JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Å lesa landskap er god brukskunst

Endring i teknologi og transport er dei store samfunnsformarane. Men politisk vilje er attåt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Øksnes kyrkje frå 1703 ligg ytst på eit nes på Skogsøya, øya som i fleire hundre år var eit geistleg og verdsleg sentrum.

Foto: Kirkenorge.no / Wikipedia

5345
20190927
5345
20190927

hompland@online.no

TID OG STAD, landskap og hendingar vev seg saman og formar synsmåtar og perspektiv, personlegdom og identitet. Barndommens rike er fysiske og mentale røynsler som er prenta inn i kropp og sinn, men som også blir sorterte, forma om og vovne inn i livsforteljingar. Mykje kjem til, men mykje sit også i og sit fast, og det ber ein med seg anten ein vil eller ikkje. Ein kan prøva å konstruera og dikta om seg sjølv, men det er ikkje alt ein kan bruka viskelêr på – verken for seg sjølv eller for andre.

Dette har Byråsjefen bala mykje med gjennom liv og arbeid. Når han er i bygda, er bygda i han; når han er i byen, er byen ein del av han. Han kjenner seg «heime» fleire stader.

I motsetnad til Vertinna, som er glad for at ho har sloppe unna det ho kom frå, er Byråsjefen komen til at han ikkje berre kom frå noko, han kjem stadig frå noko, og frå ein stad. Han tenker at det må vera rart å koma frå ein stad og omgivnader som ikkje finst lenger, eller som ein har kutta banda til. Derfor øver han seg stadig i å tolka samtidsruinar og lesa landskap etter spor frå eige liv og bruer til fortidige livsformer. Det gjer han med turar i natur og skrift – både lokalhistorie og skjønnlitteratur. Der finn han ikkje alltid sanning, men mykje som likevel er sannferdig.

SPALTISTEN ER IKKJE så eksistensielt avansert eller emosjonelt hekta på desse sakene som Byråsjefen. Han har heller aldri fått heilt tak på «genius loci», arkitektguruen Christian Norberg-Schulz og teorien hans om «stedets ånd».

Spaltisten kjem frå ein jernbanestasjon mellom to tunellar i dalstrøka innafor. Med stasjonen trudde staden at han skulle bli eit viktig knutepunkt med nye hus og butikkar og ei lovande framtid, for jernbanen har historisk vore viktig som formar og utviklar av stader og busetting: Der stasjonen kom, møttest folk, og vegkryss, privathus og offentlege bygg flytta etter. Kyrkja kunne bli liggande att for seg sjølv ein annan stad, som eit vitnemål om gamletida.

Det gjekk ikkje slik med Spaltistens stasjon. Han kom for seint og hadde berre ei kort og vesal blømingstid før transporten flytta til veg og privatbil. Nå er stasjonen nedlagd, og toga stoppar berre på bestilling, for slik er vy for «go ahead». Det er som langs fjordarmane med avsides og forfalne dampskipskaier frå tida før vegar med bruer og tunellar flytta trafikken på land og skapte nye knutepunkt.

NORDVEGEN langs kysten er endå hardare omforma. Spaltisten er ikkje heimekjend der, men har lært ei lekse av ein ekspedisjon til yttersida av Vesterålen.

For seg sjølv, ytst på eit nes på Skogsøya, der fleire fjordarmar møtest, ligg Øksnes kyrke, ei kvit krosskyrkje frå 1703 med 450 plassar. I fleire hundre år var Skogsøya eit geistleg og verdsleg sentrum med fiskemottak og handelsstaden Breistrand. Folket levde i den klassiske yrkeskombinasjonen: Mannen var kystfiskar, og kona hadde hovudansvaret for fjøset med to kyr og sauer.

Utanfor Skogsøya, ut mot fiskebankane og storhavet, ligg øyar med fiskevær i lune pollar – ein les Hamsun på ein annan måte etter å ha vore der. Dei tar ikkje lenger mot fisk, men Tinden er freda og Skipsvåg har satsa på turisme. Innimellom ligg det små grender og einskildhus der ingen skulle tru at nokon hadde budd, men stolpane fortel at straumen kom før dei blei fråflytta.

ØKSNES KOMMUNESTYRE møttest på Skogsøya frå 1837. Etter 1900 kom det offentlege kontor, bank, telefon, kraftverk og ein vegbit på 4,5 kilometer. Ved kaia hadde dei 50 år seinare også eit samvirkelag i standard kassestil.

På det meste var det over 500 fastbuande på Skogsøya. Nå er det eit sneis att, men mange fritidshus, hus med blind glasveranda og dagleg båtrute. Det nedlagde samvirkelaget huser Airbnb.

«Fra senter til utkant» står det på eit informativt skilt utanfor kyrkja. Kommunen heiter framleis Øksnes, sjølv om tyngdepunktet er flytta til den store og landfaste fiskerihamna Myre, der halvparten av dei 4500 innbyggarane bur. Etter krigen, før moloen, før båtane blei større, kystfiskarane tapte og transporten flytta frå hav til veg, budde det berre 200 i Myjre.

SIGMUND LØVÅSEN fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2003 for romanen Nyryddinga, om ti år gamle Geir som ville bli bonde som faren, men han blei ikkje bufast i Trysil all sin dag. Nå driv forfattaren med registrering av landskap og kulturminne i Oppegård som attåtnæring, og han har skrive eit dikt om Fylkesmannen. Miljøvernavdelinga hos Fylkes­mannen har ansvar for arealdisponering og jordvern og er såleis ein viktig stadformar. Men Løvåsen les endå meir ut av skiftande prioriteringar og kanalisering i landbrukspolitikken: Eit trena auge kan følgja landbruksoppgjera som årringar i landskapet. Slik er det med fiskeripolitikken også.

DET KAN FINNAST politiske ønske om å ta vare på busetting i alle avkrokar av landet, men det blir trumfa av andre politikkområde og endringar i teknologi og transport. Slik kan ein lesa staders oppgang og nedgang, liv og død som materielle spor i landskapet og leivningar av skiftande forvaltningsregime. Og der er Byråsjefen på heimebane.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det må vera rart å koma frå ein stad som ikkje finst lenger, eller som ein har kutta banda til.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis