«Revolution Rock»

Algiers går 2020 i møte med sosialt engasjert postpunk.

Algiers likar ikkje stempel som «protestmusikk».
Algiers likar ikkje stempel som «protestmusikk».
Publisert

«Dispossession is coming for you», er den klare meldinga i «Dispossession», andrelåten på There Is No Year, det hardtslåande nye albumet frå Algiers.

Så kva er det som kjem etter deg, eigentleg? Det ligg kanskje i samansetjinga av ordet at «dispossession» har med tap å gjere, sidan «possession» peikar mot ei eller ei form for eigedom. Og det er dit vokalist og gitarist Franklin James Fisher vil ta oss – til ei form for frårøving.

«Dispossession» er eit skrømt som heimsøkjer oss, seier multiinstrumentalist og bandmedlem Ryan Mahan i eit presseskriv: Imperialismen har framleis ei vedvarande makt, han fornektar dei forteljingane som ber vitnesbyrd om den fortida, notida og framtida han har skapt. Somme lesarar vil vite at «dispossession» har ein særleg plass i litteraturen rundt nyliberalismen, mellom anna i skrifter av den marxistiske geografen David Harvey.

Punk og gospel

Algiers lagar postpunk smått miksa med sørstatsgospel, men er altså også eit band som får omtalar i Socialist Review. I fleire intervju stadfestar bandet at dei ikkje likar stempel som «protestmusikk» eller «politisk rock», men at dei snarare meiner at kvar song er eit uttrykk for noko som har ei forankring i det politiske. Korleis ein no enn vel å formulere det, er There Is No Year prega av kraftfullt uttrykt, sosialt engasjert musikk.

Fisher og Mahan har kjent kvarandre og gitarist Lee Tesche sidan oppvekstår i den amerikanske sørstatsbyen Atlanta, og saman med Matt Tong på trommer utgjer dei Algiers. Sjølv bandnamnet reflekterer ei kritisk interesse for det politiske og for den seigliva kolonitida, sidan Algiers har teke namnet sitt frå byen som var hjartet i sjølvstendekrigen som gjorde Algerie fri frå Frankrike i 1960-åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement