Lova alle statsrådar bryt

Publisert Sist oppdatert

Sidan sommaren har det skjedd ei politisk vekking i dette landet rundt omgrepet habilitet. Den eine statsråden etter den andre har måtta vedgå at her har ein operert i grenselandet for lov og stortingsreglement.

OK – eg kan fortelje at alle statsrådar var ansvarlege for lovbrot i 2022. Det gjeld ei lov dei sjølv vedtok i 2021, og som har vore gyldig frå 1. januar 2022, nemleg Språklova. I sin rapport for 2022 har Språkrådet kartlagt 15 departement, 157 statsorgan og Statsministerens kontor. Av desse er Medietilsynet i Fredrikstad det einaste statsorganet som følgjer lova i alle kategoriar. Det er paragraf 13 i Språklova som stiller kravet: «Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»

Slik lyder norsk lov – men verken politikarar, styringsverk eller media ser ut til å sjå på det som noko spesielt viktig eller alvorleg. Det er litt som svart dagmamma på 70-talet, tafsing før metoo eller habilitet før sommaren 2023. Det er ei pytt-pytt-haldning som rår. Og det som ligg under, er at dei med makt ikkje synest at det norske skriftspråket nynorsk er spesielt viktig. Det viser dei i praksis med å demonstrere at det er greitt å sjå gjennom fingrane med offentlege lovbrot som går ut over nynorskbrukarane.

Da berre ventar eg på at tidene og haldningane skal skifte, slik at neste haust sit statsrådar og etatssjefar skolerett for Kontroll- og konstitusjonskomiteen og hos Fredrik Solvang i Debatten på grunn av grove brot på Språklova i deira ansvarsområde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement