Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor, selskapet som driv norske flyplassar, er i krise. Igjen. Gjelda er for stor, utgiftene for høge, inntektene veks ikkje nok, og regjeringa trør til for å hjelpe: Neste år aukar avgiftene flyselskapa må betale til Avinor. Samtidig blir passasjeravgifta kutta med 600 millionar for å hjelpe flyselskapa og halde billettprisane nede, men det er uklart om tiltaka er tilstrekkelege.
Den akutte krisa tok til med pandemien i 2020. Jo færre som flyg, jo mindre tener Avinor, og flytrafikken har framleis ikkje kome attende til høgdene frå 2019. I 2023 var Avinor på konkursens rand og måtte bergast av regjeringa, skreiv E24 i november i fjor.
Denne situasjonen er langt utanom det vanlege. Men det er ikkje noko nytt at inntektene blir mindre og utgiftene høgare enn Avinor hadde venta. Dette er eit gjennomgåande tema i den 21 år lange historia til selskapet.
Store voner
Da Avinor vart oppretta av Bondevik-regjeringa i 2003, var forventingane store. Luftfartsverket vart til det statseigde aksjeselskapet Avinor, som skulle drivast etter «forretningsmessige prinsipp». Slik skulle norske flyplassar bli meir rasjonelt styrte og billegare å drive. Samferdsledepartementet venta «en betydeleg effektivisering av driften», heitte det.
Men slik gjekk det ikkje, slo Riksrevisjonen fast seks år seinare. Driftskostnadene hadde auka langt raskare etter opprettinga av Avinor enn dei gjorde da Luftfartsverket styrte flyplassane. Hovudårsakene var sterk lønsvekst og auke i talet på administrativt tilsette i selskapet. Samferdsledepartementet sa seg samd i at Avinor måtte drivast meir effektivt, og lova å følgje opp selskapet tettare. Men da Riksrevisjonen laga ein større rapport om Avinor i 2018, stod det ikkje betre til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.