JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

A-lag og B-lag
i Bonde-Noreg

Bønder tener svært godt, eller særs dårleg,
alt etter kven ein spør.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kyr på beite på Kvitheim på Voss, 20. mai 2017.

Foto: Svein Ulvund

10697
20170602

Bakgrunn:

Den norske gjennomstnittsbonden hadde ei gjennomsnittsinntekt frå garden på 191.600 kroner i 2015.

Berre 12 prosent hadde over 90 prosent av inntekta si frå gardsdrifta.

Best tente fjørfe- og svineprodusentane, med ei næringsinntekt på 470.000 kroner.

Taparane dei siste åra har vore dei tradisjonelle mjølke- og sauebøndene på Vestlandet.

Landbruksoppgjer

jon@dagogtid.no

I samfunnsøkonomien lærer ein at inntekt er ein funksjon av produktivitet: Di meir produktiv du er, di høgre inntekt får du. Kva er så produktivitet ein funksjon av? I hovudsak intelligens; di høgre IQ du har, di høgre inntekt får du. Ulempa med dette er sjølvsagt at di lægre IQ du har, di lægre inntekt får du. Gjeve at desse påstandane er sanne, er norske bønder særs intelligente. Dei ligg nemleg heilt i inntektstoppen i Noreg, skal vi tru Statistisk sentralbyrå (SSB). I 2015 tente norske bønder i gjennomsnitt 642.300 kroner i året. Det er vel 120.000 meir enn gjennomsnittet for heiltidstilsette i Noreg elles. Det er ikkje til å koma forbi: Norske bønder spelar ikkje tennis, men dei er både intelligente og godt lønte.

Om bønder les denne teksta, har dei alt no rekt opp handa. Dei vil hevda at fyrste avsnitt er prega av grove feil. Dei vil seia at ingen andre yrkesgrupper må svara for inntekter dei har utanom den vanlege jobben, og at den offisielle lønsstatistikken elles handlar om kva ein tener på ein vanleg heiltidsjobb. Og ja, det er rett, bonden vert telt både ein og to og tre gonger. Er han lærar, tel han som lærar i lønsstatistikken, brøytar han snø for kommunen, tel han som tilsett i teknisk etat, og arbeidar han skift i Nordsjøen og får kona til å fôra oksane, tel han som arbeidar i oljeindustrien. Så nei, det er ikkje heilt rimeleg å kalla bønder ei høginntektsgruppe, sjølv om bønder altså tener godt.

SSB nyanserer

SSB er då også klar over at statistikken kan verka urimeleg. Difor har dei brote inntekta til bøndene ned i fleire underkategoriar for å nyansera biletet. Den største inntekta hentar bøndene utanom garden gjennom vanleg lønsarbeid. Bønder hadde i 2015 ei brutto lønnsinntekt på 263.700. Næringsinntekta frå jordbruk var på si side 191.600. Andre næringsinntekter var på 73.300. Pensjon – ein del bønder held fram med å drive gard etter at dei har nådd pensjonsalderen – var på 52.400, og på toppen kom kapitalinntekter på 61.300. Til saman vert dette altså 642.300 kroner.

Men heller ikkje 191.600 er eit heilt rett og dekkjande tal. For det er ikkje til å koma forbi at ein del bønder har garden meir som hobby enn som inntektsskapar. 30 prosent, og dette er nokså stabile tal år for år, har ikkje positiv næringsinntekt i det heile. Og nei, dei negative inntektene handlar ikkje om det såkalla jordbruksfrådraget som bønder får, og vi snakkar heller ikkje om renter på lån. SSBs statistikk for næringsinntekt tek ikkje med anna enn reine utgifter og avskrivingar, altså slikt som kunstgjødsel, kraftfôr og verdireduksjon på realkapital, men altså ikkje renter på lån eller særmerkte skattefrådrag. Det er altså slik at ein tredjedel av norske bønder har høgre utgifter enn det dei har i inntekter frå garden. Når du ser ein velhalden korngard på Austlandet, kan du trygt rekna med at bonden sponsar vedlikehaldet med inntekter frå utanom garden.

273.000 før frådrag

Også dette har SSB teke høgd for. I 2015 var det 39.600 bønder som tok imot landbruksstøtte frå staten; knapt 12.000 hadde negativ inntekt, 27.800 hadde positiv inntekt. Desse knapt 28.000 bøndene hadde i gjennomsnitt 273.000 i næringsinntekt frå garden. Er det mykje eller lite? Det kjem sjølvsagt an på kven ein spør, men det ein kan slå fast, er at det ikkje er på langt nær nok om vi ser på gjeldssituasjonen til bøndene. Gjennomsnittsgjelda per bonde, og då er bøndene med negativ inntekt inkludert, var 1.988.000 kroner. Korkje 191.600 eller 273.000 i bruttoinntekt er i nærleiken av å forsvara ei så høg gjeld. Den realkapitalen norske bønder har, er for ein stor del sponsa av inntekter frå arbeid utanom garden.

Kven tener så best av dei norske bøndene? Det historiske svaret har vore dei store kornbøndene i Trøndelag og på det sentrale Austlandet. Slik er det ikkje lenger. Kornproduksjon har vorte kapitalintensivt og prega av sesongarbeid. Dimed driv dei aller fleste kornbønder med heiltidsarbeid utanfor garden; berre 8 prosent av kornbøndene hadde gardsdrift som den største inntektskjelda. Dei tente i 2015 berre 106.000 kroner på garden, og det sjølv om 2015 var eit eksepsjonelt godt kornår, med tidleg vår og ein god sumar. Dette galdt ikkje berre for kornbøndene, men bønder generelt, skriv SSB: «Gode vekstforhold for store deler av landet var en av grunnene til økningen i jordbruksinntektene frå 2014 til 2015.»

Og ja, auken i jordbruksinntekta frå 2014 til 2015 var historisk høg og landa på 10,3 prosent. Medan Framstegspartiet har hatt Landbruks- og matdepartementet, har bøndene i gjennomsnitt fått ein auke på over 18 prosent – nesten dobbelt så mykje som gjennomsnittet for alle andre yrkesgrupper. Særleg god har utviklinga vore for dei som får driva med storstilt import av kraftfôr og soya, nemleg dei som driv med svin og/eller fjørfe. Dei hadde i gjennomsnitt ei jordbruksinntekt på 470.000 kroner. Inntekta deira gjekk opp med heile 60.000 kroner frå 2014, eller knapt 15 prosent. Somme vil vel seia at det er noko paradoksalt over ei regjering som tillèt storstilt import av soya frå Brasil, samstundes som ho nyttar milliardar på å verna brasiliansk regnskog frå å verta konvertert til soyaproduksjon. Lægst inntekt av alle bønder hadde elles dei som driv nær eksklusivt på norsk fôr, nemleg sauebøndene, som tente 91.000 på garden. Dei fekk òg den lægste lønsveksten både i absolutte og relative tal mellom 2014 og 2015. Auken vart på 1000 kroner, eller drygt 1 prosent.

få heiltidsbønder att

Kva med heiltidsbonden? Finst han? Ja, men ikkje i stor grad. Berre 12 prosent hadde over 90 prosent av inntekta si frå gardsdrifta. Det er i hovudsak mjølkebøndene som driv den mest intensive landbruksproduksjonen, tre av fire mjølkebønder hadde hovudinntekta si frå garden. I 2015 tente mjølkebøndene vel 400.000 – altså 70.000 mindre enn svin- og kjuklingprodusentane, der berre halvparten hadde hovudinntekta si frå garden.

Det er liten tvil om at oppmjukinga av kraftfôrimport for svin- og fjørfebønder har vore ein suksess om ein ser isolert på inntektene til desse bøndene, men medaljen har ei bakside: ei dramatisk auke i investeringane. Bøndene som driv med gris og kjukling, har ei gjennomsnittsgjeld på 5 millionar kroner, og 51 prosent av desse bøndene har over 4 millionar i gjeld. 470.000 i bruttoinntekt er ikkje nok til å forsvara ei så høg gjeld. Den dagen renta går opp, står vi truleg framfor ei konkursbylgje mellom svin- og fjørfeprodusentane.

Når det er sagt, er det altså ingen tvil om at norske bønder har hatt ein svært god inntektsauke dei siste åra. Så kvifor braut då bøndene landbrukstingingane no i mai? Svaret er gjennomsnitt og næring. Ingen bonde tener gjennomsnittsinntekta til SSB. Bøndene har vorte delte i A- og B-lag. Vinnarane av landbruksoppgjera dei siste åra har vore dei store bruka, og dei ligg som kjent på Jæren, i Trøndelag og på den sentrale Austlandet. Taparane har i hovudsak vore bøndene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, altså Vestlandet utanom Rogaland.

Som AgriAnalyse skriv i rapporten «Vestlandsjordbruket – vinn eller forsvinn»: «Fra begynnelsen av 2000-tallet klarer ikke de gjenværende bøndene (på Vestlandet) å drive videre arealene som blir frigjort fra de nedlagte brukene, og flere områder trues av «sistebonde»-effekten, der det kun er én eller få gjenværende bønder, og slutter de eller den, vil alt areal i en grend gå ut av drift.» Vestlandsbøndene greier heller ikkje å halda tritt med den generelle matproduksjonen korkje når det gjeld storfe- og sauekjøt, mjølk, frukt og bær. Vestlandets samla del av matproduksjonen går ned og ned.

Stadig mindre tilskot

Den typiske vestlandsbonden driv med kombinert mjølke- og storfeproduksjon på basis av grovfôr, altså gras, og det er særleg desse som kjenner seg truga av endringane i tilskotsordningane som har kome dei siste åra. I 2000 kom 45 prosent av inntektene til mjølkebøndene frå tilskot, i 2014 var det same talet 32,5 prosent. Utviklinga har tent dei store bruka, og ført til tap for dei mindre.

På Vestlandet ser ein òg at bruka ikkje lenger veks i takt med at bønder legg ned og leiger ut eller sel jorda. Frå 2003 til 2013 hadde Møre og Romsdal ein reduksjon i landbruksareal på 11,4 prosent, medan ein på landsbasis hadde ein reduksjon på berre 4 prosent. Gras- og beitearealet gjekk ned med 10 prosent i Møre og Romsdal, samstundes som det gjekk opp med 23 prosent i Oslo/Akershus, 29 prosent i Østfold og 35 prosent i Vestfold. Og alt dette skjedde før landbruksavtalen i 2014, som auka tilskota til dei største bruka sterkt. Det er ikkje til å koma forbi at dei store kornprodusentane på Austlandet i stadig aukande grad legg om produksjonen frå korn til gras og dimed tek ein stadig større del av marknaden frå vestlandsbøndene.

At kjukling- og svineprodusentane har fått relativt lægre fôrkostnader, har òg vore negativt for vestlandsbøndene. I takt med at den relative prisen på kjukling og svin i butikkane har gått ned, har storfe vorte dyrare og konsumet gått ned tilsvarande. På landsbasis har storfeproduksjonen gått ned med 13 prosent mellom 2000 og 2014, i Hordaland har den same produksjonen gått ned med 33 prosent, og i Møre og Romsdal har han gått ned med 30 prosent. Opprøret bøndene hadde mot landbruksavtalen både i 2014 og i år, er langt på veg eit vestlandsopprør. Sett vekk frå jærbøndene har ikkje grovfôrprodusentane på Vestlandet merka noko til inntektsfesten.

To sunnmøringar

Tala frå landbrukskontoret i Ørsta, som er ein av dei største landbrukskommunane i Møre og Romsdal, er talande. 2015, som altså gav gjennomsnittsbonden ei auka inntekt på 10,3 prosent på landsbasis, synte ein sterk nedgang i tilskot i Ørsta. I 2014 var landbruksstøtta frå staten på 43,8 millionar, i 2015 var det same talet 40,5 millionar. Ja, talet på bønder gjekk ned med seks, men også gjennomsnittsbonden fekk mindre. Tilskotet per bonde i Ørsta var på 243.000 i 2014. I 2015 var tilskotet 231.000. Nedgangen i relative og absolutte tal heldt fram i 2016.

Både Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug er frå Sunnmøre. Der er dei båe populære, men kanskje ikkje grunna landbrukspolitikken.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 2000 kom 45 prosent av inntektene til

mjølkebøndene frå tilskot, i 2014 var det

same talet 32,5 prosent.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis