🎧 Motstand i medvind
Denne veka har vindkraftmotstandarar organisert seg nasjonalt og fått ein siger som kan gje ringverknader.
Norsk Vind Energi har konsesjon til å byggje vindkraftverk på Faurefjellet, men no har Bjerkreim kommune sagt nei til vindturbinane.
Foto: Linett Eriksen Birkeland
Vindkraft
I Noreg er det i dag gjeve konsesjon til nær 90 vindkraftverk. 37 er alt i drift, og 25 har starta byggjeprosessen.
Olje- og energiministeren har varsla innstrammingar i vilkåra for vindkraftutbygging og ein radikalt lågare utbyggingstakt framover.

Lytt til artikkelen:
Vindkraft
eva@dagogtid.no
Faurefjellet i Bjerkreim kommune i Rogaland ligg mellom 400 og 580 meter over havet, mellom flate Jæren i sør og Setesdal og Ryfylkeheiane i nord.
Fjellområdet er del av eit samanhengande kystheilandskap, ein landskapstype som har vorte så redusert at han i 2015 fekk status som «utvald naturtype» av Kongen i statsråd.
Statusen har ikkje hindra planlegging av eit vindkraftverk med turbinar som kan verte opptil 200 meter høge i nett same område. Konsesjonen vart gjeven i 2014, med godkjenning frå både kommunestyre og fylkesting, og er sidan stadfesta av Olje- og energidepartementet. Og så seint som i april i år sa fleirtalet i formannskapet i kommunen ja til å gje vindkraftutbyggjaren dispensasjon frå gjeldande arealplan, som seier at området skal brukast til landbruk, natur og friluftsliv.
Men dispensasjonsvedtaket vart klaga på, og i ettertid har motstanden mot utbygginga vakse seg så kraftig at fleirtalet i kommunestyret har snudd.
Tysdag kveld sa politikarane, med 12 mot 5 røyster, nei til å gje vindkraftverket dispensasjon. Dei slo òg fast at kommunen er imot vindkraftutbygging på Faurefjellet.
Vedtaket kan gje vindkraftmotstandarar landet rundt vind på mølla.
Kjem innstrammingar
Vindkraftmotstandarane tapte kampen mot vindturbinane på Frøya i Trøndelag i juni. Der prøvde Frøya kommune å trekkje dispensasjonen til utbyggjaren, men det vart kjent ugyldig av både Fylkesmannen i Trøndelag og Kommunaldepartementet.
Men dei har sett spor etter seg på anna vis. Den aukande vindkraftmotstanden dei siste månadene har fått statsminister Erna Solberg til å så tvil om at det vert nokon nasjonal plan for framtidig utbygging av vindkraft, trass i at eit forslag til plan er ute på høyring.
I tillegg har det fått olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) til å varsle innstrammingar i konsesjonsprosessane. Han vil ha redusert tid frå ein vindkraftkonsesjon vert gjeven og til han må brukast, og meir detaljerte vilkår i konsesjonane, slik at utforminga av vindparkane ikkje kan endrast så mykje frå konsesjonssøknad og til faktisk utbygging. Det seier han til Dagens Næringsliv.
Signala frå Solberg og Freiberg gjeld for handsaminga av nye vindkraftkonsesjonar. Vindkraftkonsesjonane som alt er gjevne, står ved lag, har Freiberg understreka.
– Svært få saker
Men ifølgje lovverket må vindkraftverk både ha konsesjon og vere i tråd med kommunale arealplanar for å kunne byggjast. Det stadfestar Rune Flatby, direktør for konsesjonsavdelinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Flatby seier det er svært få saker der ein kommune fyrst seier ja til konsesjon og så nei til å gje dispensasjon.
Norsk Vind Energi, som er Noregs største private utbyggjar av vindkraft, og som tidlegare i år overtok konsesjonen for Faurefjellet vindkraftverk, har ikkje vore borti liknande.
– Det å gje dispensasjon har vore ein naturleg konsekvens av at kommunen er positiv til konsesjonen, meir ein formalitet enn ein reell søknadsprosess, seier Per Ove Skorpen, som er dagleg leiar i Norsk Vind Energi.
Han seier selskapet kjem til å klage på kommunestyrevedtaket og ta det til departementet om naudsynt.
Ikkje klare svar
Kva ein eventuell klage vil føre til, er ikkje gjeve. Lovforarbeida gjev heller ikkje klare svar. Det stadfesta Kommunaldepartementet i juni, då det avviste Frøya kommune sitt forsøk på trekkje tilbake ein alt gjeven dispensasjon. Då vart det slege fast at utbyggjar ikkje har rettsleg krav på å få dispensasjon frå arealplanar sjølv om det er gjeve konsesjon etter energilova. «Det (er) opp til kommunenes frie skjønn om det bør gis dispensasjon», skreiv departementet i ei tolkingsfråsegn.
Derimot har Olje- og energidepartementet høve til å overstyre ein kommune som ikkje legg til rette for utbyggingar som har konsesjon. Det kan departementet gjere ved å gje konsesjonen verknad som statleg arealplan. Det vart gjort mot Gjesdal kommune i Rogaland i 2017.
Olje- og energiministeren vil ikkje svare på om det kan vere aktuelt å la konsesjonen for Faurefjellet få verknad som statleg plan.
– Dersom det kjem ein søknad, vil han verte handsama i tråd med lovverket og forvaltningsreglar, det er det einaste eg kan seie om det, seier Freiberg.
– Kva skal til for at departementet lèt ein vindkraftkonsesjon få verknad som statleg plan?
– Vi har gjeve det i nokre høve tidlegare. I fleire av tilfella er det gjeve fordi det har vore ønske frå kommunane. Dette gjeld mellom anna tre av vindkraftverka på Fosen. Poenget er at kvar søknad vert vurdert ut frå grunnlaget for søknaden og kven det er som ønskjer ein statleg plan, seier han.
Fleire kan følgje
I Vefsn kommune i Nordland har departementet nyleg avslått eit ønske frå kommunen om å gje Øyfjellet vindkraftverk status som statleg arealplan, i staden for at kommunen skal handsame ei dispensasjonssak. Grunngjevinga av avslaget kan vere interessant for Bjerkreim-saka. Departementet skriv at «vindkraftverket alt i alt er best tjent med at prosjektet underlegges den lokale forankringen en dispensasjonssak krever».
Korleis saka endar, er førebels uvisst. Ifølgje avisa Helgelendingen har ordførar Jann-Arne Løvdahl (Ap) fått fleirtal i kommunestyret for å be departementet sjå på saka igjen.
Venstre-representant Carola Karl Urvik, som røysta mot vedtaket, seier at motstanden mot vindkraftverket har vakse den siste tida, og at det slett ikkje er sikkert det vert eit vindkraftvenleg kommunestyrefleirtal i Vefsn etter valet.
Dermed kan det vere fleire kommunar enn Bjerkreim som kjem til å seie nei til å gje dispensasjon for vindkraft.
Det stadfestar også ordføraren i Bjerkreims nabokommune Gjesdal, Frode Fjeldsbø (Ap).
Fjeldsbø har alt varsla NVE om at kommunen kan kome til å avvise å gje dispensasjon for Giljastølen vindkraftverk, som fekk konsesjon i 2013. Han syner til at det er uvisst kva konsekvensar vindkraftverket har for bebuarar, hytteeigarar og brukarar av nærområdet, og at eit samrøystes kommunestyre har sett stopp for nye vindkraftanlegg etter å ha sett kor store naturinngrep vegar og vindturbinar faktisk gjev andre stader.
Han trur vedtaket frå Bjerkreim kjem til å gjere det lettare for andre kommunar òg å seie nei.
– Dess fleire kommunar som gjer vedtak basert på LNF-føremålet (landbruk, natur og friluftsliv) i plan- og bygningsloven, dess meir vil det styrkje saka og gjere det vanskeleg for regjeringa å overstyre kommunane. Statlege styresmakter har jo òg etter kvart vorte tydelegare på at dei skal lytte til kommunane, så eg vonar dei faktisk vil gjere det, seier han.
– Har ikkje utbyggjarane krav på føreseielege vilkår?
– Eg har forståing for at næringslivet kan vere fortvila, og at store summar går tapt ved at prosessar stoppar opp. På den andre sida er det fleire av vindkraftanlegga som har vore kontroversielle lenge, og utbyggjarane veit at dei rører seg i vanskeleg terreng, seier han.
– Skjønar ikkje alltid
Ifølgje NVE finst det i dag nær 30 vindkraftverk som har fått konsesjon, men der utbygginga ikkje har starta. Kor mange av desse som enno ikkje har fått dispensasjon frå kommunale arealplanar, har det ikkje lukkast Dag og Tid å få oversikt over.
Motvind, den nasjonale aksjonsgruppa mot vindkraft som vart skipa denne veka, håpar og jobbar for at fleire kommunar skal gjere som Bjerkreim. Det seier Eivind Salen, som er nasjonal leiar i aksjonsgruppa.
– Kva med rettstryggleiken til utbyggjarane?
– Fleire utbyggjarar har gått hardt på kommunane for å få dei til å seie ja til konsesjon. Kommunepolitikarar skjønar ikkje alltid kva dei seier ja til. Problema med vindkraftutbygging har vorte bagatelliserte, og i nokre tilfelle er det halde tilbake informasjon og gjeve villeiande informasjon. Det er òg lova arbeidsplassar, sykkelstiar og skianlegg som ikkje har vorte noko av. Vi meiner difor alle konsesjonar bør trekkjast tilbake og vurderast på nytt, seier han.
– Dominerande
Det som har fått politikarar i Bjerkreim til å snu om Faurefjellet, er den nye høgda på vindturbinane, og at det no er stor konflikt rundt utbygginga lokalt. Det seier Kjetil Slettebø, ordførarkandidat for Sp. Han har sjølv snudd i saka sidan april, medan partikollega og noverande ordførar røysta for å gje dispensasjon.
I konsesjonssøknaden for Faurefjellet vindpark vart det skissert at parken kunne utgjere 20 vindturbinar med totalhøgd på 120,5 meter. I dag ville det vorte sett opp færre, men høgare turbinar, men ikkje høgare enn 200 meter, ifølgje Skorpen i Norsk Vind Energi.
Motstandarane i kommunen har argumentert med at dei høgare vindturbinane kjem til å vere svært synlege og dominerande i «ein elles vill og storslått natur», at både lyskast, iskasting og lyden frå turbinane vert øydeleggjande for dei som bur i området, og at vindparken kan gjere skade på det rike fuglelivet i området. Fylkesmannen i Rogaland fremja i 2014 motsegn til vindkraftverket av nokre av dei same grunnane.
– Det har ikkje vore konflikt rundt dei andre vindkraftutbyggingane i kommunen, og det var heller ikkje konflikt om Faurefjellet då konsesjonen vart gjeven, men når det no er tilfellet, vert saka annleis. Då må vi som politikarar gå tilbake og sjå om vi kan ha gått for fort fram, og om det kan ha vorte for mykje sjølv i ein vindkraftvenleg kommune, seier Slettebø
– Du er ikkje redd de vert overstyrte?
– Jau, men samstundes har det vore ei endring i måten regjeringa uttalar seg om vindkraft på. Dei seier dei vil vere meir restriktive, og at dei høyrer på kommunane, så eg vert overraska om dei berre køyrer på.
– Vetorett i praksis
Kva tankar gjer olje- og energiministeren seg om den store motstanden, og at det kan kome liknande vedtak som i Bjerkreim frå andre kommunar?
– Kommunane må gjere dei vedtaka kommunane skal gjere. Eg har ikkje nokon kommentar utover det, anna enn at dei som har fått konsesjon, sjølvsagt også har fått ein rett. Så må dei ha arealmessig tilgang til områda òg, og der er det ulike mekanismar som påverkar, seier Freiberg.
– I kronikken som står på trykk i fleire aviser denne veka, skriv du: «Både kommuner og folk flest har lov til å endre mening, og folk har rett til å bli hørt.» Kva meiner du med det?
– Med det meiner eg at konsesjonane som er gjevne frå dette departementet, har vorte gjevne fordi kommunane sjølve har ønskt det. Det meiner eg er ein god praksis, å høyre på kva ein meiner lokalt. Så har vi sett tilfelle der kommunane i ettertid har endra meining.
– Men når kan kommunane endre meining, er det i slike tilfelle som det vi no ser i Bjerkreim?
– Kommunane kan ta stilling til om dette er noko dei ønskjer seg eller ikkje, før den endelege avgjerda om konsesjon er teken. Der det er gjeve konsesjon, har kommunane sagt ja. Så finst det òg tilfelle der kommunar har sagt ja og vi har sagt nei.
– Burde ikkje kommunane få vetorett i spørsmål om vindkraft?
– Det finst òg nasjonale omsyn som må takast i vindkraftutbygginga, og difor kan ein absolutt vetorett vere utfordrande, men i praksis vil eg seie at denne regjeringa har ført ein politikk der kommunane har vetorett alt i dag, seier Freiberg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Fleire utbyggjarar har gått hardt på kommunane for å få dei til å seie ja til konsesjon.
Eivind Salen, leiar i Motvind
Fleire artiklar
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.