Aukande Kina-skepsis i Brussel

EU-leiarar signaliserer ei ny og krassare tilnærming til Kina. Spørsmålet er om dei får medlemslanda med på strategien.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og Frankrikes president Emmanuel Macron møtte førre veke Kinas president Xi Jinping i Paris. Dei tre er ikkje heilt samde om kva som ligg i omgrepet «gjensidig marknadstilgang».
Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og Frankrikes president Emmanuel Macron møtte førre veke Kinas president Xi Jinping i Paris. Dei tre er ikkje heilt samde om kva som ligg i omgrepet «gjensidig marknadstilgang».

Kina har vorte ein mykje større aktør på den globale arenaen dei siste åra, i Europa òg. No har sentrale EU-land og -institusjonar teke til å snakke høgt om utfordringane og risikoen det auka kinesiske nærværet medfører.

Førre månad fremja EU-kommi­sjonen ti tiltak for å tøyme Kinas veksande økonomiske makt og aukande politiske påverknad i Europa. I dokumentet EU–China: A strategic outlook vert Kina omtalt som ein økonomisk konkurrent som jaktar på teknologisk leiarskap og ein «systemisk rival» som fremjar alternative styringsmodellar. Frankrikes president Emmanuel Macron har òg uttalt at «tida for europeisk naivitet er over».

Ei oppvakning

Forskar ved Universitetet i Bergen og Norsk utanrikspolitisk institutt Hans Jørgen Gåsemyr meiner det no skjer ei oppvakning i EU, og det er på høg tid.

– Det har vore for lite merksemd om den gradvise veksten i kinesiske investeringar. Sjølv om Kina førebels ikkje er ein veldig stor aktør i Europa, er landet så mykje større enn for ti år sidan, og det kan verte endå større ti år fram i tid, seier han.

Saman med NUPI-kollega Bjørnar Sverdrup-Thygeson og eit nettverk av forskarar rundt i Europa var han i 2017 med på å kartleggje omfanget av, innhaldet i og forholda rundt kinesiske investeringar i 19 europeiske land. Rapporten Chinese Investment in Europe: A Country-Level Approach, publisert i regi av European Think Tank Network on China synte at omfanget av kinesiske investeringar i Europa var langt høgare enn det som hadde vore kjent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement