JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

REUTERS/Shamil Zhumatov

REUTERS/Shamil Zhumatov

2211
20181012
2211
20181012

Astronautar
måtte naudlande

To astronautar på veg mot Den internasjonale romstasjonen (ISS) måtte torsdag naudlande kort tid etter utskyting av romfartøyet Soyuz frå ein base i Kasakhstan. Det varsla den amerikanske statlege romfartsorganisasjonen NASA via Twitter i går. The Independent melder at det vart oppdaga ein stor funksjonsfeil ved romfartøyet, men at dei to astonautane kom trygt ned på jorda att. Astronautane, ein russar og ein amerikanar, skulle til Den internasjonale romstasjonen, som går i bane rundt jorda i ei høgd på omtrent 386 kilometer, for å hjelpe med reparasjonar.

Nederlendar vil
til EU-toppen

Den nederlandske politikaren Frans Timmermans har stadfesta at han ønskjer å overta som EU-kommisjonspresident etter luxembourgaren Jean-Claude Juncker neste år. Det skriv nyhendenettsida Euractiv. Timmermans, som i dag er visepresident i kommisjonen og Junckers høgre hand, har sagt at han vil leie partiet sitt, det nederlandske arbeidarpartiet PvdA, i valet til Europaparlamentet i mai og vere hovudkandidaten til den sosialistiske og demokratiske gruppa EU-parlamentet.

PvdA gjorde eit dårleg val i fjor, men Timmermans reknar likevel med at statsminister Mark Rutte skal nominere han som kommissær igjen.

Monsanto ankar

Ein dommar i California har opna for at det kan verte ny rettssak for Monsanto og eigaren, farmasigiganten Bayer, etter at dei tidlegare i år vart dømde til å betale ein kreftpasient 289 millionar dollar. Det skriv avisa The Guardian.

Det var ein jury i San Francisco som i august kom til at ugrasmiddelet Roundup frå Monsanto truleg hadde gjeve den 46 år gamle skulegartnaren Dewayne Johnson krefttypen Non-Hodgkins lymfom. Johnson skal ha brukt Roundup for å drepa ugras på skulen, og skal ved fleire høve ha fått stoffet over heile kroppen på grunn av vind. Juryen meinte Monsanto visste, eller burde ha visst, at Roundup kunne medføre kreft, og dømde selskapet til å betale 250 millionar dollar i straff, i tillegg til 39 millionar dollar for å gje Johnson eit betre liv.

California-dommaren Suzanne Bolanos meiner det manglar bevis som kan rettferdiggjere den store straffesummen, og har gjeve uttrykk for at ho vil redusere denne og ha ei ny rettssak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis