Varehusmuzak i ny kontekst
Ypparleg samling japansk atmosfæremusikk frå 80-åra.
Sjeldan har lyden av tung sporvogn over jernbaneskinneskøytar stått fram som så fredsæl som på Hideki Matsusakes Nemureru Yoru (Karaoke Version) frå 1983, som utgjer tredjesporet på samleskiva Kankyo Ongaku: Japanese Ambient, Environmental & New Age Music 1980–1990.
Kankyo Ongaku tyder noko i retning av miljø- eller atmosfæremusikk, og denne samlinga har blitt sett saman av Spencer Doran. Doran utgjer til vanleg halvparten av Visible Cloaks, ein amerikansk duo som sjølv lagar framifrå elektroniske lydlandskap, men er òg durkdriven på å setje i hop fredsæle samlingar av ambient og annan stemningsmusikk. Fleire av hans mixtapes, til dømes Music Interiors-serien, er å finne på nettstaden Soundcloud.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.