besøkande frå neste år. Landet har litt over 4,4 millionar innbyggjarar og fekk i fjor besøk av 3,8 millionar turistar. Turistskatten, som skal vere mellom 140 og 200 norske kroner per person, kan verte lagd på flybilletten, og skal brukast til opprusting av infrastruktur og vernetiltak.

I Noreg har politikarane avvist å innføre turistskatt. Regjeringa argumenterte i reiselivsmeldinga med at ein slik skatt kunne verte konkurransevridande, redusere etterspurnaden, medføre omdømetap, vere kostbar å administrere og vanskeleg å innrette rettvist.

Reiselivsforskar Åsa Grahn ved Universitetet i Stavanger seier Noreg ikkje har problem med såkalla overturisme, eller for mykje turisme, slik andre europeiske land og byar kan ha. Derimot meiner ho det må gjerast ein innsats for å hindre at vi kjem dit.

– Reiselivsaktørane og dei ulike regionane må gå saman for å klare å fordele turismen betre mellom seg og utover året. Det er for stort trykk på nokre store attraksjonar alt i dag. I fjor var det stort press på Lofoten, og vi er redde noko slikt skal gjenta seg. Då kan vi få det som i Spania, der turismen ikkje lenger er ønskt av lokalbefolkninga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi er inne i ei lagnadstid for turismen.

Arild Molstad, reiselivsekspert

– Dei som bur på stader der turismen aukar, må sjå det som eit gode.

Ole Michael Bjørndal, NHO Reiseliv

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis