Sneiar sanninga
Foto: Privat
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Gaza-krigen
For å drive som profesjonell myteknusar krevst det at ein kjenner sanningane. Men som Oscar Wilde skreiv: «Sanninga er sjeldan rein og aldri enkel.» Sitatet kom til minne då eg heile tre gonger i påskehøgtida las Morten A. Strøksnes sitt omfangsrike essay om Israel og Gaza.
Det er alltid ei glede å oppleva uredd tale frå Strøksnes, og ei særleg glede når språkføringa er så sprelsk og levande. Men for ein sannseiar må det vera ein prestasjon å skrive om politikk i Midtausten – i dette høvet om Gaza og den eksistensielle kampen for Israel og jødefolket sin leverett inne i eit arabisk folkehav – utan i det heile å nemne islam og den politiske islamismen.
Det religiøse perspektivet i konflikten er snautt nemnt i norsk presse. (Heller ikkje Kåre Willoch brydde seg med Allah og Allahu-akbar, trass i lang pedagogisk innsats frå Svenn Stray, Mona Røkke, Jo Benkow og andre i Høgre).
Dagens beinharde islamo-fascisme er rasistisk og tyrannisk, eit politisk heksebrygg, sett frå vår liberale side. Frå vestlege journalistar er det i staden det pluralistiske Israel som vert demonisert. Den internasjonale palestinismen har vunne propagandakrigen i akademia så langt, og har no relativt fritt spelerom i norske mediekanalar. Ved sida av eit par mindre nasjonar står Noreg no fram som det mest Israel-kritiske landet i Europa.
«Det religiøse perspektivet i konflikten er snautt nemnt i norsk presse.»
Til og med kommentatorar som vil fremja røynleg kunnskap og vera historisk objektive – som den sanningssøkjande Strøksnes – nyttar utan blygsel omgrep som «okkupasjon, undertrykking og apartheid». Men uttrykk frå uopplyste aksjonistar som «etnisk reinsing» og «folkemord» held han seg klokeleg unna. Derimot kan det likne demagogi å skulle samanlikne tapstal frå konflikten på Gaza med andre krigar der historiske og strukturelle føresetnader var og er heilt annleis.
Dag og Tid 22. mars.
Krigen på Gaza er unik i soga på det viset at den eine parten har interesse av å stelle i stand statistikk med så høge sivile dødstal hjå seg sjølv som mogleg, medan den andre parten gjev brei informasjon på førehand for å skjerme dei same uskuldige menneska.
Kampen mot islamistisk jihadisme og utkropen terrorisme blir ei seig og langvarig utfordring for den demokratiske verda. «Knusing av Hamas» var eit uklokt uttrykk av Netanyahu; det ville ha høyrt betre ut med «demontering» ?
I mellomtida kan det vera klokt for oss alle å stille vanlege kontrollspørsmål for å kunne ta greiare standpunkt og side i internasjonale konfliktar. Til dømes: Kva slags menneske- og samfunnssyn står partane for? Fører dei til demokrati eller klanvelde og mafiastyre? Er demokratiske val innførte eller avskaffa? Vil partane ha eit samfunn med mangfald av religionar og livssyn? Er målet ytringsfridom eller sensur? Finst det eit brukande humant rettsapparat? Skal kvinnene og minoritetane halde seg i stum lydnad og underkasting?
Hallgrim Berg er historikar, forfattar og tidlegare politikar.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.