Nasjonalmuseet ikkje åleine

Publisert

Museets ideologiske program spring ut av gjengs norsk museumstenking.

Samlingsdirektør ved Nasjonalmuseet, Stina Högkvist, har skapt brudulje med si grunngjeving i Aftenposten (18. februar 2023) for å utelate måleriet «Leiv Eiriksson oppdager Amerika» hjå nymuseet. Ho har bede om orsaking for ytringa.

Let vi Leiv sine slitne skipsdrengar liggje, sa Högkvist også at utstilte kunstnarar ikkje skal fangast i ein nasjonalitet – museet oppgjev berre årstal og fødestad. Og kanon er ikkje noko dei driv med på Nasjonalmuseet.

Hard kost for mange, men for museumsfolk er dette ein kjend tone. Dei siste tiåra har styresmaktene fremja mangfald, dialog og inkludering ovanfor sektoren. Frå den skilsetjande utgreiinga «Museum» (NOU 1996: 7) til den ferske stortingsmeldinga «Musea i samfunnet» har ein hevda at musea lett kan misbruke makta si til å gjenta gamle storbondeskrøner som ekskluderer. Ei vettug nyorientering i 1996, men plata har no spelt ei god stund på eit stadig høgare mangfaldsvolum.

Den kulturkritiske boringa i ei påstått problematisk makt har gjort musea til identitetsømme møtestader for dialog. Skal ein kurator forvalte sanninga på vegner av fellesskapet? Nei, kuratoren må gje ordet til dei utanfor – dei som ber på ei anna sanning. Den fagleg sjølvsikre påstanden har i ideologisk forstand hamna i bakgrunnen. Notida har rykka inn med sine eigne stridsspørsmål. Samlingane er like ofte kulisser for samtidsdiagnosar som inngangar til ei uransakeleg fortid.

I eit slikt ljos må vi forstå Nasjonalmuseet si vegring mot kanon – altså det å føre fram ein påstand om kva som utgjer dei sentrale verka eller kunstnarkalla i Noreg. Ein er rett ut usikker på om eit museum bør ha definisjonsmakta. Nasjonalmuseet kan sjølvsagt ikkje sno seg unna øvinga, men dei står korkje åleine eller på museumspolitisk sandgrunn i det Högkvist vil «fange opp blindsoner og bredde ut perspektivet», men ikkje kanonisere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement