JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3098
20170825
3098
20170825

SKULE

Med fortid som introvert elev lurer eg på korleis min eigen skulegang ville vore i dag. Eg tviler på om munnlege presentasjonar og ein fragmentert timeplan i ein klasse på tretti hadde gjort særleg gagn. Eg ser med skrekk på korleis det ville vere å stille seg framfor klassen og vise at eg har skjøna ei lang rekke med kriterium for korleis eg skal te meg. Den skrekken ser eg òg i auga på elevane mine, og eg gruer meg i lag med dei. I trygge klasser med låg list og kultur for mangfald går det som regel bra, men same lærar kan ha både trygge og utrygge klasser. Tru det eller ei.

Den ekstroverte og pågåande eleven, som har skjønt at impulskontroll er den strategisk beste vegen til sjølvhevding, vil sannsynlegvis klare seg godt i skulen. Det å vere utåtvend og meistre alle sosiale situasjonar er idealet. Å vere blyg er eit lyte, og å kunne stikke seg fram på ein sosialt akseptert måte i alle samanhengar har blitt skulen si hovuddygd. Denne tvangen om generell meistring er kanskje skulen si store svepe i dag, sjølv om vi på ingen måte hadde det so inderleg feitt for tretti år sidan heller.

Vi blir stadig skulda for at vi hadde ein «koseskule» på 1970- og 80-talet. Eg huskar fint lite kos i den skulen som kritikarane yndar å kalle «koseskulen». Eg huskar ein oppjaga kvardag der lite hang i hop, med hyppige sceneskift og få raude trådar, bortsett frå lengselen etter å kome seg heim.

Likevel var det noko som var betre. Eg fekk vere i fred. Å kome heim, sparke sekken med skulebøker inn i hjørnet og finne fram boka som eg hadde lånt på folkebiblioteket dagen før, gav i det minste høve til lang uavbroten fordjuping på eigne vilkår som skulen aldri kunne tilby.

I livet før iPad og skjermflimmer fekk eg drive «monotasking» i stor stil. Takk og lov at det var tida før vurderingskriterium og læringsstrategiar, slik at eg fekk oppdaginga av ukjent land for meg sjølv, utan at det eg gjorde, måtte kvernast gjennom ei vurderingsmatrise og få ein talverdi.

Vi har i dag ein skulerøyndom der idealet for alle er å meistre alt. Kor mykje spelerom har vi eigentleg for å la dei elevane som ikkje profiterer på tvangseksponering, vere i fred? Skulen er ein god plass for dei utovervende som har skjøna når dei skal halde seg tilbake. Eg trur dei klarer seg godt, eg. Etter kvart som mangfaldet i skulen har blitt større, har skulen gått andre vegen, med å ville presse alle gjennom same kvern uansett personlegdom og bakgrunn.

No som i alle år, trur eg at den skulen aldri har tilpassa seg den introverte eleven, men tvert om blitt vanskelegare. Å ikkje henge med på alle krava til å uttrykke seg sjølv, trur eg har blitt etablert som ein mangel. Retten til å teie ser vi berre på amerikanske TV-seriar, og du må gjere noko kriminelt for å få han. Kanskje til og med fagtermen «selektiv mutisme» burde få nytt omdømme.

At ein ikkje snakkar med kven som helst om kva som helst, er gjerne teikn på klokskap og høgt utvikla dømmekraft.

Roar Ulvestad er lektor i norsk og tillitsvald i Utdanningspolitisk utval i Utdanningsforbundet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis