JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Abrahamsapokalypsen

Martyrane – som i Gaza og Israel no –?er vitne om dei siste tider. Jødisk, kristen og islamsk endetidslære har dei same mørke kjeldene og difor særs mykje sams.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Predikanten Ustadh Wahaj Tarin om «Mahdi, Antikrist og Jesus» på kanalen iLovUAllah som har 2,5 millionar fylgjarar (skjermdump).

15286
20231201

Midtausten og martyriet (4)

Håvard Rem skriv om martyriet som tradisjon og aktualitet i Midtausten.

3.11: Sjølvofferet (1)

10.11: Porten til paradiset (2)

17.11: Hamas’ plan for åtaket og krigen (3)

1.12: Abrahamsapokalypsen (4)

Bakgrunn

havard@dagogtid.no

Så heftig og global endetidsforkynning som i haust har det kan henda ikkje vore sidan 1967 og den tredje krigen mellom Israel og arabarstatar, kjend som seksdagarskrigen. Evangeliske kristne høyrer me frå no òg, i lag med høgortodokse israelarar, men dei som denne gongen når flest med apokalyptiske undergangsprofetiar, no via verdsveven, er muslimske predikantar.

Stikkprøver frå stader eg har vitja og kan setja i samanheng – Doha i Qatar og Sandnes i Rogaland, Gamlebyen i Jerusalem og Kuala Lumpur i Malaysia –?syner at Hamas–Israel-krigen vert lesen inn i eit religiøst harmageddon der dødstala på Gaza vert dropar i blodhavet.

Endetidslære

Endetidslære, kva er det? For ein kultur er ho like viktig som opphavssoga. Sekulære held seg med slikt, dei òg. Då er opphavssoga darwinisme og endetidssoga ei global oppvarming der kloden til slutt står i brann –?nett som siste fase i jødisk, kristen og islamsk endetidslære. Dei tre har så mykje sams at me kan kalla dei Abrahamsapokalypsen, som lesaren ikkje skal forveksla med den USA-initierte Abrahamsavtalen, sjølv om radikale religiøse ser avtalen som eit endetidsteikn.

Likskapen mellom jødisk, kristen og islamsk endetidslære er ikkje tilfeldig, men går djupt. Dei litterære kjeldene er apokalyptiske profetbøker i Den hebraiske bibelen (Tanakh, GT), Johannes’ openberring i Den kristne bibelen (NT) og syrisk-arabiske versjonar og tillegg i Koranen og hadithane.

Hovudhendingane er dei same: Messias, krig, oppstode, dom og dobbel utgang (paradis eller jahannam, himmel eller helvete). Dei kulturreligiøse tolkar undergangsprofetiane allegorisk, dei bokstavtru les dei bokstavleg. Dei sistnemnde er flest. Det er dei som vert martyrar og krigarar. Her skal det ikkje handla om kva dei lærde drøftar, men om kva folk trur. Ein teolog som forstår harmageddon metaforisk, skriv i fagtidsskrift. Religiøst lærde som vert kjende for forsoningsarbeid, finn gjerne ei bokstavleg endetidstru smaklaus. Men ein predikant som forstår harmageddon bokstaveleg, kan ha fleire millionar YouTube-sjåarar.

Dei fyrste teikna

Endetidsfeberen nådde eit høgdepunkt i 1948. Opprettinga av staten Israel, og krigen som fylgde, såg mange som eit endetids­eksodus – for jødar eit teikn på Messias’ kome, for kristne og muslimar eit teikn på Jesu atterkome. I Oslo i 1949 vart heftet Bortrykkelsen og tiden deretter prenta i 14.000 eksemplar. Domedag nærma seg. I 1967, då heile Jerusalem vart israelsk, kom nye vekkingar. I Noreg vart hefte som 40 tegn på Jesu snare komme og Antikrist bestseljarar.

I haust er det ny endetidsfeber. Nok ein gong vert det varsla at dei er nær, Jesus og Antikrist –?Isa og Dajjal, som muslimane kallar dei. Dei små teikna ­–?moralsk forfall, som i Vesten –?har lenge vore tydelege. Så kjem dei store teikna. Kva er dei? Krig mot dei rettruande, som i Midtausten no.

Den falske kjem

Men før Messias/Jesus/Isa kjem, skal det koma ein falsk messias. På arabisk heiter han Al-Masih ad-Dajjal, Den falske messias. Det kristne namnet har same innhald: Antikrist, «i staden for messias» (Kristus er gresk for messias).

Med Dajjal kjem ei vond tid, trengselstida, og no meiner mange at ho alt er her. Krigen mellom Israel og Hamas har reaktualisert Dajjal. Slik kristne predikantar varsla Antikrist under seksdagarskrigen i 1967, fløymer no verds­veven over med Dajjal-varsel.

Mahdi kjem

Til slutt går det godt. Slik Dajjal/Antikrist kom med krig, vil Jesus/Isa koma med fred, etter fyrst å ha sigra over Dajjal.

Hjå muslimane, særleg sjiaane, kjem ein figur mellom dei to: Mahdi, den rettleidde. Kven er Mahdi? Muslimske vener har freista å opplysa meg. For somme er han ein forlaupar for Jesus, som Døyparen Johannes. For somme er Mahdi og Jesus ein parallell til dei to messiasane i Daudehavsrullane. For somme er Mahdi tittelen til Jesus, som Kristus.

Éin av to palestinarar trur (2012) at Mahdi vil koma att i deira levetid. Med krigen har talet neppe vorte lægre.

Professor Spahic Omer (foto: Sarajevo internasjonale universitet)

Jødar som fortropp

Kva vert no forkynt om Dajjal og Mahdi? Ei presisering fyrst: Litterære profetiar er sjangermessig i slekt med sciencefictionlitteraturen. At ein skildrar framtidige krigar og blodbad, er ikkje det same som at ein ynskjer dei eller vil ta del i dei.

For å byrja moderat med ein akademikar: Få dagar etter Hamas-terroren 7. oktober skreiv Spahic Omer, professor ved International Islamic University Malaysia (IIUM) i Kuala Lumpur, på IslamiCity, ei nettside skipa av den iranske økonomen Hossein Askari: «Det kan verka søkt, men dei siste hendingane i tapre Gaza tyder på at me no er eit steg nærare apokalypsen som læraren over alle lærarar – profeten Muhammed, fred og signing over han og familien hans – fortalde oss om i levande og presise detaljar. Profeten fortalde oss at eit stort teikn på at domedag er nær, vil vera når muslimar som dei einaste talsmennene for sanninga vil nedkjempa jødane som ein framståande del av dei som vil fylgja Dajjal (den falske messias). Jødane kan gjerne vera fortroppen for resten.»

Omer har elles førelese om islamsk arkitektur på universitetet i Sarajevo. Til dagleg under­viser han i Kuala Lumpur, som – til liks med Istanbul ­– er ei moderne og førebels liberal lomme, der eg møtte studentar som hadde søkt seg dit frå langt strengare land.

Endetid i Sandnes

Kva med her heime? Er nordmenn opptekne av dei siste tider no i 2023, slik me var under Midtausten-krigane i 1948 og 1967? Ja. I bibelbeltet har Bibelbutikken utsal i Sandnes og Egersund, med minst femten ulike bøker om endetida, somme av dei prenta i fleire opplag. Døme er Den kommende apokalypse. Hva du bør vite om Endens tid og Jesu gjenkomst av Robert Adams, busett i Noreg, Peter Tsukaharis Israel ­– Guds endetidsklokke og Hans Bratteruds seks band om mellom anna «DST og Opptakten til Harmageddon­krigen», der DST, ikkje PTSD, er ei forkorting for Den store trengselen.

Eit trussamfunn i Sandnes som er oppteke av endetida, er Pinsemenigheten Klippen, som skriv i sitt trusgrunnlag: «Vi tror at Jesus Kristus skal komme tilbake for å hente sine og deretter opprette det fullendte Guds rike. Vi vil formidle håpet om kroppens oppstandelse og det evige liv.»

I samband med eit Israel-seminar Klippen heldt i 2008, sa då­-
verande forstandar Fred Håberg: «Det profetiske ord i Bibelen kan være en viktig forklarende faktor til det som skjer i Israel. Uten dette fundamentet kan det være vanskelig å navigere riktig.»

Verre enn holocaust

Ein norsk endetidsnestor var Aril Edvardsen (1938–2008), ein Agder-evangelist som støtt vitja Rogaland. «Når Dyret og kongene på jorden angriper Israel», skriv han i boka Antikrist, Israel og Jesu gjenkomst. Profetisk historie fra Abraham til tusenårsriket (1999), «blir to tredjedeler av befolkningen utryddet og deler av Jerusalem blir hærtatt og plyndret.» 

Slik er den apokalyptiske sanninga hjå evangelikale Israel-­vener som har røysta fram presidentar som Trump, Bolsonaro og Duterte. Ho byggjar på ein tekst av profeten Sakarja (13,8): «Det skal skje i heile landet, seier Herren, at to tredjedelar skal ryddast ut og døy, men ein tredjedel skal bli att.»

