JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Tunghendt metal-musikal

Denne attforteljinga av Skjønnheten og udyret er ein vaklande interaktiv musikal med tvilsam moral.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1823
20210521
1823
20210521

Metal

Arnold Nesis:

Of Bird And Cage

Capricia
Productions

Det hender mykje på heimeunderhaldningsfronten i denne konsert- og festivalfattige tida. Til dømes kjem den interaktive indie-musikkvideoantologien The Longest Road On Earth ut neste veke, og denne veka kom Of Bird And Cage. Det er tale om ein israelsk symfonisk metal-musikal i spelformat som inneheld bidrag frå Bumblefoot frå Guns N’ Roses så vel som frå medlemmer av King Diamond og Evanescence. Musikken er òg tilgjengeleg som vanleg album.

Denne to timar lange, lause attforteljinga av Skjønnheten og udyret formidlar soga om ein gjennomtraumatisert og rusavhengig aspirerande metal-vokalist som blir undertrykt og mishandla av alle.

Symfonisk metal er ein sjanger som prøver å uttrykke heile spekteret av det menneskelege sjelslivet gjennom syntetiske strykeorkester, iherdige gitarriff og svulstig vokal som vekslar mellom opera- og metal-stil. Resultatet er ofte, om ikkje alltid, flatt og unyansert. Og når Of Bird And Cage kombinerer dette med musikalflosklar, blir det heile diverre så overtydeleg, overdrive, klisjéprega og pompøst at det nesten ikkje går an å ta inn over seg.

I lys av det som går føre seg i Gaza, er det vanskeleg å ikkje bli brydd av at moralen, som til liks med andre nylege soger signerte israelske auteurar beint fram ser ut til å vere at «alle» har både godt og vondt, Skjønnheten og udyret, i seg. Greitt nok, men ganske sjølvsagt, og det er på høg tid å bringe det menneskelege fellesskapet vidare mot inkludering og berekraft. Tvilstyngde, tunghendte og platte bodskapar har vi vel etter kvart fått servert nok av.

Rasmus Hungnes 

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis