Under ein raud måne
Poeten Kate Tempest er ute med ny plate – og på veg til Trænafestivalen.
Kate Tempest i aksjon på ein musikkfestial i New York.
Foto: Robert Altman / AP / NTB scanpix
Mollstemde pianoakkordar opnar The Book of Traps and Lessons, det nye albumet frå Kate Tempest, før røysta til poeten er å høyre på opningssporet «Thirsty»: «I came to under a red moon/ thirsty for water/ my eyes were like shovels in the soil of the sky.»
Nøye ordval
Kvart ord som følgjer, er nøye valt, og Tempest er god med ord, og ikkje berre som låtskrivar og artist – ho er ein av desse poetane som får det ho skriv, til å feste seg både på papir og frå scenekanten, og ho er i tillegg romanforfattar og dramatikar. Det dreier seg med andre ord om ein ordsmed som har ein særs velutvikla sans for korleis det ho ønskjer å seie, kan verte formidla i eit rom av lyttarar.
På The Book of Traps and Lessons har ho med seg Dan Carey, som ho har arbeidd mykje med opp gjennom åra, og i tillegg har den nærast myteomspunne produsenten Rick Rubin spela ei sentral rolle når det kjem til korleis dette nye materialet fekk høyrest ut. I fem år har dei arbeidd med albumet, i ei tid etter at den strålande debuten Everybody Down (2014) kom ut, og oppfølgjaren Let Them Eat Chaos (2016) har sett dagens lys.
Kritikaryndlingen Tempest, som vert nominert til, og vinn, prestisjetunge prisar både innanfor musikken og litteraturen i eitt bankande køyr, peikar seg ut som ein av dei klaraste og mest sentrale brubyggjarane mellom hiphopen og litteraturen. Dette har også gitt henne eit unikt spelerom, ikkje minst som performer – den eine kvelden framfører ho poesi i ein liten klubb, den neste er ho gjest hos Jimmy Fallon på The Tonight Show. Slik ekspanderer aktiviteten også i nye retningar, for det var på TV Rubin høyrde henne framføre poesi, som gjest på Charlie Rose, noko som fekk han til å ta ein telefon. The Book of Traps and Lessons kjem ut på plateselskapet hans.
Dirrande av konflikt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.