På den norske nettstaden Holyspirit.no, skipa i 2017, les ein likeins at Antikrist «vil bokstavelig talt drepe to tredjedeler av det jødiske folk. Tro det eller ei, denne forfølgelsen vil bli verre enn den tyske holocaust der 6 millioner jøder ble drept».

Utanfor ekteskap

At millionar av jødar skal døy i dei siste tider, veit ikkje berre evangeliske, men muslimske sandnesbuar òg. Apokalyptiske artiklar om Dajjal og Mahdi ligg lett tilgjengelege på heimesida til Moské Sandnes.

Der får ein vita at når Mahdi kjem, vert det ikkje fred med ein gong, for vonde menneske vil heller fylgja Dajjal/Antikrist. Kven er dei villfarne? Den lokale moskeen fortel: «Siden Dajjal vil ha mange tilhengere (mesteparten jøder og folk født utenfor ekteskap), vil muslimene under Imam Mehdis regjering fortsette sine forberedelser for krig.»

Formuleringa «jøder og folk født utenfor ekteskap» er truleg ein politisk korrekt versjon av «jøder og horunger», som me kan lesa på to plan: Som ei stereo­typisk oppramsing av skjellsord, men òg som «jøder og vestlige» – her i Vesten vert som kjent mange fødde utanfor ekteskap. Og det er i seg sjølv eit lite endetidsteikn. Eit større teikn er den endelege kampen mot jødar og vantru.

Pinsevener og muslimar kan ha ulikt syn på Israel, men éin ting er profetiane deira samde om: Jødar flest kjem til å døy.

Jesus kjem att

I jødedomen ventar ein framleis på at Messias skal koma for fyrste gong, som ein mann av Davids ætt, nett som Jesus i joleevangeliet. I kristen og muslimsk endetidslære ventar ein på the second coming, at han kjem att.

Sams for endetidslæra i dei tre religionane er det store vendepunktet som kjem med Messias/Jesus/Isa. Etter enorme krigar vil dei overlevande til slutt omfamna den rette trua ­– høvesvis jødedom, kristendom og islam.

Såleis fortel Moské Sandnes om Jesus («fred vera med han») at «sønn av Meryem (Maria) vil stige ned fra himmelen og forene seg med muslimene», og vidare at «da vil Messiah sønn av Maria bli muslimenes nye leder.» Kristne predikantar som uroar seg over at Jesus-trua på Jæren er svekt, kan ta det heilt med ro.

Bodskapen lyder i Sandnes, i Kuala Lumpur og på Gaza. Helvta av palestinarane trur (2012) at ikkje berre Mahdi, men Jesus òg, kjem att i deira levetid, og med krigen no vert talet neppe lægre.

I Moské Sandnes-teksten heiter det så: «Etterpå vil Isa (Jesus) bli sendt tilbake til jorden, og drepe Dajjal [Antikrist] og hans tilhengere. Alle menneskene som blir igjen etter dette, vil konvertere til Islam.» Om dei drepne Antikrist-tilhengjarane har me alt fått vita at dei er «mesteparten jøder og folk født utenfor ekteskap».

Milliontilskot

Eg har ikkje klart å finna ut om det bur mange jødar i Sandnes-området, men tala for dei nemnde trussamfunna er tilgjengelege av di dei tek imot statlege tilskot. Pinsemenigheten Klippen har i år 773 medlemer og får ein million kroner i statleg tilskot. Moské Sandnes er leia av Muslim Forum Sandnes som i 2023 har 1526 tilskotsteljande medlemer, mot 465 i 2010 og 1334 i fjor. Tilskotet til Moské Sandnes er i år 2,2 millionar kroner. Båe trussamfunna driv aktivt arbeid andsynes born og unge i Sandnes.

Harmageddon

Store krigar er sams i dei jødiske, kristne og muslimske variantane av Abrahamsapokalypsen. Somme krigar kjem før Dajjal, Antikrist. Andre krigar vert starta av han. Ein jødiskkristenmuslimsk samnemnar er den vonde krigsmakta hjå profeten Esekiel. I Bibelen går Gog og Magog til åtak på jødane. I Koranen går Yajuj og Majuj – same namna –?til åtak på muslimane.

Den største krigen, kalla opp etter knutepunktet Megiddo nord for Vestbreidda, har eit verdskjent namn: harmageddon, på arabisk Malhama Al-Kubra.

Skjelvarane

Kva lærar apokalyptiske israelarar? Messianske tider er det hjå Israels høgortodokse haredi­jødar òg. Haaretz-journalisten Uri Misgav skriv 2. november: «Augo gnistrar. Dei er i ekstase. Slik dei ser det, er dette tida til Messias. Den store augneblinken. Det er ein innebygd del av ei fundamentalistisk forståing av religionane. Trua på ein apokalypse, harmageddon, Gog og Magog, som einaste vegen til frelse.»

Eg har sett dei ved Vestmuren, der dei står og skjelv, nett som elevane eg møtte på koranskulen i Lahore. Haredi tyder skjelving, og har gjeve dei namn, nett som kvekarane (av quake, skjelv).

Etter å ha høyrt ein harediordførar halda ei tale i skotsikker vest, skriv Misgav i Haaretz: «Det ligg i korta at martyrane frå Nova trancemusikkfestival og massakreoffera i grensesamfunna berre er brikker i ein guddommeleg plan om å fullbyrda oppdraget ­– på Vestbreidda.»

Sams for haredi- og Hamas-
aktørar er koplinga av det ultrareligiøse og ultranasjonalistiske. Saman er dei dynamitt.

Heilagdomen

Ei særs sentral hending er sams i jødisk, kristen og muslimsk endetidslære: atterreisinga av den øydelagde heilagdomen i Jerusalem, på Moriafjellet der Abraham skulle ofra Isak, på tempelhøgda, på Al-Aqsa som no har gjeve krigen namn: Al-Aqsa-syndfloda.

For jødane er det tempelet som skal atterreisast. Det tredje tempelet er så naudsynt for endetida at somme kristne støttar atterreisinga, dei òg.

For muslimar er det ikkje tempelet, men Al-Aqsa-moskeen som skal atterreisast. Moskeen, som jo står i dag, har med andre ord vorte øydelagt ein gong i framtida – av jødar som vil atterreisa det tredje tempelet.

Kva hender? Moské Sandnes fortel: Det byrjar med at Mahdi «omgrupperer sine styrker der, og forbereder seg på å kjempe mot de undertrykkende Zionistene i Jerusalem». Kvifor? «Han vil gjenoppbygge helligdommen Masjid-al-aqsa [Al-Aqsa-moskeen] som før ham ble ødelagt av Zionistene.»

Vest-Europa

Millionar av menneske høyrer no på bodskapen om at millionar av menneske skal døy. I Malaysia tok professor Omer eit akademisk «det kan verka søkt»-atterhald, men det gjer ikkje YouTube-predikantane. Kanalen iLovUAllah har 2,5 millionar fylgjarar, fleire enn det bur palestinarar på Gaza. Der forkynner Ustadh Wahaj Tarin at Gaza-krigen er byrjinga på dei sju vonde åra, som kristne kallar Den store trengselen.

Til domedagsmusikk og -bilete messar Tarin om ein million krigarar som vil utrydja muslimane: «Og i det siste felttoget vil muslimane møta ein enorm motstandar, med 80 banner, 80 ulike flagg, og under kvart flagg er det 14.000 menn, og når muslimane ser dei, vil ein tredel desertera, og Allah vil aldri tilgje dei, og ein tredel av muslimane vil døy, og ein tredel vil sigra – i gamle bøker er det kalla Harmageddon.»

Den same grunnforteljinga om den nære framtida vår vert no fortald overalt på verdsveven, på heimesida til Moské Sandnes òg: «I tre dager vil de feile med å knuse fienden, og mange menn vil falle som martyrer. På den fjerde dagen vil de kristne nøle og bukke under for et voldsomt stormangrep fra de gjenværende muslimske troppene. Den påfølgende nedslaktingen vil bli enestående i historien.»

Kva hender så? Jau, når dei har gjenerobra ikkje berre Jerusalem, men Istanbul òg, «vil erobrerne av Istanbul marsjere videre og invadere deler av Vest-Europa (Hellas, Italia, osv.) på samme måte». Ein treng ikkje gå heilt til ytre høgre for å finna Eurabia-vyar.

Bodskap og besøkstal

Kva år kjem hendingane? Året veit berre Allah eller Gud, understrekar fleire av predikantane, men me veit kva år profetiane har fått ny aktualitet og popularitet: 2023.

Vantru – i dobbel forstand –?lesarar lyt gjera eit YouTube-søk med nokre av nykelorda i denne saka. Kombinasjonen av besøkstal og bodskap er apokalyptisk. Sciencefictionsjangeren står ikkje så sterkt i samtidslitteraturen, men blømer i verda elles.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis