JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Arven etter Putin

Det russiske politiske systemet førebur seg på maktskifte. Det treng ikkje gå i meir demokratisk retning, ifølgje analytikarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin har bygd seg opp til ein så sterk posisjon at det er vanskeleg å sjå at nokon kan fylle skoa hans, seier seniorforskar Helge Blakkisrud ved Nupi.

Foto: Sputnik/Alexei Nikolsky/Kremlin via REUTERS

8332
20180907
8332
20180907

Russland

eva@dagogtid.no

– Eg ser ikkje teikn – verken blant makteliten eller blant folk – til at det kan gå mot eit ikkje-fredeleg maktskifte. Det betyr ikkje at det kan avvisast, men det er ingen teikn til det per no.

Det seier den russiske analytikaren Ekaterina Schulmann. Ho er fyrsteamanuensis i statsvitskap ved Russlands presidentakademi for økonomi og administrasjon, statsvitar og ein populær førelesar og forskar både i og utanfor Russland. Denne veka var ho ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) i Oslo for å snakke om korleis det russiske politiske systemet førebur seg på maktskifte.

Vladimir Putin er inne i det som etter grunnlova er siste perioden han kan sitje som president. I 2024 må det skje endringar. Kva og korleis er ifølgje Schulmann temaet over alle tema for den russiske politiske eliten alt i dag, sjølv om ingen av dei med makt sjølv kan diskutere spørsmålet offentleg.

Schulmann seier det finst tre ulike scenario: Dei kan finne ein eigna arvtakar etter Putin, dele opp makta som no er samla hjå presidenten og fordele til eksisterande eller nye institusjonar, eller endre grunnlova slik at Putin kan sitje lenger.

Utvida makt

Den russiske presidenten har mykje makt. Det er han som utnemner statsminister og sentralbanksjef, han er sjef for dei væpna styrkane og har direkte kontroll med utanriksdepartementet, forsvarsdepartementet, innanriksdepartementet og justisdepartementet. Men med Putin er òg den uformelle makta til presidenten styrkt. Putin personifiserer i dag russisk politikk og balanserer dei ulike fløyene i maktapparatet opp mot kvarande. Det seier seniorforskar Helge Blakkisrud, som leiar forskingsgruppa for Russland ved Nupi.

Den personlege makta til Putin vart særleg tydeleg då han gjekk av som president etter to periodar i 2008, men uformelt tok med seg mykje av makta over til statsministerposten i dei fire åra Dmitrij Medvedev var president. På same tid vart grunnlova endra, og presidentperioden utvida frå fire til seks år medan parlamentsperioden vart utvida frå fire til fem år.

Etter grunnlova kan same person sitje som president i to periodar etter kvarandre. Putin har nyleg starta sin andre periode for andre gong.

Blakkisrud meiner Putin har bygd seg opp til ein så sterk posisjon at det er vanskeleg å sjå at nokon kan fylle skoa hans.

Utfordringar

Schulmann er ein populær kommentator, og ho har eit eige program på den uavhengige radiokanalen Ekho Moskvy. Ho meiner Putin har lukkast med tre viktige roller i det politiske systemet, som det så langt ikkje er nokon som kan erstatte han i: Han gjev Russland legitimitet internasjonalt, og den russiske politiske eliten oppfattar at han vernar interessene deira utanlands, han har stor legitimitet og popularitet internt, og han balanserer og har kontroll med dei ulike klanane og maktgruppene i det politiske systemet.

No har det likevel oppstått utfordringar på alle dei tre felta, noko som kan rokke ved maktbalansen, ifølgje Schulmann.

Trass i inntrykket av at Russland har suksess i utanrikspolitikken, har ikkje handelsrestriksjonane mot Russland vorte lettare, verken frå EU eller frå USA – snarare tvert om.

Internt har populariteten til både presidenten og andre statlege aktørar og maktinstitusjonar stupt dei siste månadene, etter at regjeringa i juni varsla ei omfattande pensjonsreform, som ville innebere fem år høgare pensjonsalder for menn og sju år høgare for kvinner. I tillegg synte målingar i fjor at over 50 prosent av russarane no meiner protestaktivitet, som å demonstrere, er greitt og ikkje bør stoppast. Schulmann kallar det ei «normalisering av protestar» og meiner nedgangen i popularitet har opphav i den økonomiske stagnasjonen tilbake i 2011 og krisa som byrja hausten 2014. Då tok realinntektene til russarane til å gå nedover att etter 15 år med auke, og like etterpå slo handelsrestriksjonane inn.

– Folk er skuffa. Vi ser av tala våre at det er færre som meiner at Russland treng ein sterk leiar, og at staten bør vere sterk, og fleire som meiner at staten bør vere rettvis, seier ho.

Prisane på olje og andre russiske eksportvarer har gått opp og ned dei siste åra, men ikkje nådd nivået frå dei beste oljeåra, ifølgje Schulmann.

– Politisk inneber dette at systemet som er bygd opp kring innsamling og fordeling av ressursar i maktapparatet og deretter blant folket, har større problem med å få tak i ressursane. Det igjen betyr meir konkurranse internt i maktapparatet. Vi ser ikkje endringar i maktforhold enno, men dette er noko vi forskarar følgjer nøye, seier ho.

Forslaget til pensjonsreform er no mjuka opp av Putin etter det sterke fallet på meiningsmålingane. Schulmann trur ikkje misnøya og protestane kjem til å spreie seg.

– Nei, eg trur ikkje vi kjem til å sjå masseprotestar etter dette, men vi kan vente at slike saker er med på å eskalere endringar i opinionen og såleis kan påverke både maktskiftet på lang sikt og det noverande partisystemet vårt, seier ho.

Kan sjå mot Kina

Kva for scenario for maktskifte som er mest truleg, er for tidleg å seie, ifølgje Schulmann.

Det enklaste for det russiske politiske regimet vil vere å endre grunnlova slik at Putin kan sitje lenger, seier ho. Det er heller ikkje eit heilt utenkjeleg scenario, slik ho analyserer det: Kinesarane har nett endra grunnlova for å kome unna regelen om at ein person berre kan sitje to periodar etter kvarandre, og Kina vert sett på som eit føredøme av mange i den russiske politiske eliten. Ideen om ein såkalla kinesisk modell har eksistert i den offentlege debatten i Russland sidan perestrojka, og i sterkare grad etter 2014 og handelsrestriksjonane med Vesten.

– Det finst dei som meiner Russland no må vende seg mot Kina og velje Kina som føretrekt handelspartnar og politisk alliert.

Samstundes har legalismen som er innebygd i systemet, ein tendens til å verne om den russiske grunnlova, seier ho.

– Det politiske systemet hyllar stabilitet og treng eit visst skin av lovlegheit. Å utvide perioden for kor lenge presidenten kan sitje, er éin ting, å endre grunnstrukturen kan verte for mykje, seier ho.

Går politikarane i staden inn for å finne ein arvtakar etter Putin, kan det i teorien gjerast på same vis som i 2008, då Putin og Medvedev bytte posisjon, ifølgje Schulmann. Motargumenta til eit slikt alternativ er at all makta er knytt til den sitjande presidenten.

– Det er ikkje sikkert dei kjem til semje om ein arvtakar som kan halde på all makta den noverande presidenten har hatt medan systemet var på sitt beste, rikaste og yngste. Dei kjem til å måtte dele opp ansvaret på ein eller anna måte.

Det tredje scenarioet handlar nett om å fordele makt frå presidentembetet til eksisterande eller nye institusjonar. Det kan til dømes innebere ei gjenoppliving av statsrådet, som Putin skipa i sin fyrste periode som president for å gje dei regionale guvernørane direkte tilgang til presidenten, men som i dag ikkje har noka politisk rolle. Det kan òg innebere ei styrking av det russiske tryggingsrådet, som samlar den sentrale makteliten og koordinerer utviklinga av nye strategiar og politikk.

Frykt for utbrytarar

Tryggingsrådet har stor makt alt i dag. Dersom Putin skulle velje å gå inn i rolla som sekretær for tryggingsrådet når han gjev seg som president, kan han framleis vere med på å trekkje dei store linene i russisk politikk i mange år framover. Det seier Blakkisrud ved Nupi.

Han ser ikkje føre seg at det vert meir demokratisk styre av eit maktskifte, same kva scenario ein får.

– Eg trur målet for Kreml er ei styrt maktoverføring med minst mogleg friksjon internt. Det dei fryktar no, er ikkje så mykje dagens opposisjon, men avskalingar i det eksisterande regimet, at ein klan eller ei gruppe skal bryte ut og utfordre makta. Ein slik maktkamp er det viktig for Putin å unngå.

Schulmann seier at det politiske systemet vil sjå etter eit scenario som sikrar eiga overleving. Og ho trur det vert synleg kva veg det går, innan parlamentsvalet i 2021.

– Det politiske systemet kan ikkje leve i uvisse til 2024, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje sikkert dei kjem til semje om ein arvtakar som kan halde på all makta den noverande presidenten har hatt.

Ekaterina Schulmann, forskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis