Lyden av danning
Frå matsalen på Voss Folkehøgskule.
Foto: Turid Soldal
DANNING
Dersom du er på den rette staden, kan du faktisk høyre lyden av danning.
«Takk for det som de har gjort med guten min». Han kom mot meg, tørka tårer, skalv og gav meg handa. Vi hadde nettopp avslutta året på folkehøgskulen med alle elevane, foreldra og lærarane. Faren fortalde at i dei siste åra hadde dei ikkje snakka så mykje saman. Det vart berre ord med ei staving, ja og nei. Han hadde vore mykje på guterommet, åleine med datamaskinen og den virtuelle verda. Folkehøgskule var «siste» forsøk. Kva var dette magiske «det»?
Danning er det overordna målet med all barnehage, skule og utdanning. Danning er forminga av menneske sin personlegdom, oppførsel og moralske haldning. Alle barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar strevar med denne «alkymien»; å gjere oppseding, sosialisering og kunnskapsbygging om til danning. Folkehøgskulane er ikkje berre fag, timar og undervisning. Det er framfor alt eit sosialt samvær som både er utfordrande og lærerikt. Skulane blir som små samfunn av unge menneske med ulike evner, ferdigheiter, interesser og kulturar. Dette samfunnet er ikkje større enn at den einskilde registrerer følgjene av eigne og andre sine initiativ og handlingar, og lærer av dei. Den omtalte eleven gjekk på ei linje han var genuint interessert i. Her var det ikkje oppbryting og stadig nye timar, men fordjuping, prøving og meistring, både individuelt og kollektivt. Han tok del i eit sosialt fellesskap der alle elevane i klassen hadde mange av dei same faglege interessene. Og – der relasjonen til den læraren som har klassen gjennom heile året, blir særskild sterk. Faget og klassen er sjølvsagt ein del av dette «magiske». Like viktig er internatet og matsalen.
Internatet er ei av hovudforklaringane på denne danningsprosessen. Det at elevane må bu tett på kvarandre, døgnet rundt, skuleåret igjennom. Dei må dele både rom og gang med ungdom dei ikkje kjenner frå før. Dei må trene opp evna til tolmod, respekt og tillit. I jakta på kulturens vogge, meiner professor Paul Otto Brunstad, at bordfellesskapet er den viktigaste staden å byrje å leite. Han hevdar at fellesskapet rundt matbordet er avgjerande for utviklinga av humanitet og toleranse. På skulen vår har elevane fire fellesmåltid på kvardagane, tre måltid i helgane – totalt 26 måltid i veka. Frukosten tek gjerne 30 minutt, medan kveldsmaten strekker ut. Rundt rekna blir det 25 timar i veka, 33 skuleveker i året, altså 825 timar med felles bordsete. Dei mest sosiale elevane har sine 1000 timar i matsalen på eit skuleår.
Pludring av 100 elevar. Åtte–ti ungdommar rundt kvart bord. Ingen wifi, TV eller nettbrett. Praten om kvelden går om dagens gjeremål; filmproduksjon og redigering, dataprogram og programmering, trygge vegval og sikring av turfølgje, innøving av nye songar i bandet, pakking av fallskjerm og verdien av varige verna vassdrag. Det er fleip og fakta. Det er diskusjonar, refleksjonar, draumar og flørtande blikk. Det er nettopp i fellesskap med andre at vi utviklar oss til å bli heile, sosiale og danna menneske. Folkehøgskulane held hardt på denne tusenårige tradisjonen med felles bordsete om kvelden. Her kan du faktisk høyre lyden av danning. Den nemnde faren sa at dei merka skilnad allereie same haust. Guten byrja å ringe heim. Dei hadde samtalar for fyrste gong på lenge. «Vi snakka omsider saman. Du nemnde han også i avslutningstalen din, som det beste dømet på elevane sine ord for dagen. I dag stod han på scena som konferansier for avslutningsarrangementet. Takk for det som de har gjort med guten min».
Claus Røynesdal er rektor på Voss folkehøgskule.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.