– Venstre gjer Frp ei teneste
Åtaket frå Abid Raja gjev Siv Jensen og regjeringsdeltakinga auka støtte internt i Frp og svekkjer Venstre meir enn Frp, meiner Asle Toje.
I 2009 var Trine Skei Grande, Siv Jensen og Abid Raja saman på Litteraturhuset på det som vart kalla eit dialogmøte. I dag er det ikkje sikkert dei tre ville brukt nett det ordet om eit fellesmøte.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Samtalen
Asle Toje
statsvitar og kommentator
Aktuell
Krangelen mellom Abid Raja (V) og Frp
Samtalen
Asle Toje
statsvitar og kommentator
Aktuell
Krangelen mellom Abid Raja (V) og Frp
eva@dagogtid.no
«Vi skal si klart og tydelig ifra hver gang Siv Jensen og Sylvi Listhaug kommer med brun propaganda», sa Abid Raja til NRK. I ettertid har han teke sjølvkritikk for bruken av ordet «brun». Resultatet er medieoppslag etter medieoppslag der Venstre får distansert seg frå Frp og snakka om anna enn det dårlege valresultatet.
Spørsmålet er om det hjelper. Statsvitar, kommentator og tidlegare Frp-medlem Asle Toje trur ikkje det.
– Venstre har valt ei ekstremt konfronterande line vis-à-vis Frp i regjering, men det verkar ikkje som partiet vinn veljarar på det. At Raja sa at Frp er eit naziparti, gjer det berre vanskeleg å forstå kvifor Venstre har valt å sitje i regjering med partiet.
– Kva seier utspela til Raja om situasjonen i Venstre?
– Eg ser på Venstre som partifloraens svar på Austerrike. Eit lite land med ein imperiehovudstad. Det har DNA og sjølvkjensle som eit styringsparti, men berre litt over 3 prosent oppslutning. Resultatet er denne merkelege utviklinga der partiet kommuniserer i alle moglege retningar. Enkelte er nok litt forvirra over kva som er prosjektet til Venstre, utover å mislike Frp.
– Er det ikkje det same som pregar Frp når Siv Jensen snakkar om snikislamisering like før eit kommuneval?
– Eg trur Siv Jensen og Frp til liks med alle andre parti har behov for å minne veljarane på kva for saker dei har eigarskap til. Men forsøket var malplassert for dei fleste, og det fungerte ikkje særleg godt.
– Er det noko brunt i retorikken til Frp?
– Nei. Merkelappen vert brukt av éin grunn, og det er at han har injurierande kraft. Eg trur ikkje nokon seriøs forskar eller kommentator vil meine at det er noko samanfall mellom Frp i Noreg og det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet i 1930-åra. Å antyde det representerer eit forfall i debatten som berre vert vanskelegare å forstå når dei som brukar merkelappen, samstundes er dei som akkar seg over at debatten har vorte så stygg. Dei klagar over tonen i debatten ved å bruke endå verre retorikk.
– Det er ikkje fyrste gong Venstre går ut mot måten Frp kommuniserer på, utan at det ser ut til å endre strategien frå Frp. Kva gjer slike kranglar med ordskiftet?
– Det er med på å skape inntrykk av at samfunnet er meir polarisert enn det er. Vi ser det same i heile Vesten. Det er ikkje så stor avstand mellom Frp og Venstre i innvandringspolitikken. Frp vil ikkje stengje grensene heilt, og Venstre vil ikkje opne dei fullstendig. Dei er samde om mykje, men kranglar for å kommunisere at det er dei som har vunne forhandlingane i regjeringa.
– Kor vanleg er denne typen kommunikasjon blant samarbeidspartnarar?
– Veldig uvanleg. Det vanlege er at parti som samarbeider så tett, etter kvart får djupare forståing for kvarandre og unngår å sparke etter kvarandre. Ein kan vere usamd om kven som starta bråket i Solberg II, men frå Frps ståstad verkar det iallfall merkeleg at Venstre brukar så mykje tid på å gå ut mot eiga regjering i staden for å gå etter partia dei mistar veljarar til, som er Sp, MDG og andre.
– Bryr dei seg eigentleg om skuldingane frå Venstre i Frp, eller er det berre spel for galleriet?
– Om noko, verkar dette samlande på Frp. Mange i partiet opplever at ein del av det dei var åleine om å stå for i innvandrings- og integreringspolitikken, no er noko dei fleste partia står for, og dei er uvisse på om det gagnar partiet å halde fram i regjering. Venstre gjer Frp ei teneste, for denne typen åtak fører til støtte til Siv Jensens leiarskap og prosjekt.
– Fleire i dagens regjering har gjort det til vane å skilje mellom eigen politikk og regjeringspolitikken. Kva seier det om framtida for fleirtalsregjeringar?
– Eg trur vi går kaotiske tider i møte. I heile Vesten ser vi at det tek stadig lengre tid å setje saman fleirtalskoalisjonar. Ein sånn Frankenstein-koalisjon vi no har i Noreg, ser vi òg i Danmark, Sverige, Nederland og Storbritannia. Det gjer den utøvande makta mindre styringsdyktig og politikken meir kostbar. Og det gjer at det vert litt mykje politikk for oss alle. Eg trur mange no etter kommunevalet kunne tenkje seg å høyre om anna enn brytingar mellom regjeringsparti. Det gagnar heller ikkje politikken som heilskap å ha endelause konfliktar med uklare mål. Det er jo ikkje ein lov eller eit vedtak som har trigga situasjonen no, det er det Raja følte då han høyrde Jensen seie noko for to veker sidan.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg ser på
Venstre som
partifloraens svar på Austerrike. Eit lite land med ein imperiehovudstad.
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.