– Det er ikkje talet på kvadratmeter som avgjer– Mange er engstelege for endringar, seier Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg.
– Mange er engstelege for endringar, seier Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg.
Statsbygg var sentral i prosessen som førte fram til arealnorma. I grunnlagsarbeidet vart det henta inn fleire vitskaplege studiar av korleis ulike kontorløysingar påverkar arbeidsmiljøet, fortel Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg.
– Det vart òg trekt inn erfaringar frå statsadministrasjonen i fleire europeiske land, som hadde mindre arealnorm enn det Kommunaldepartementet legg opp til, og med gode døme på kontorløysingar.
– Mykje forsking tyder på at opne, fleksible løysingar, clean desk og free seating er uheldige for arbeidsoppgåver som krev konsentrasjon?
– Om ei kontorløysing ikkje legg til rette for å arbeide konsentrert når det er behov for det, er det ei dårleg løysing. Vi skal ta omsyn til oppgåvene til verksemda i bygga. Om det er stort behov for konsentrasjon, skal kontorløysingane leggje til rette for det.
– Men er det mogleg å få til med ei norm på 23 bruttokvadratmeter per tilsett?
– Ja. Det er ikkje talet på kvadratmeter som avgjer korleis folk har det på jobb, leiarskap og organisering av arbeidet er viktigare. Ein må ikkje ha sitt eige kontor for å kunne konsentrere seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.