Nynorsk på senga?
Eg ser i Dag og Tid 30. november eit lesarinnlegg om nynorsken på sotteseng. Eg er ein av fleire i verda med same namnet som innsendaren, og sidan eg har svært mange kjenningar som les Dag og Tid, må eg nytte høvet og seie frå om at det ikkje var spelemannen, dansaren og kårbonden som stod for innlegget. Eg trur heller ikkje eg vil forsvare alt innhaldet. Til dømes kallar eg hjula på bilen for bilhjula og greier meg svært godt med det utan å ty til -s i genitiv. De kan òg vere sikre på at eg framleis berre nyttar -e som infinitivsending, sidan det er den einaste endinga som høver med mitt nordfjordmål. Eg likar å legge skriftspråket så nær opptil dialekten min som råd. Men dialektane er i endring, og mange bokmålsord og engelske ord kjem snikande inn. Då har eg merka på meg sjølv at bruk av gode nynorskord når eg skriv, kan vere ei god bremse for utvatninga av talemålet mitt. Med slik utvatning som namnebror min vil ha, kan det hende at overskrifta hans heller burde vore «Nynorsk på vasseng?», eller «vannseng», som han sikkert vil hevde å vere god nynorsk. Vi kan berre minne om at dei som kjøpte vasseng då ho reid på ei popularitetsbølgje for ein mannsalder sidan, berre gav henne kort levetid, og dei gjekk attende til det tradisjonelle og trauste.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.